Mentorutdanning 2

Rettleiings- og mentorutdanning 2

Fordjupingsstudium Vidareutdanning (bachelornivå)

Rettleiings- og mentorutdanning 2 er retta mot barnehagelærarar/førskulelærarar, grunnskulelærarar og lærarar i vidaregåande opplæring som skal vere praksislærar eller rettleiar for nyutdanna.

Studiet har ei brei tilnærming til rettleiingsfeltet og legg vekt på utvikling av både kunnskapar om og ferdigheiter i rettleiing. Du får innføring i ulike teoriar og metodar for rettleiing knytt til læring og kompetanseutvikling.

  • Deltid, Samlingar
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 15 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 23.02.2024 -

    Løpande opptak til studiet er fullteikna.

  • Opptakskrav

    1. Fullført barnehagelærar-/førskulelærar- eller lærarutdanning 

    2. Fullført Rettleiings-og mentorutdanning 1 (15 stp).

    3. Dokumentere stilling som barnehagelærar, grunnskulelærar eller lærar i vidaregåande opplæring

  • Studieplan

Studieinnhald

Sentrale tema som kommunikasjon, relasjon og samspel, etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing vert vidareført frå Rettleiings- og mentorutdanning 1. Det vert vidare lagt vekt på korleis rettleiing og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap kan nyttast som støtte for utvikling av profesjonsidentitet og yrkesrolle.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet går over 2 semester. Undervisninga er samlingsbasert med nettstøtte.

Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet gir kompetanse i rettleiing av studentar i praksis eller nyutdanna lærarar i barnehage og skule.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Samlingane vert arrangert på Høgskulen i Volda på følgjande datoar:

Haust 2024
Veke 36, 4. -5. september
Veke 48, 27. -28. november

Vår 2025
Veke 5, 29. - 30. januar
Veke 11, 12. -13. mars

Studieplan

Rettleiings- og mentorutdanning 2 - vidareutdanning

Studieprogram: 
Rettleiings- og mentorutdanning 2 - vidareutdanning
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
15
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2023
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Fordjupning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav
  1. Fullført barnehagelærar-/førskulelærar- eller lærarutdanning 
  2. Fullført Rettleiings-og mentorutdanning 1 (15 stp).
  3. Dokumentere stilling som barnehagelærar, grunnskulelærar eller lærar i vidaregåande opplæring
Om studiet

Målgruppa for studiet er førskule/barnehagelærarar og lærarar som skal vere rettleiarar for nyutdanna kollegaer og/eller praksislærarar i barnehage, skule og vidaregåande opplæring. Kvaliteten i grunnutdanningane si praksisopplæring skal  styrkast mellom anna ved å gi alle praksislærarar tilbod om opplæring i rettleiing. Studiet rettar seg også mot rettleiing av kollegaer. Studiet har ei brei tilnærming til rettleiingsfeltet og legg vekt på utvikling av både kunnskapar om, og ferdigheiter i, rettleiing. Sentralt i studiet er styrking og utvikling av kommunikative ferdigheiter, relasjonskompetanse, refleksjon og analyse av eigen praksis som rettleiar. Innsikt i etiske dilemma og maktforhold i rettleiingssituasjonar er også sentralt i studiet. Vidare vert det lagt vekt på yrkesrolla i barnehage og skule, profesjonsidentitet og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap. Studiet gir innsikt i nasjonal og internasjonal forsking om rettleiing.
 

Nasjonale føringar

Nasjonale Retningsliner for grunnskulelærarutdanninga (KD, 2017) er det krav om at praksislærarar i grunnskulen skal ha gjennomført vidareutdanning i rettleiing på minimum 15 studiepoeng. Kravet om utdanning i rettleiing vil også gjelde praksislærarar i vidaregåande opplæring.  I følgje Nasjonale retningsliner for barnehagelærarutdanning (KD, 2018) er det krav om 30 stp. rettleiing for å vere praksislærar i barnehagen. Stortinget har vedteke at  alle nyutdanna lærarar og barnehagelærarar skal få tilbod om rettleiing, og utdanning av rettleiarar er eit av tiltaka for å sikre god rettleiing (KD 2018). Rettleiingsutdanninga er difor eit bidrag til å støtte begge desse tiltaka. 

Læringsutbytte

 I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten 

  • har innsikt i nasjonal og internasjonal forsking om rettleiing i barnehage og skule
  • har innsikt i studentar, nyutdanna og nytilsette sine særlege vilkår og utfordringar i barnehage og skule
  • har kunnskap om rettleiing som grunnlag for læring og kompetanseutvikling i barnehage og skule
  • har innsikt i etiske utfordringar og maktforhold i rettleiing og i læraryrka
Ferdigheiter

Studenten

  •  kan nytte forskingsbasert kunnskap om barnehage og skule i rettleiingssamanheng
  •  kan planlegge, gjennomføre og analysere rettleiing ut frå relevante faglege og teoretiske perspektiv
  •  meistrar å støtte og utfordre både studentar, nyutdanna og kollegaer gjennom fagleg og pedagogisk rettleiing 
  • kan kritisk vurdere eigen praksis i eit lærings- og danningsperspektiv
  • meistrar å utøve etiske vurderingar i samband med rettleiingsarbeidet
  • nyttar rettleiing som reiskap for kvalitetsutvikling i barnehage og skule
Generell kompetanse

Studenten 

  • kan kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar i skule og barnehage
  • har innsikt i relevante etiske problemstillingar knytte til rettleiingsfeltet
  • kan støtte og utfordre både studentar, nyutdanna og kollegaer i deira læring og deltaking i kollektive læringsprosessar
  • kan analysere og drøfte synspunkt og erfaringar med andre fagpersonar, og gjennom dette medverke til utvikling av god praksis
  • har grunnleggande forståing for korleis rettleiing kan bidra til utvikling av eigen kompetanse og til organisasjonsutvikling
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er samlingsbasert. Det er obligatorisk frammøte til alle samlingar (Minimum 75% oppmøte).

Rettleiings- og mentorutdanning 2 - vidareutdanning
Navn: 
Rettleiings- og mentorutdanning 2 - vidareutdanning
Emne2023 Haust2024 Vår
7.57.5
Ansvarleg
Gerd Sylvi Steinnes
  • Deltid, Samlingar
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 15 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 23.02.2024 -

    Løpande opptak til studiet er fullteikna.

  • Opptakskrav

    1. Fullført barnehagelærar-/førskulelærar- eller lærarutdanning 

    2. Fullført Rettleiings-og mentorutdanning 1 (15 stp).

    3. Dokumentere stilling som barnehagelærar, grunnskulelærar eller lærar i vidaregåande opplæring

  • Studieplan
Løpande opptak

Søknadskode : 4114

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt