Årsstudium

Norsk (nordisk)

Studiet gir deg mellom anna ei generell innføring i dei litterære hovudsjangrane og språkkunnskap. Tilhøvet mellom språk og samfunn er også ein viktig del av studiet.

Start:
Haust
Omfang:
Deltid Samlingar Heiltid
Studiepoeng:
60
Varigheit:
Inntil 4 semester (2 år)
Studietype:
Årsstudium
Søk frå:
01.02.2026 - 15.04.2026

Kva lærer du?

Årsstudiet gir deg grunnleggande kunnskapar om norsk språk og litteratur i fortid og notid. Du skal opparbeide kompetanse til å kunne forstå og gjere greie for korleis språk og tekst fungerer i ulike samanhengar. I tillegg får du ei generell innføring i språkkunnskapar, dei litterære hovudsjangrane og den litterære produksjonen i tre ulike periodar. Det blir lagt vekt på å analysere tekstane i ein kulturell og historisk samanheng. 

Studiet gir deg gode og relevante kunnskapar, som er naudsynte, anten du vil bli norsklærar eller bruke fagkunnskapen i andre samanhengar. Dette kan til dømes vere informasjonsarbeid og arbeid i presse og forlag.

Vil du studere vidare?

Om du ønskjer å studere vidare innanfor fagfeltet, vil du få godskrive Norsk (nordisk) årsstudium i Bachelor i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Normert studietid for deltidsstudentar er to år. Undervisinga blir gitt gjennom samlingar og oppgåveskriving med individuell rettleiing. Du har fire emne på 15 studiepoeng – to i språkkunnskap og to i litteraturkunnskap. Kvart emne har fire samlingar. For å få godkjent utdanninga må ein ta eksamen i alle fire emna og skrive to eksamensoppgåver på bokmål og to på nynorsk. I evalueringa av eksamenssvar blir det lagt vekt på både faglege og språklege ferdigheiter. Årsstudium i norsk (nordisk) vert også tilbydd som nettstudium.

Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Årsstudiet i norsk gir deg gode og relevante kunnskapar, som er naudsynte, anten du vil bli norsklærar eller bruke fagkunnskapen i andre samanhengar. Dette kan til dømes vere informasjonsarbeid og arbeid i presse og forlag. Norsk (nordisk) årsstudium kan godskrivast i Bachelor i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda. 

Studieplan - Deltid

Norsk (nordisk) - årsstudium (deltid)

Studieprogram: 
Norsk (nordisk) - årsstudium (deltid)
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
4 semester
Kull: 
2026
Studieplassar: 
10
Studietype: 
Årsstudium
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

Studiet kan utgjere ein del av ein bachelorgrad (t.d. Bachelor i språk og litteratur) og kan nyttast som grunnlag for fordjuping i norsk. Med sin særeigne kulturprofil gir studiet også eit godt grunnlag for opptak til Master i skriftkulturar ved Høgskulen i Volda. Gjennom studiet skal studentane tileigne seg kunnskapar som er naudsynte anten dei skal bli norsklærarar eller bruke fagkunnskapen i andre yrkessamanhengar der ein treng kompetanse i norsk språk og litteratur. Det gjeld mellom anna informasjonsarbeid og arbeid i presse eller forlag. Undervisninga i det samlingsbaserte årsstudiet blir gitt gjennom samlingar (fire samlingar pr. emne) og oppgåveskriving med individuell rettleiing.

Læringsutbytte

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Studenten skal

  • ha grunnleggande kunnskapar om norsk (nordisk) språk og litteratur i fortid og notid
  • vere i stand til å gjere greie for korleis språk og tekst fungerer i praktisk og kulturell samanheng
Ferdigheiter

Studenten skal vere fortruleg med metodiske hovudprinsipp for analyse av språk og tekst i ulike sjangrar

Generell kompetanse

Studenten skal

  • kunne formulere ein samanhengande, resonnerande tekst i samsvar med generelle krav til akademisk oppgåveskriving
  • ha solide ferdigheiter i nynorsk og bokmål
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er sett saman av fire emne på 15 studiepoeng kvar, to i språkvitskap og to i litteraturvitskap. Kvart emne er delt inn i tre tyngdepunkt. Dei to haustemna gir grunnleggande innføring i nordisk språk- og litteraturvitskap. I vårsemesteret har både det språklege og det litterære emnet eit kulturelt perspektiv:

  • NO111S: Språket som struktur gir studentane generell innføring i språkkunnskap, og emnet gir eit felles grunnlag for studiet av norsk (nordisk) språk.
  • NO112S: Språket som kultur tek for seg språket i fortid og notid og gir studenten teoretisk innsikt i forholdet mellom språk og samfunn.
  • NO113S: Tekst og struktur gir innføring i dei litterære hovudsjangrane. Pensum er sett saman av sjangerteori, litteraturhistorie og eit utval tekstar.
  • NO114S: Tekst og kultur gir innføring i den litterære produksjonen i tre ulike periodar. Det blir lagt vekt på å analysere tekstane i ein kulturell og historisk samanheng.

Studentane tek eksamen i kvart emne. For å få godkjent studiet som årsstudium må ein ta eksamen i alle fire emna og skrive arbeidskrav og eksamensoppgåver i to av emna på bokmål og i to av emna på nynorsk. I evalueringa av eksamenssvara blir det lagt vekt både på fagleg og språkleg dugleik. Utfyllande informasjon om arbeidskrav, frammøte og eksamen står i emneplanane.

Norsk (nordisk) - årsstudium (deltid)
Navn: 
Norsk (nordisk) - årsstudium (deltid)
Emne2026 H2027 V2027 H2028 V
Heiltidsstudenten vel to emne i kvart semester, deltidsstudenten vel eitt emne i kvart semester
15151515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
Praksis

Det er ikkje praksis knytt til studiet.

Ansvarleg
Anemari Neple