Årsstudium

Engelsk

Studiet gir deg ei grunnleggande innføring i engelskfaget sine akademiske disiplinar: språk, litteratur og kultur. Engelsk er i dag det viktigaste språket i verda. Det er morsmål for om lag 400 millionar menneske og eit viktig andrespråk for mange fleire

Engelsk
Start: 
Haust Vår
Omfang: 
Deltid Nettstudium Heiltid
Studiepoeng: 
60
Varigheit: 
Inntil 4 semester (2 år)
Studietype: 
Årsstudium
Søk frå: 
01.11.2026

Studiet har løpande opptak.

Kva lærer du?

Du skal tileigne deg god forståing av grammatikk, leksikologi, fonetikk og variantar av engelsk, og lære å bruke denne kunnskapen, skriftleg og munnleg, i ulike situasjonar. Gjennom møte med ulike tekstar, både munnlege og skriftlege, får du utvide det engelske vokabularet og tileigne deg den kulturelle kunnskapen du treng for å bruke språket korrekt. Du vil i tillegg få kunnskapen og ferdigheitene du treng for å forstå den historiske utviklinga av litteraturen, kulturen og samfunnet i den engelskspråklege verda.

Studiet vi førebu studentane til arbeid som krev gode kunnskapar i skriftleg og munnleg engelsk, gode kommunikasjonsferdigheiter, kunnskap om litteratur og kultur, kritisk tenking, og evne til å analysere og presentere kompleks informasjon. Slike ferdigheiter er sentrale innan til dømes omsetjing, museums- og bibliotekarbeid, anna kulturarbeid, og journalistikk. 

Vil du studere vidare?

Om du ønskjer å studere vidare innanfor fagfeltet, kvalifiserer årsstudiet for vidare studium i engelsk på fordjupingsnivå, og kan godskrivast i Bachelor i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda.  

Studiet med oppstart hausten 2026 er fullteikna og dermed stengt for søknader. Neste opptak opnar 1. november, med oppstart våren 2027.

Meir informasjon om studiet

Undervisninga går føre seg på nett, på læringsplattforma Canvas. Leksjonane vert lagt ut ein til to gongar i veka og studenten kan studere dei ved høve. Kvar leksjon tek føre seg eit spesifikt tema og kombinerer tekst, bilete, lyd og video, samt diskusjonsforum. Det vert også lagt opp til nokre liveseminar. Studiet kan takast anten på heiltid (1 år) eller deltid (2 år).

Årsstudiet gir deg etterspurt kompetanse til jobbar i skule, reiseliv, administrasjon, forlag, og andre stadar der det blir krevd gode engelskkkunnskapar

Studiet kvalifiserer for vidare studium i engelsk på fordjupingsnivå og kan godskrivast i Bachelor i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga blir gitt gjennom nettleksjonar og oppgåveskriving med rettleiing. Endeleg vurdering skjer ved individuell skriftleg eksamen på nett. Det er høve til å delta i campus-studiet sitt to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i Storbritannia, York.

Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

ENG141N Grammar and Lexicology

Teaching on this course begins in Week 34. There will be an online webinar that will provide an overview and practical information about the course on Wednesday 19 August from 14.30-16.30.

Once you have registered for the course, you will be given access to the Canvas room where you will be able to find the full course schedule and all the information you need. You should read all the information provided on Canvas before the online seminar on August 19.

You can find the complete reading list for this course here.

If you would like to get ahead with your reading, we recommend you start with chapters 1, 2, 3, 5 and 6 of An Introduction to English Lexicology: Words, Meaning and Vocabulary (3rd edition) by Jackson and Zé Amvela, E. (2022).

 

ENG142N Literature, Culture and Society after 1900

The first lesson will be posted on Monday 17 August.

Once you have registered for the course, you will be given access to the Canvas room where you will be able to find the full course schedule. This includes all the dates for the individual lessons, the non-obligatory live seminars, the assignments and the exam, along with the course compendium.

You can find the complete reading list for this course here.

If you would like to get ahead with your reading before the start of the semester, we recommend you begin with Ali Smith’s novel Autumn and/or one or more of the other books listed at the top of the reading list.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og minimum karakteren 4 i fellesfag engelsk. Eventuelt engelsk fordjuping på vidaregåande skule, eller engelsk i høgre utdanning på minimum 15 stp. 

Studieplan

Engelsk - årsstudium (nettstudium, deltid/heiltid)

Studieprogram: 
Engelsk - årsstudium (nettstudium, deltid/heiltid)
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
4 semester
Kull: 
2026
Studieplassar: 
130
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Heiltid
Deltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse med minimum karakteren 4 i fellesfag engelsk frå vidaregåande skule (eller tilsvarande).

