Fekk internasjonal merksemd

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Kjartan Leer-Salvesen

Målet med konferansen , som vart arrangert av Høgskolen i Oslo og Akershus, var å lukke noen kunnskapshull og fremme samarbeid i arbeidet mot vold mot gravide.

Førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda, Kjartan Leer-Salvesen, såg i sitt doktorgradsarbeid på lærarar og prestar si skjønnsutøving i spenninga mellom teieplikt, meldeplikt og avverjeplikt. Dette knytt opp mot å avverje omsorgssvikt, overgrep og vald i nære relasjonar. 

Etterspurd på engelsk

Ifølgje Leer-Salvesen har både Verdens helseorganisasjon (WHO) og FN satt i gang ei spesiell satsing i kampen mot vald mot gravide kvinner der ein har laga forpliktande handlingsprogram. I 2014 kom det også retningslinjer i Noreg som seier at alle gravide kvinner skal bli spurde om dei har vorte utsatt for vald, fysisk, seksuell eller psykisk vald. Ansvaret for å spørje er lagt til jordmødrene, men det viser seg at berre 41,5 prosent av jordmødrene spør alle dei gravide om dette.

– WHO var representert under konferansen og eg erstatta ein foredragshaldar frå FN som måtte melde avbod. Eg vart litt nervøs då eg fekk førespurnaden, men det gjekk veldig bra. Det var kjekt å få bidra under ein konferanse som sette eit tema som får internasjonal merksemd og er svært viktig på dagsordenen, seier Leer-Salvesen.

 Han tok mellom anna for seg grunnane til at prestar og lærarar i Noreg ikkje melder frå om vald mot barn og ungdom.

– Det er kjekt at det eg har forska på kan vere relevant internasjonalt. Eg fekk gode tilbakemeldingar frå deltakarar frå Mexico, Australia og Nepal. I deira heimland er det langt mindre fokus og forsking på dette temaet enn her heime. Dei oppmoda meg om å skrive på engelsk i framtida, då dei syntest det eg presenterte var både relevant og interessant.

Sjokkerande høge tal

1 av 25 kvinner har opplevd vald under minst eitt av svangerskapa sine her til lands. Familievald opplever mellom 75 000 og 150 000 personer i Noreg kvart år.

– Vald og overgrep i nære relasjonar er eit alvorleg folkehelseproblem. Når 50 norske kvinner er drepne av partneren sin i løpet av dei sju siste åra, viser det kor viktig dette teamet er.

I løpet av oppveksten vert 14,6 prosent barn vitne til familievald i Europa.

– Når ein går inn i det, er det sjokkerande høge tal. Det er difor Verdens helseorganisasjon no har laga ein handlingsplan for å betre denne situasjonen.

Fråskriv seg ansvar

Leer-Salvesen sitt hovudfunn i doktorgradsarbeidet peiker på at prestar og lærarar meiner at det ikkje er deira sitt ansvar å melde frå til politi eller barnevern når barn blir utsett for vald, omsorgssvikt eller overgrep.

– Dei svarar også at dei fryktar for å ta feil og at dei føler at dei ikkje har nok kunnskap på området, fortel, etikaren og teologen.

Lærarane viser gjerne til at dei meiner det er rektor og leiinga ved skulen sitt ansvar å melde ifrå, medan prestane ofte peikar på ungdommen sjølve.

– Prestane er redde for å bryte teieplikta, som dei igjen meiner kan bryte tilliten til ungdomane. Medan ungdomane sjølve, som har sterk tilknyting til familien sin, er redd for konsekvensane om dei meldar frå om familievold.

– Har lærarar og prestar eit større ansvar enn andre for å melde frå om dei har mistanke om slike forhold?

– På grunn av den profesjonen dei har må ein ha forventning om at dei ska skal ha ei større forståing om dette og særleg når dei er så tett på situasjonane. Men alle borgarar har plikt til å melde ifrå, slår Leer-Salvesen fast.

Del på