Årsstudium

Norsk (nordisk) årsstudium, samlingsbasert

Deltid, Samlingar

Ønskjer du gode basiskunnskapar i språk og litteratur? Då kan årsstudium i Norsk (nordisk) ved Høgskulen i Volda vere noko for deg!  Studiet gir mellom anna ei generell innføring i dei litterære hovudsjangrane og språkkunnskap. Tilhøvet mellom språk og samfunn er også ein viktig del av studiet.

Søk studieplass!

Søknadskode : 4164

Info og frister

Varigheit 4 semester (2 år)

Studiepoeng 60

Start Haust Vår

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Årsstudium i Norsk (nordisk) ved Høgskulen i Volda gir deg grunnleggande kunnskapar om norsk språk og litteratur i fortid og notid. Du skal opparbeide kompetanse til å kunne forstå og gjere greie for korleis språk og tekst fungerer i ulike samanhengar. I tillegg får du ei generell innføring i språkkunnskapar, dei litterære hovudsjangrane og den litterære produksjonen i tre ulike periodar. Det blir lagt vekt på å analysere tekstane i ein kulturell og historisk samanheng. 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Normert studietid for deltidsstudentar er to år. Undervisinga blir gitt gjennom samlingar og oppgåveskriving med individuell rettleiing. Du har fire emne på 15 studiepoeng – to i språkkunnskap og to i litteraturkunnskap. Kvart emne har fire samlingar. For å få godkjent utdanninga må ein ta eksamen i alle fire emna og skrive to eksamensoppgåver på bokmål og to på nynorsk. I evalueringa av eksamenssvar blir det lagt vekt på både faglege og språklege ferdigheiter. Årsstudium i Norsk (nordisk) vert også tilbydd som nettstudium.

Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Årsstudiet i norsk gir deg gode og relevante kunnskapar, som er naudsynte, anten du vil bli norsklærar eller bruke fagkunnskapen i andre samanhengar. Dette kan til dømes vere informasjonsarbeid og arbeid i presse og forlag. Norsk (nordisk) årsstudium kan gå inn som ein del av bachelorgrad i Språk og litteratur. Med sin særeigne kulturprofil gir studiet også eit godt grunnlag for opptak til studium på masternivå, som til dømes master i Nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda.

Kontakt

For spørsmål om opptak, registrering og gjennomføring:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

Faglege spørsmål om litteraturemne: fagsporsmaal.litteratur@hivolda.no

Faglege spørsmål om språkemne: fagsporsmaal.spraak@hivolda.no

Studieplan

Norsk (nordisk) årsstudium - deltid

Studieprogram: 
Norsk (nordisk) årsstudium - deltid
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
4 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
40
Studietype: 
Årsstudium
Organisering: 
Deltid
Opptakskrav: 

Generell studiekompetanse

Om studiet: 

Studiet kan utgjere ein del av ein bachelorgrad og kan nyttast som grunnlag for fordjuping i norsk. Med sin særeigne kulturprofil gir studiet også eit godt grunnlag for opptak til mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda. Gjennom studiet skal studentane tileigne seg kunnskapar som er naudsynte anten dei skal bli norsklærarar eller bruke fagkunnskapen i andre yrkessamanhengar der ein treng kompetanse i norsk språk og litteratur. Det gjeld mellom anna informasjonsarbeid og arbeid i presse eller forlag. Undervisninga i det samlingsbaserte årsstudiet blir gitt gjennom samlingar (fire samlingar pr. emne) og oppgåveskriving med individuell rettleiing.

Læringsutbytte: 

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar: 

Studenten skal

  • ha grunnleggande kunnskapar om norsk (nordisk) språk og litteratur i fortid og notid
  • vere i stand til å gjere greie for korleis språk og tekst fungerer i praktisk og kulturell samanheng
Ferdigheiter: 

Studenten skal vere fortruleg med metodiske hovudprinsipp for analyse av språk og tekst i ulike sjangrar

Generell kompetanse: 

Studenten skal

  • kunne formulere ein samanhengande, resonnerande tekst i samsvar med generelle krav til akademisk oppgåveskriving
  • ha solide ferdigheiter i nynorsk og bokmål
Organisering og arbeidsmåtar: 

Studiet er sett saman av fire emne på 15 studiepoeng kvar, to i språkkunnskap og to i litteraturkunnskap. Kvart emne er delt inn i tre tyngdepunkt. Dei to haustemna gir grunnleggande innføring i nordisk språk- og litteraturvitskap. Ein rår til at studentane tek desse emna først. I vårsemesteret har både det språklege og det litterære emnet eit kulturelt perspektiv. Studentane tek eksamen i kvart emne. For å få godkjent studiet som årsstudium må ein ta eksamen i alle fire emna og skrive arbeidskrav og eksamensoppgåver i to av emna på bokmål og i to av emna på nynorsk. I evalueringa av eksamenssvara blir det lagt vekt både på fagleg og språkleg dugleik.

NO111S: Språket som struktur gir studentane generell innføring i språkkunnskap, og emnet gir eit felles grunnlag for studiet av norsk (nordisk) språk.

NO112S: Språket som kultur tek for seg språket i fortid og notid, og gir studenten teoretisk innsikt i forholdet mellom språk og samfunn.

NO113S: Tekst og struktur gir innføring i dei litterære hovudsjangrane. Pensum er sett saman av sjangerteori, litteraturhistorie og eit utval tekstar.

NO114S: Tekst og kultur gir innføring i den litterære produksjonen i tre uliker periodar. Det blir lagt vekt på å analysere tekstane i ein kulturell og historisk samanheng.

Navn: 
Norsk (nordisk) årsstudium, deltid (oppstart haust)
Emne2018 Haust2019 Vår2019 Haust2020 Vår
15
15
15
15
Praksis: 

Det er ikkje praksis knytt til studiet.

Ansvarleg: 
Stig Jarle Helset