Vidareutdanning (bachelornivå)

Mat, kosthald og helse

Deltid

Mat, kosthald og helse er i dagens samfunn eit svært aktuelt tema. Studiet er først og fremst retta mot deg som vil undervise i faget Mat og helse i grunnskulen. Likevel gir studiet relevant kompetanse for deg som skal arbeide i andre samanhanger slik som i barnehage, helsesektoren og andre stader der mat og kosthald inngår.

Søknadskode : 4050

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 30

Start Haust

Søknadsfrist 15.04.2018

Studieinnhald

Som student skal du lære å arbeide med mat i ulike samanhengar. Mat handlar mellom anna om kost og ernæring, førebyggjande og helsefremjande arbeid, spesialkost, praktisk matlaging og matvitskap. Å kunne setje saman eit fullverdig kosthald er ein sentral del av studiet. Du vil dessutan lære å planleggje kurs- og undervisning knytt til mat, kost og helse både ute og inne.

Opptakskrav

 Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisningformene er allsidige lagt opp med forelesningar, praktisk matlaging både ute og inne, eksperimentering, prosjekt- og temaarbeid. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet gir aktuell og etterspurt kompetanse både i skuleverket, helsesektoren og andre stadar der mat og kosthald er viktig. Det kan byggjast ut til årsstudium i Matkultur og helse ved Høgskulen i Volda. Studiet kan inngå i ei lærarutdanning og som valfri del av ein bachelorgrad.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Kari Ryslett og Ammar Ali Hassan

Studieplan

Mat, kosthald og helse 1-7/5-10

Studieprogram: 
Mat, kosthald og helse 1-7/5-10
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
20
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering: 
Deltid
Opptakskrav: 

Generell studiekompetanse

Om studiet: 

Studiet skal gje studenten grunnleggande kunnskapar og ferdigheiter i det å undervise i Mat og helse i grunnskulen. Studenten vel innretting mot 1.-7. eller 5.-10. årssteg. Mat og Helse er knytt både til ein naturfagleg og ein helsefagleg komponent og studentane skal gjennom faget lære å sjå samanheng mellom ernæring og helse. Skulen i seg sjølv ønskjer å vere ein helsefremjande og førebyggjande institusjon, og faget Mat og helse er ein viktig del av folkehelsearbeidet. Studiet er både teoretisk og praktisk, og studentane skal lære å planlegge ei undervisning som tek vare på både dei praktiske og teoretiske sidene. Studentane skal gjennom studiet verte fortruleg med faget sin plass i skulen og tileigne seg kunnskap om undervisning og læring i Mat og helse sett i lys av læreplanen Kunnskapsløftet (LK06). Dei skal lære å sjå matlagingsaktivitetar og helse i høve til ulike målgrupper, aldrar og kulturar slik at ein tilpassar undervisninga til individuelle behov. Dei skal og lære å sjå mat i eit globalt perspektiv, der matproduksjon og bærekraft er knytt tett saman. Vidare må dei kritisk kunne vurdere kjelder, innhald og motiv i ein digitalisert kvardag der skiljet mellom fakta og reklame ikkje alltid er tydeleg, og sette dette inn i ein didaktisk samanheng.

Læringsutbytte: 

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar: 

Etter fullført studium skal studenten ha

  • kunnskap i ernæringslære og helse, og korleis ein kan arbeide førebyggjande og helsefremjande i eit kosthaldsperspektiv
  • kunnskap om skulefaget Mat og helse; undervisning, metodikk, fagdidaktikk
  • kunnskap om stoffa maten er bygd opp av, korleis desse reagerer når maten vert laga til og korleis dette kan nyttast i matlaging og læringsarbeid
Ferdigheiter: 

Etter fullført studium skal studenten

  • ha ferdigheiter i matlaging og korleis oppbevare og handsame mat
  • kunne planlegge og gjennomføre undervisning i Mat og helse i skulen
  • kunne setje saman eit fullverdig kosthald til ulike grupper
  • kunne planlegge og gjennomføre ulike slag av læringsaktiviteter knytt til mat, t.d. eksperimentering med råvarer og næringsstoff
Generell kompetanse: 

Etter fullført studium skal studenten

  • syne eit reflektert forhold til kosthald og kosthaldsplanlegging i høve ulike grupper
  • kunne tenke systematisk kring matlaging og eksperimentering med mat med utgangspunkt i kunnskap om næringsstoff og matvarer
  • kunne reflektere kring undervisning og læring i skulefaget Mat og helse, skulemåltid, og Mat og helse som ramme for tverrfagleg læringsarbeid
  • syne eit kritisk og reflektert forhold til mat og helse slik ein møter det i samfunnet i høve offentlege og private aktørar (t.d. helsevesen, media, handel og marknadsføring)
Organisering og arbeidsmåtar: 

Sjå emneplanane og «praktisk informasjon» for meir informasjon om innhald og organisering.

Sjå studiemodell for meir informasjon om studieløpet.

Navn: 
Mat, kosthald og helse
Emne2018 Haust2019 Vår
Studenten vel mellom MKH101-emna retta mot 1-7 eller 5-10. Studenten må velje same årsstegsinnretning i begge semestera.
15
 
15
 
15
Studenten vel mellom MKH102-emna retta mot 1-7 eller 5-10. Studenten må velje same årsstegsinnretning i begge semestera.
15
 
15
 
15
Praksis: 

Ei rettleidd og vurdert praksisperiode på minimum 10 dagar inngår som integrert del for dei som tek studiet som del av ei lærarutdanning. Studentar som ikkje skal ha praksis må gjennomføre eit kompensatorisk arbeid, sjå emneplanane.

Kostnader: 

Studentane må betale materialpengar i faget, kr. 900,- per emne, totalt kr. 1800,-. Delar av undervisninga kan verte lagt utanfor høgskulen og studentane må da sjølv syte for transport til og frå undervisningsstad.

Evaluering og kvalitetssikring : 

Studiet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg: 
Kari Ryslett, 700 75272, karir@hivolda.no / Ammar Ali Hassan, 700 75496, hassana@hivolda.no