Språk og litteratur - engelsk og norsk

Bachelorgrad

Studieprogrammet gjev deg kunnskap om språk og litteratur frå dei nordiske og engelske språkområda, og kunnskap om språk og kultur frå notid og fortid. Du blir kvalifisert for jobbar der det er bruk for språk- og tekstkompetanse, både i offentleg og privat sektor som til dømes kommunikasjons- og informasjonsarbeid, arbeid i forlag, bibliotek og arkiv.

Om du ønskjer å bli lærar og undervise i skuleverket, må du bygge på med ei mastergrad for å få opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), som gir undervisningskompetanse. Høgskulen i Volda tilbyr mellom anna Master i skriftkulturar.

  • Heiltid
  • Varigheit 6 semester (3 år)
  • 180 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2023 - 15.04.2023
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse.

  • Studieplan

Innblikk i studiekvardagen

Helene Rodahl Fagermo

Helene Rødahl Fagermo har studert Bachelor i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda. Les hennar erfaringar her.

Hele Rødahl Fagermo, Foto: Privat
Foto: Privat

Studieprogrammet Bachelor i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda var ei flott moglegheit til å fordjupe meg innan norskfaget.

I jobben min som norsklærar i den vidaregåande skulen har eg hatt god nytte av kunnskapen eg tileigna meg på studiet.

Vi lærte mellom anna om det norske språksystemet, litteraturteori og analysemetodar, noko som var med på å gje meg oversikt over fagfeltet og eit nyttig omgrepsapparat.

Eg er veldig glad i litteratur, og fann derfor emna «Litteratur og sjukdom» og «Livshistorier: biografi og roman» særleg interessante.

Fagstoffet vi lærte om i desse emna har eg hatt god nytte av i undervisninga, og det vil nok berre bli enda meir aktuelt etter innføringa av fagfornyinga LK2020, der «Tekst i kontekst» er eit av kjerneelementa.

Som student opplevde eg å bli tatt på alvor, og det var alltid rom for diskusjonar under forelesingane.

Eg fekk grundig rettleiing på arbeidskrava mine, noko som gav nyttig innsikt i korleis eg kunne forbetre skriveferdigheitene mine.

Eg anbefaler derfor studiet til alle som har ei interesse for nordisk språk og litteratur, og som kunne tenkje seg å utvikle språk- og tekstkompetansen sin.

 

Helene Rødahl Fagermo

Kristina Roald sosialt

Kristina Roald har alltid vært interessert i hvordan språk blir brukt og hvordan språket vårt forgreiner seg ut fra det store internasjonale språktreet. Da føltes det naturlig å velge seg en utdanning i språk og litteratur fra Høgskulen i Volda. Som en bonus fikk hun mulighet til å reise utenlands og øve seg på ordentlig britisk aksent!

Kristina Roald har alltid vært interessert i hvordan språk blir brukt og hvordan språket vårt forgreiner seg ut fra det store internasjonale språktreet. Da føltes det naturlig å velge seg en utdanning i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda. Som en bonus fikk hun mulighet til å reise utenlands og øve seg på britisk aksent! 

Spesielt tilrettelagt utvekslingsavtale

På bachelorstudiet i språk og litteratur kan man velge om man ønsker å spesialisere seg i norsk (nordisk) eller engelsk. Kristina valgte engelsk og fikk derfor muligheten til å dra på utveksling til Storbritannia og England. Siden høgskolen har en samarbeidsavtale med Det norske studiestedet ved Universitetet i York, valgte hun å dra dit.

– York ligger nordøst i landet, og det gjør det veldig enkelt å kunne reise rundt på dagstur til andre deler av landet. York er også kjent for å være en del av den gamle vikingbyen Jordvik, så vi har en del nordisk historie, i tillegg til de andre fagene vi går igjennom i løpet av semesteret. Det er også veldig gøy å kunne lære seg norsk vikinghistorie – se stedene hvor de reiste inn, og se hvor de store slagene har vært for nesten tusen år siden, sier Kristina. Hun legger også til at Storbritannia åpnet opp tidligere enn Norge under pandemien, så det har vært veldig bra å kunne gjøre sosiale ting sammen som å kunne gå på bar, kino eller teater når det var nedstengt hjemme. 

Studieinnhald

Som bachelorstudent i språk og litteratur kan du velje å leggje mest vekt på norsk (nordisk) eller engelsk, og du har høve til å fordjupe deg i språklege eller litterære tema. Du skal opparbeide kompetanse i bruk av sentrale metodar i språk- og litteraturforsking for å kunne analysere språklege og litterære uttrykk på ein sjølvstendig og kritisk måte.

 

Praksis og utveksling i utlandet

Frå og med tredje semesteret kan du ta 30 studiepoeng ved ein godkjend lærestad i utlandet. Dersom du ønskjer å spesialisere deg i engelsk språk eller litteratur, er Det norske studiesenteret ved Universitetet i York ein aktuell studiestad. Vi rår også mellom anna til studieopphald ved våre samarbeidsinstitusjonar i Australia, Estland, Frankrike og USA.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga i studiet varierer mellom førelesingar, seminar og nettbasert undervisning. 

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
 

Aktuelle yrke og vidare studium

Med ein Bachelor i språk og litteratur er du kvalifisert for jobbar der det er bruk for språk- og tekstkompetanse, både i offentleg og privat sektor. Dette gjeld mellom anna i undervisning, informasjonsarbeid, presse, forlag, bibliotek og arkiv. Studiet kvalifiserer for opptak til Master i skriftkulturar eller andre mastergradar ved Høgskulen i Volda og ved andre høgskular og universitet.

