Språk og litteratur
Bachelorgrad
Studiet gir deg kunnskap om språk og litteratur frå dei nordiske og engelske språkområda, og kunnskap om språk og kultur frå notid og fortid. Med ein Bachelor i språk og litteratur er du kvalifisert for jobbar der det er bruk for språk- og tekstkompetanse, både i offentleg og privat sektor.
- Heiltid
- Varigheit 6 semester (3 år)
- 180 studiepoeng
- Start haustSøknadsfrist 15.04.2021
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
- Studieplan
Studieinnhald
Som student ved Bachelor i språk og litteratur kan du velje å leggje mest vekt på norsk (nordisk) eller engelsk, og du har høve til å fordjupe deg i språklege eller litterære tema. Du skal opparbeide kompetanse i bruk av sentrale metodar i språk- og litteraturforsking, for å kunne analysere språklege og litterære uttrykk på ein sjølvstendig og kritisk måte.
Mastergrad med eit undervisningsfag (som norsk eller engelsk) er grunnlag for opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), som gjev undervisningskompetanse i skuleverket. Dei som skal undervise i skulefaga norsk og engelsk må ha eit minimum av både litterære og språklege emne.
Praksis og utveksling i utlandet
Frå og med tredje semesteret kan du ta 30 studiepoeng ved ein godkjend lærestad i utlandet. Dersom du ønskjer å spesialisere deg i engelsk språk eller litteratur, er Det norske studiesenteret ved Universitetet i York ein aktuell studiestad. Vi rår også mellom anna til studieopphald ved våre samarbeidsinstitusjonar i Australia, Estland, Frankrike og USA.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga i studiet varierer mellom førelesingar, seminar og nettbasert undervisning.
Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Aktuelle yrke og vidare studium
Med ein Bachelor i språk og litteratur er du kvalifisert for jobbar der det er bruk for språk- og tekstkompetanse, både i offentleg og privat sektor. Dette gjeld mellom anna i undervisning, informasjonsarbeid, presse, forlag, bibliotek og arkiv. Studiet kvalifiserer for opptak til Master i skriftskulturar eller andre mastergradar ved Høgskulen i Volda og ved andre høgskular og universitet.
Vil du bruke utdanninga i skulen, må du no ha ei mastergrad og byggje på med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).
Studieplan
Bachelor i språk og litteratur
Studieprogrammet tilbyr utdanning i språk og litteratur frå dei nordiske og engelske språkområda, og gjev innsyn i språk og kultur frå notid og fortid. Studenten kan velje å leggje mest vekt på norsk (nordisk) eller engelsk, og har høve til å fordjupe seg i språklege eller litterære tema. Studieprogrammet har ulike kompetansemål alt etter dei emnevala studenten gjer. Med spesialisering innanfor nordisk kvalifiserer studiet for opptak til masterstudiet i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda og andre relevante masterstudium ved høgskular og universitet i Noreg og i utlandet. Med fordjuping i engelsk kvalifiserer studiet for relevante masterstudium i Noreg eller i utlandet. Mastergrad med eit undervisningsfag (som norsk eller engelsk) er grunnlag for opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), som gjev undervisningskompetanse i skuleverket. Dei som skal undervise i skulefaga norsk og engelsk må ha eit minimum av både litterære og språklege emne. Programmet kvalifiserer for arbeidslivet elles der ein treng språk- og/eller tekst- og kulturkompetanse. Dette gjeld mellom anna informasjonsarbeid, arbeid i presse, forlag, bibliotek og arkiv samt arbeid på internasjonalt og tverrkulturelt nivå.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
* Studenten skal ha kunnskap om språket, litteraturen og kulturen i det nordiske og/eller det engelskspråklege området.
* Studenten skal kjenne til sentrale metodar i språk- og litteraturforsking.
* Studenten skal kunne analysere språklege og litterære uttrykk på ein sjølvstendig og kritisk måte.
* Studenten skal kunne utforme faglege tekstar på norsk og/eller engelsk språk.
Studenten kan velje mellom nordisk og engelsk fordjuping. Ex. fac. (HUM101) er obligatorisk i Bachelorgraden i språk og litteratur, og vert tilbydd i haustsemesteret. Det er tilrådd å ta emnet i 1. semester, men studenten kan be om å få ta emnet i 3. eller 5. semester i staden. 60 stp på 100-nivå og 30 stp på 200-nivå er obligatorisk i det studiet studenten vel å fordjupe seg i (norsk eller engelsk). Dei 60 stp på 100-nivå må i samansetting tilsvare årsstudium i det relevante faget.
Emne | 2021 Haust | 2022 Vår | 2022 Haust | 2023 Vår | 2023 Haust | 2024 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske grunnemne | 30 | 30 | 15 | 15 | ||
15 | 15 | 15 | ||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Vel fordjuping og støttemne | 15 | 15 | 30 | 30 | ||
Språk, vel eitt fordjupingsemne i tillegg til bacheloroppgåva | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | 15 | ||||
Litteratur, vel eitt fordjupingsemne i tillegg til bacheloroppgåva | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | 15 | ||||
Støtteemne | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Sum | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
Emne | 2021 Haust | 2022 Vår | 2022 Haust | 2023 Vår | 2023 Haust | 2024 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske grunnemne | 30 | 30 | 15 | 15 | ||
15 | 15 | 15 | ||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Vel fordjuping og støttemne | 15 | 15 | 30 | 30 | ||
Språk, vel eitt fordjupingsemne i tillegg til bacheloroppgåva | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Litteratur, vel eitt fordjupingsemne i tillegg til bacheloroppgåva | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | 15 | |||||
Støtteemne | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Sum | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
Studentar blir oppmoda om å ta eit semester i utlandet, til dømes ved Det norske studiesenteret i Storbritannia eller ein annan partnarinstitusjon i utlandet. Ein bør ha 60 stp i det faget ein vil studere før ein dreg ut.
- Heiltid
- Varigheit 6 semester (3 år)
- 180 studiepoeng
- Start haustSøknadsfrist 15.04.2021
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
- Studieplan
Søknadskode : 223 891