Fordjupingsstudium Vidareutdanning (bachelornivå)

Rettleiings- og mentorutdanning 1

Deltid, Samlingar

Målgruppa for studiet er barnehagelærarar og lærarar som skal vere rettleiarar/mentorar for nyutdanna kollegaer og/eller praksislærarar i barnehage, skule, og vidaregåande opplæring. Studiet rettar seg også inn mot rettleiing av kollegaer og barn/elevar, og gir innsikt i nasjonal og internasjonal forsking om rettleiing.

Samlingane er i studieåret 2019-20 lagt til Molde.

Samling 1: 18. og 19. september

Samling 2: 13. og 14. november

Samling 3: 29. og 30. januar

samling 4: 25. og 26. mars

Stengt for søking

Søknadskode : 4120

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 15

Start Haust

Søknadsfrist 12.04.2019

Studieinnhald

Studiet har ei brei tilnærming til rettleiingsfeltet og legg vekt på utvikling av både kunnskapar om og ferdigheiter i rettleiing. Sentralt er styrking og utvikling av kommunikative ferdigheiter, relasjonskompetanse, evne til refleksjon og kritisk analyse av eigen praksis som rettleiar. Innsikt i etiske dilemma og maktforhold i rettleiingssituasjonar er også sentralt . Vidare vil det verte lagt vekt på yrkesrolla i barnehage og skule, profesjonsidentitet og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap. 

Opptakskrav

Studentane må ha godkjent førskule/barnehagelærar- eller lærarutdanning, og vere i arbeid som førskule/barnehagelærar, grunnskulelærar eller lærar i vidaregåande opplæring.  

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er samlingsbasert, og organiert i fire todagars samlingar. Desse vert i studieåret 2019-20 lagt til Molde.

Samling 1: 18. og 19. september

Samling 2: 13. og 14. november

Samling 3: 29. og 30. januar

samling 4: 25. og 26. mars

Første dag i kvar samling er frå kl.13 - kl.18 og andre dag frå kl.09 - kl.15.

Det vert lagt vekt på studentaktive læringsformer og ein må rekne med høg deltakaraktivitet. Studentane vert organiserte i lokale nettverksgrupper som rettleiar kvarandre og drøftar faglege tema. Her inngår skriftlege rapporteringar frå arbeidet som ein viktig læringsstrategi.

 

 

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet har som mål å gjere nytte av og vidareutvike dei ressursane som ligg i studentane si yrkeserfaring, og legg vekt på korleis desse kan bidra til å skape eit godt læringsmiljø. 

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål

Gerd Sylvi Steinnes

Studieplan

Rettleiing- og mentorutdanning 1

Studieprogram: 
Rettleiings- og mentorutdanning 1
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
15
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2019
Studieplassar: 
45
Studietype: 
Fordjupning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Studentane må ha godkjent førskule/barnehagelærar- eller lærarutdanning og vere i arbeid som førskule/barnehagelærar, grunnskulelærar eller lærar i vidaregåande opplæring.  

Om studiet

Målgruppa for studiet er barnehagelærarar og lærarar som skal vere rettleiarar/mentorar for nyutdanna kollegaer og/eller praksislærarar i barnehage, skule, og vidaregåande opplæring. Stortingsmeldingane nr. 11 (2008-2009) Læreren. Rollen og utdanningen og nr. 41 (2008-2009) Kvalitet i barnehagen presiserer behovet for auka rettleiingskompetanse ved at alle nyutdanna lærarar og barnehagelærarar skal få tilbod om rettleiing. Vidare skal kvaliteten i grunnutdanningane si praksisopplæring styrkast mellom anna ved å gi alle praksislærarar tilbod om opplæring i rettleiing. Studiet rettar seg også inn mot rettleiing av kollegaer og barn/elevar. Studiet har ei brei tilnærming til rettleiingsfeltet og legg vekt på utvikling av både kunnskapar om og ferdigheiter i rettleiing. Sentralt i studiet er styrking og utvikling av kommunikative ferdigheiter, relasjonskompetanse, evne til refleksjon og kritisk analyse av eigen praksis som rettleiar. Innsikt i etiske dilemma og maktforhold i rettleiingssituasjonar er også sentralt i studiet. Vidare vil det verte lagt vekt på yrkesrolla i barnehage og skule, profesjonsidentitet og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap. Studiet gir innsikt i nasjonal og internasjonal forsking om rettleiing.

Nasjonale føringar

 I Nasjonale Retningsliner for grunnskulelærarutdanninga ( KD, 2010) er det krav om at praksislærarar skal ha gjennomført vidareutdanning i rettleiing på minimum 15 studiepoeng. Dette kravet vil også gjelde praksislærarar i vidaregåande opplæring. I følgje Retningsliner for barnehagelærarutdanning (KD2019) er det krav om 30 stp rettleiing for å vere praksislærar i barnehagen. Rettleiingsutdanninga er eit bidrag til desse tiltaka. 

Læringsutbytte

 I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om:

  • varierte teoretiske tilnærmingar til rettleiingsfeltet
  • etiske utfordringar og maktforhold i rettleiing og i læraryrka
  • korleis rettleiing kan nyttast som ein viktig del i utvikling av lærarrolla og i kompetanseutviklingsarbeid i skule og barnehage
  • korleis ein kan inkludere studentar og nyutdanna i eit kritisk, reflekterande fellesskap i barnehage og skule
  • studentar og nyutdanna sine vilkår og utfordringar i skule og barnehage
Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • bruke ulike strategiar og verkty for rettleiing
  • planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere rettleiingsarbeid både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • stimulere læring og utvikling i relasjonar og meistre kommunikasjon på ulike nivå
  • analysere og reflektere kritisk over eigen og andre sin praksis som rettleiar
  • utøve etiske vurderingar i samanheng med rettleiing
  • støtte og utfordre både studentar og nyutdanna, nytilsette lærarar gjennom fagleg og pedagogisk rettleiing 
Generell kompetanse

Generelt skal studenten:

  • kunne kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar i skule og barnehage
  • ha innsikt i relevante etiske problemstillingar knytte til rettleiingsfeltet
  • kunne drøfte teoriar og erfaringar med andre innafor fagområdet og gjennom dette medverke til nytenking og utvikling av god praksis
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er samlingsbasert med fire todagars samlingar. Det er obligatorisk frammøte til alle samlingar. Samlingane vert studieåret 2019-20 lagt til Molde

Navn: 
Rettleiing- og mentorutdanning 1
Informasjon

Sjå emneplanen for informasjon om samlingar

Emne2019 Haust2020 Vår
7.57.5
Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg
Gerd Sylvi Steinnes