Birger Løvlie med i nytt internasjonalt forskingssamarbeid

Førsteamanuensis Birger Løvlie har fått tilbod om å delta i programmet Northern Scholars ved University of Edinburgh i studieåret 2007/2008. Programmet skal stimulere forskingssamarbeid mellom høgskular og universitet i Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Island på område der desse landa har felles interesser med Skottland.

Det vert satsa på fagfelt som lingvistikk, historie og kultur. Løvlie si deltaking inneber mellom anna studieopphald og førelesingar i Edinburgh i januar 2008, med vekt på skule – og kyrkjepolitikk på 1800-talet. Skulepolitikarar som Grundtvig, Nissen og Kaarstad fekk danningsideala sine påverka frå den andre sia av Nordsjøen.

Deltaking på dette programmet er eit høve til å utvikle vidare det samarbeidet som er oppretta når det gjeld masteren i kulturmøte, og det nye forskingsprosjektet ”Kulturperspektiv på møte mellom bønder og embetsmenn”. Den sentrale personen frå University of Edinburg er Dr. Andrew Newby, som var ved HVO i februar.

Birger Løvlie har i fleire år arbeidd med kulturell utveksling mellom Skottland og Norge. Dei første resultata vart publiserte i boka Vestavind. 1870-årenes debatt om kristenliv og kirkeordning under innflytelse fra Skottland. I haust kjem han med ei bok om salmediktaren Matias Orheim med meir stoff om desse kulturelle impulsane.

Det er laga ei ny heimeside for programmet og der vil ein litt etter litt kunne finne resultat av arbeidet:

Del på: