Vidareutdanning (masternivå)
Meistring og myndiggjering, samhandlingsperspektivet
I dette studiet ser vi på korleis helse- og sosialarbeidarar kan bidra til meistring og myndiggjering i samhandlinga med brukarar og deira pårørande.
- Start:
- Haust
- Omfang:
- Deltid Samlingar
- Studiepoeng:
- 15
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Vidareutdanning (masternivå)
- Søk frå:
- 01.02.2026
Studiet har løpande opptak.
Meistring og myndiggjering er kjernetema i studiet. Kunnskap, innsikt og handlingskompetanse på desse områda krev bidrag frå ulike fag og disiplinar, og perspektiv på ulike nivå. Det er tilrettelagt for eit spennande studentfellesskap, med fokus på felles utfordringar og faglege særtrekk på tvers av yrke og samfunnsmessige rammer.
Dei som fullfører studiet og seinare vil gå vidare til Master i helse og sosialfag - meistring og myndiggjering, får studiet automatisk godskrive i graden.
Meir informasjon om studiet
Studiet har fire fire hovudtema:
Tema 1 – Læring og meistring
Tema 2- Kommunikasjon og meiningsdanning
Tema 3- Brukar/pasient- og pårørandeerfaringar
Tema 4 - Etiske utfordringar og dilemma
Du kan lese meir i emneplanen
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, gruppearbeid, seminar, presentasjon av arbeid med heimeoppgåve og drøfting i plenum m.m. Det blir forventa at studentane driv sjølvstudium i mellom samlingane, og at dei leverer utkast til heimeoppgåve for presentasjon og kommentering.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Veke 35
Fysisk 4 dagar
24. - 27. august 2026
Veke 39
Fysisk, 4 dagar
21. - 24. september 2026
Veke 43
Fysisk, 4 dagar
19.-22. oktober 2026
Minimum 65% obligatorisk frammøte, inkl. obligatorisk deltaking på to seminar (arbeidskrav)
Informasjon om tid og stad kjem.
Opptakskrav
- Bachelorgrad i helsefag, sosialfag eller pedagogiske fag.
- Cand.mag.- grad med relevant fagsamansetting.
- Anna relevant grad eller utdanningsløp av minimum tre års omfang.
For dei to siste punkta er det krav om at studiet har 80 relevante studiepoeng, av desse må 20 studiepoeng vere på fordjupingsnivå.
Aktuelle yrke og vidare studium
Dei som fullfører studiet og seinare vil gå vidare til mastergrad i helse og sosialfag - meistring og myndiggjering, får studiet automatisk godskrive i mastergraden.
