Forskargruppa for tidleg litterasitet/literacy i barnehage og skule

Med utgangspunkt i faga norsk, pedagogikk og praktisk-estetiske fag er denne forskingsgruppa opptatt av korleis arbeid med tidleg litterasitet kjem til uttrykk i barnehage og skule, og korleis barn utforskar språk og tekst i og utanfor institusjonane. Alle i forskingsgruppa har undervisningsansvar i lærarutdanningar.

Forskingsgruppa er såleis opptatt av korleis styrke arbeid med tidleg litterasitet både overfor studentar og overfor praksisfeltet. 
Vår forsking har som formål å undersøke fenomenet tidleg litterasitet eller early literacy utifrå ulike faglege perspektiv. Early literacy omhandlar det språklege arbeidet som blir lagt i perioden frå fødsel til om lag åtte år og inneber prosessar der barn tileignar seg både eit impressivt og ekspressivt vokabular. Utviklinga av barns munnlege språk gjennom samtalar, leik, høgtlesing med meir heng tett saman med og er ein del av innlemminga av barn i skriftsamfunnet. Arbeid med tidleg litterasitet inneber såleis å støtte og stimulere dei kunnskapar og ferdigheiter som ligg til grunn for at barn skal lykkast med å lære å lese og skrive i skulealder.

Aktivitet i gruppa

Forskargruppa møtest om lag tre gongar pr. semester og har manuskriptseminar, der nye og erfarne forskarar legg fram forskingsarbeid som er undervegs. Vi arrangerer også seminar med eksterne føredragshaldarar. Vi initierer forskingsprosjekt i samarbeid mellom alle eller nokre av medlemene i forskingsgruppa og deltek på konferansar.

Prosjekt

Skriftkvardagen til femåringane (2018-2020) – Gudrun Kløve Juuhl
Frå bok til leik (2019) – Hege Holmquist Synnes og Liv Kristin Bjørlykke Øvereng
Literacypraksisar i begynnaropplæringa: Ein studie av undervisningskvalitet med og utan nettbrett    (PhD 2019-2024) – Liv Kristin Bjørlykke Øvereng
Ideal og praksis i barnehagens kvardagsliv (2020) – Kari Ryslett og Liv Ingrid Aske Håberg


Vitskaplege publikasjonar

Håberg, L. I. A. (2019). Samlingsstund - tradisjonsberar eller nyskapar i arbeid med tidleg    litterasitet i barnehagen? Norsk pedagogisk tidsskrift 103(4): 288-299.

Juuhl, G. K. (2017). Nynorsk i skriftkvardagen til Matias, fire og eit halvt. I: E. Bjørhusdal og I. B. Budal (red.), Nynorsk med dei minste (s. 76-94). Oslo: Samlaget.
Vadstein, A. M. V. (2018). Skriftkultur i barnehøgd – Den vaksne som tilretteleggar for nynorsk    språkstimulering i barnehagen (masteroppgåve). Volda: Høgskulen i Volda.

Populærvitskaplege publikasjonar

Juuhl, G. K. (2017). Å skriva på nynorsk i barnehagen. I: E. Bjørhusdal og I. B. Budal (red.), Nynorsk med dei minste (s. 192-196). Oslo: Samlaget
Vadstein, A. M. V. (2017). Nynorsk på nett. I: E. Bjørhusdal og I. B. Budal (red.), Nynorsk med dei minste (s. 105-109). Oslo: Samlaget
Øvereng, L. K. B. (2017). Litteratur på nynorsk – ei ny verd opnar seg. I: E. Bjørhusdal og I. B. Budal (red.), Nynorsk med dei minste (s. 95-104). Oslo: Samlaget


Leiarar og kontaktpersonar:

Førsteamanuensis Liv Ingrid Aske Håberg 
E-post: lih@hivolda.no
Telefon 70075357

Førsteamanuensis Gudrun Kløve Juuhl
E-post: juuhl@hivolda.no
Telefon 70075454

Medlemar

Einarsdòttir, Septìna Selma, høgskulelærar Institutt for pedagogikk septina.selma.einarsdottir@hivolda.no

Gjelsten, Monica, høgskulelektor Institutt for språk og litteratur monica.gjelsten@hivolda.no

Håberg, Liv Ingrid Aske, førsteamanuensis Institutt for pedagogikk lih@hivolda.no

Juuhl, Gudrun Kløve, førsteamanuensis Institutt for språk og litteratur gudrun.klove.juuhl@hivolda.no

Ryslett, Kari, høgskulelektor Institutt for realfag kari.ryslett@hivolda.no

Saure, Ingrid Løvik, høgskulelektor Institutt for språk og litteratur ingrid.lovik.saure@hivolda.no

Synnes, Hege Holmqvist, høgskulelektor Dramaseksjonen Hege.Holmqvist.Synnes@hivolda.no

Vadstein, Anne Marta Vinsrygg, høgskulelektor Nynorsksenteret anne.marta.vadstein@nynorsksenteret.no

Øvereng, Liv Kristin Bjørlykke, høgskulelektor/stipendiat Nynorsk senteret/Institutt for språk og litteratur liv.kristin.bjorlykke.Overeng@hivolda.no