Om studiet

Engelsk er i dag det viktigaste språket i verda. Det er morsmål for om lag 400 millionar menneske og eit viktig andrespråk for mange fleire. Engelsk nettstudium gir ei grunnleggande innføring i engelskfaget sine akademiske disiplinar: språk, litteratur og kultur. I språkemna vil studentane tileigne seg god forståing av grammatikk, leksikologi, fonetikk og variantar av engelsk, og dei vil lære å bruke denne kunnskapen, skriftleg og munnleg, i ulike situasjonar. Studentane får utvikle språkkunnskapane sine vidare i litteratur- og kulturemna. Gjennom møte med ulike tekstar, både munnlege og skriftlege, får studentane utvide det engelske vokabularet sitt og tileigne seg den kulturelle kunnskapen dei treng for å bruke språket korrekt i ulike kontekstar. Dei vil i tillegg få kunnskapen og ferdigheitene dei treng får å forstå den historiske utviklinga av litteraturen, kulturen og samfunnet i den engelskspråklege verda fram til i dag.

Programmet kvalifiserer for vidare studium og kan nyttast i eit mangfald av karrierar. Etter fullført studium, kan studentane gå vidare til eit bachelorprogram og deretter eit masterprogram, som til dømes bachelorgraden i språk og litteratur og mastergraden i skriftkulturar ved Høgskulen i Volda. For studentar som allereie har ein mastergrad, vil årsstudiet kvalifisere til arbeid som engelsklærar i skulen, i kombinasjon med PPU (praktisk-pedagogisk utdanning). Studiet vil også førebu studentane til arbeid som krev gode kunnskapar i skriftleg og munnleg engelsk, gode kommunikasjonsferdigheiter, kunnskap om litteratur og kultur, kritisk tenking, og evne til å analysere og presentere kompleks informasjon. Slike ferdigheiter er sentrale innan til dømes omsetjing, museums- og bibliotekarbeid, anna kulturarbeid, og journalistikk. Nokre av arbeidskrava på programmet vil vere relevante for arbeidslivet.

Ein rår til at studentar som vel å ta nettstudiet i engelsk allereie har gode skriftlege og munnlege engelskferdigheiter, og dei må vere budde på å lese eit stort utval eldre og moderne tekstar.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om engelsk grammatikk, leksikologi, fonetikk og ulike skriftlege og munnlege variantar
  • har kunnskap om strukturarar og funksjonar i det engelsk språket
  • har kunnskap om kultur, litteratur og samfunn i den engelskspråklege verda
  • har kunnskap om akademisk skriving og kjeldebruk
  • har kunnskap om den stilistiske og kulturelle konvensjonane som påverkar språkbruk i ulilke situasjonar
  • har kunnskap om digitale ressursar som er relevante for engelsk språk, litteratur, kultur og samfunn
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan identifisere og analysere språkstrukturar i engelsk knytt til grammatikk, leksikologi, fonetikk og variantar
  • kan analysere og diskutere litteraturen, kulturen og samfunnet i den engelskspråklege verda
  • kan bruke engelsk på ein korrekt og kommunikativ måte, både i skrift og tale
  • kan bruke digitale ressursar som er relevante for engelsk språk, litteratur, kultur og samfunn
Generell kompetanse

Studenten:

  • kan halde fram med å utvikle kunnskapane sine om engelsk språk, litteratur, kultur og samfunn, anten gjennom vidare studium eller andre situasjonar
  • kan bruke kunnskapane sine om engelsk språk, litteratur, kultur og samfunn, både i arbeid og fritid
Organisering og arbeidsmåtar

Heiltidsvarianten består av to emne på 15 studiepoeng kvart semester, eitt i språk og eitt i litteratur, kultur og samfunn. Deltidvarianten bestar av eitt emne på 15 studiepoeng kvart semester, anten i språk eller i litteratur, kultur og samfunn. Studentane kan starte på programmet anten i haustsemesteret eller i vårsemesteret. 

Undervisninga går føre seg på nett, på læringsplattforma Canvas. Leksjonane vert lagt ut ein til to gongar i veka og studenten kan studere dei ved høve. Kvar leksjon tek føre seg eit spesifikt tema og kombinerer tekst, bilete, lyd og video, samt diskusjonsforum. Det vert også lagt opp til nokre liveseminar. 

For å kunne gå opp til eksamen, må studenten levere og få godkjent dei obligatoriske arbeidskrava på kvart av emna.

Engelsk - årsstudium (nettstudium, deltid/heiltid)
Navn: 
Engelsk - årsstudium (nettstudium, deltid/heiltid)
Emne2026 H2027 V2027 H2028 V
Heiltidsstudenten vel to emne i kvart semester, deltidsstudenten vel eitt emne i kvart semester
15151515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Studenten må ha tilgong til godt tekninsk utstyr, inkludert datamikrofon og web-kamera. 

Praksis

Det er ikkje praksis i dette studiet.

Internasjonalisering

Det er høve til å delta i det campusbaserte årsstudiet sitt to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i York, dette med atterhald om ledige plassar. Studieopphaldet er knytt til emnet ENG144N Litteratur, kultur og samfunn før 1900 i det eine vårsemesteret.Ta kontakt med programansvarleg innan utgangen av november om dette er av interesse.

Ansvarleg
Timothy Saunders