Studer mediefag i Volda!
Studer media og journalistikk i Volda!
Tett samarbeid med bransjen, det nyaste utstyret og praktisk retta undervisning gjer at studentane frå Volda er attraktive i mediebransjen. Høgskulen i Volda har utdanna anerkjente mediefolk, journalistar, animatørar og kommunikatørar i over 50 år. I 2021 opna det nye mediehuset vårt.
A practical Media master's degree, where students from the various media professions meet.
Mediefaga har om lag 500 studentar fordelt på dei ulike studieretningane. I undervisninga blir det lagt vekt på at teori og praksis går hand i hand – dette er mogleg på grunn av dei gode interne og eksterne praksisordningane. Høgskulen har eit godt og nært forhold til dei ulike bransjemiljøa både her i Noreg og i utlandet – som kjem studentane til gode både i undervsining og når dei skal ut i praksis og skaffe seg jobb.
Her er eit uval av medieutdanningar vi tilbyr:
Randi Fuglehaug
Redaktør i Dagbladet eller kanskje jobb i utlandet? Bli med når Randi fortel om kontaktane, praksisen og moglegheitene du kan oppnå ved å studere journalistikk på Høgskulen i Volda. Her kan du høyre podkasten.
Gode grunnar til å studere mediefag i Volda:
Mykje praksis: Du har tilgang på utstyr 24 timar i døgnet hos oss. Vi har mykje internpraksis og særs gode avtalar for ekstern praksis. Vi opplever at studentane våre er erfarne når dei er ferdig utdanna.
Topp utstyr og spesialrom: Utstyret du har tilgang til hos oss tilsvarar det du ville brukt i jobb. Vi har radio- og tv-studio, animasjonsverkstad og alt du treng av spesialrom for å bli god og ha det kjekt.
Tett samarbeid med bransjen og godt nettverk: Høgskulen har eit godt og nært forhold til dei ulike bransjemiljøa både her i Noreg og i utlandet. Det betyr også at vi har mange dyktige gjesteforelesarar på besøk hos oss, og at du får gode kontakter gjennom studietida. Også medstudentane dine vert verdifulle kontakter, i tillegg til at du mest sannsynleg vil få vener for livet.
Studieopphald i utlandet: Høgskulen i Volda er ein av dei beste på internasjonal studentutveksling. På campus har vi mange utanlandske studentar. I løpet av medieutdanninga kan du velje å studere i utlandet – vi har mange aktuelle samarbeidspartar.
Nytt mediebygg: I 2021 fekk Høgskulen i Volda splitter nytt mediebygg, tilpassa ei medieutdanning for framtida.
Verdas beste studiemiljø: Å vere student i Volda gir deg opplevingar og vener for livet! Les gjerne meir om dette og sjå intervju med noverande og tidlegare studentar under.
Maiken Mathisen sin største lidenskap er å arbeide med kultur og å engasjere seg for å få ungdomar inn i kulturlivet. Etter å ha studert medieproduksjon ved Høgskulen i Volda, arbeidar ho no ved Det Norske Teatret som innhaldsprodusent for kommunikasjonsavdelinga.