Forskar på sosialarbeidarar i Norge og Wales

Tekst:

- Oppdatert

Tilsette ved Høgskulen i Volda har vore i Cardiff for å arbeide vidare med eit forskingsprosjekt som tek føre seg sosialarbeidarar sine arbeidsvilkår.

Høgskulen i Volda ved førsteamanuensis Alf Roger Djupvik, professor Tor-Johan Ekeland og førstelektor Vidar Myklebust (alle Avdeling for samfunnsfag og historie) har gått saman med kollegaer ved Cardiff University, professor Andy Pithouse, Dr. Alyson Rees og Dr. Charlotte Brookfield for å utvikle eit komparativt forskingssamarbeid.

Prosjektet tek føre seg sosialarbeidarar sine arbeidsvilkår i Wales og Norge, og ser spesielt på endringar over tid med omsyn til fagleg autonomi og høve for å utøve skjøn i arbeidet. 11. og 12. desember møttest forskarane i Cardiff for å vurdere resultata frå den felles undersøkinga. Resultata frå undersøkinga skal presenterast på the European Conference for Social Work Research 2018, i Edinburgh neste år. Forskarane tek sikte på å skrive ein til to internasjonalt publiserte artiklar saman.

Dette forskingssamarbeidet mellom HVO og Cardiff University er knytt til Ph.d.- studium i helse- og sosialfag: Profesjonsutøving - vilkår og utvikling, som HVO har saman med Høgskolen i Molde.

Del på