Vil du bruke utdanninga i skulen, må du no ha ei mastergrad og bygge på med eittårig Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

Studieplan

Språk og litteratur - bachelor

Studieprogram: 
Språk og litteratur - bachelor
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2023
Studieplassar: 
10
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Om studiet

Studieprogrammet tilbyr utdanning i språk og litteratur frå dei nordiske og engelske språkområda, og gjev innsyn i språk og kultur frå notid og fortid. Studenten kan velje å leggje mest vekt på norsk (nordisk) eller engelsk, og har høve til å fordjupe seg i språklege eller litterære tema. Studieprogrammet har ulike kompetansemål alt etter dei emnevala studenten gjer. 

Spesialisering innanfor norsk (nordisk) eller engelsk kvalifiserer for opptak til Master i skriftkulturar ved Høgskulen i Volda og andre relevante masterstudium ved høgskular og universitet i Noreg og i utlandet. Mastergrad med eit undervisningsfag (som norsk eller engelsk) er grunnlag for opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), som gjev undervisningskompetanse i skuleverket. Dei som skal undervise i skulefaga norsk og engelsk må ha eit minimum av både litterære og språklege emne.

Studieprogrammet gjev kompetanse til å arbeide der ein treng språk- og/eller tekst- og kulturkompetanse. Dette gjeld mellom anna informasjonsarbeid, arbeid i presse, forlag, bibliotek og arkiv, og arbeid på internasjonalt og tverrkulturelt nivå.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

* Studenten skal ha kunnskap om språket, litteraturen og kulturen i det nordiske og/eller det engelskspråklege området.

* Studenten skal kjenne til sentrale metodar i språk- og litteraturforsking.

Ferdigheiter

* Studenten skal kunne analysere språklege og litterære uttrykk på ein sjølvstendig og kritisk måte.

Generell kompetanse

* Studenten skal kunne utforme fagtekstar på norsk og/eller engelsk språk.

Organisering og arbeidsmåtar

Studenten kan velje mellom nordisk og engelsk fordjuping.

60 studiepoeng frå eit årsstudium på 100-nivå og 30 studiepoeng på 200-nivå (inklusiv bacheloroppgåve) er obligatorisk i det studiet studenten vel å fordjupe seg i (norsk eller engelsk).

Innføringsemna EXP100 og REL142 er obligatoriske i Bachelorgrad i språk og litteratur, og vert tilbydd i haustsemesteret. Studenten bør ta desse emna det første semesteret. 

I studiemodellen nedanfor vil det gå fram kva for emne som er tilgjengelege i studieløpet. Merk at ein ikkje vil kunne ta fordjupingsemne før tredje semesteret pga. kravet til forkunnskapar. Tilsvarande vil ikkje bacheloroppgåve vere mogleg å skrive før ein har 75 studiepoeng fordelt på fire grunnemne og eitt fordjupingsemne i same fagkrinsen. 

Navn: 
Språk og litteratur - bachelor (fordjuping i norsk (nordisk))
Emne2023 Haust2024 Vår2024 Haust2025 Vår2025 Haust2026 Vår
Obligatoriske grunnemne (til saman 75 studiepoeng):
30301515
 
10
 
5
 
1515
 
1515
 
15
 
15
Vel fordjupingsemne og bacheloroppgåve (til saman 30 studiepoeng):
15153030
 
Språk, vel eitt fordjupingsemne i tillegg til bacheloroppgåva
 
 
1515
 
 
1515
 
 
151515
 
Litteratur, vel eitt fordjupingsemne i tillegg til bacheloroppgåva
 
 
1515
 
 
1515
 
 
1515
 
 
151515
Støtteemne (til saman 75 studiepoeng). Vi rår til at studentane vel emne innanfor same emnegruppe, t.d. 60 studiepoeng engelsk. Det er også mogleg å ta ytterlegare eit fordjupingsemne som støtteemne i anten norsk (nordisk) eller engelsk.
 
Utveksling/internasjonalisering
30
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
15
 
15
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
Navn: 
Språk og litteratur - bachelor (fordjuping i engelsk)
Emne2023 Haust2024 Vår2024 Haust2025 Vår2025 Haust2026 Vår
Obligatoriske grunnemne (til saman 75 studiepoeng):
30301515
 
10
 
5
 
1515
 
1515
 
15
 
15
Vel fordjupingsemne og bacheloroppgåve (til saman 30 studiepoeng):
15153030
 
Språk:
 
 
1515
 
 
1515
 
Litteratur:
 
 
1515
 
 
1515
Støtteemne (til saman 75 studiepoeng). Vi rår til at studentane vel emne innanfor same emnegruppe, t.d. 60 studiepoeng norsk (nordisk). Det er også mogleg å ta ytterlegare eit fordjupingsemne som støtteemne i anten norsk (nordisk) eller engelsk.
 
Utveksling/internasjonalisering
30
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
15
 
15
 
15
 
15
 
15
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
Internasjonalisering

Studentar blir oppmoda om å ta eit semester i utlandet, til dømes ved Det norske studiesenteret i Storbritannia eller ein annan partnarinstitusjon i utlandet. Ein bør ha 60 studiepoeng i det faget ein vil studere før ein dreg ut.

Studentar kan velje om dei vil reise i haust- eller vårsemesteret, men vi rår til at ein reiser i semester 5 (som er om hausten). Om ein følgjer den tilrådde planen for bachelorgraden, vil ein då ha 75 studiepoeng i obligatoriske grunnemne, eitt fordjupingsemne og to støtteemne før ein reiser ut, altså til saman 120 studiepoeng.

Ansvarleg
Anders Aanes
  • Heiltid
  • Varigheit 6 semester (3 år)
  • 180 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2023 - 15.04.2023
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse.

  • Studieplan
Søk studieplass!

Søknadskode : 223 891

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt