Fordjupingsstudium

Historie fordjupning, opne emne

Deltid, Heiltid, Nettstudium

Fordjupingsstudiet tek mellom anna opp globalhistoriske problemstillingar, den norske kystkulturen og spørsmål kring nasjonale og regionale identitetar i Spania. Studantane skal få kunnskap om dei sosioøkonomiske og kulturelle kontrastane og mangfaldet i verda, i tillegg til å få innsikt i lokalhistoriefeltet.

Søk studieplass!

Søknadskode : 4226

Info og frister

Varigheit 1 semester

Start Haust Vår

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Studiet er sett saman av emne på 15 studiepoeng. Deltidsstudenten vel 1 emne i semesteret. Heiltidsstudenten vel 2 emne i semesteret. Du kan velje mellom desse emna:

  • Kystkultur og kystsamfunn (haust)
  • Spania - identitetar, nasjonar, regionar (haust)
  • Globalhistorie. Europa, Vesten og verden (vår)
  • Lokal-, familie- og mikrohistorie (vår)
  • Bacheloroppgåve

Opptakskrav

Årsstudium (60stp) i historie eller samfunnsfag.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Alle teoriemna vert gjennomført som nettstudium. Bacheloroppgåva må bygge på eit teoriemne. Studenten får tildelt ein rettleiar til arbeidet med bacheloroppgåva.  

Som regel tilbyr vi eit teoriemne pr. semester med forelesing, men då med føresetnad om at det melder seg minimum 8 studentar. Studiet er fleksibelt tilrettelagt og har få undervisningstimar i veka. Det er viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, då ein del av pensumlitteraturen er på dette språket.

Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane. Studieplanane er under revisjon, og vil bli publisert i løpet av våren 2018.

Aktuelle yrke og vidare studium

Historie fordjupingsstudium kan saman med anna yrkesutdanning kvalifisere for arbeid innanfor ei rekkje område.Yrkesgrupper som lærarar, journalistar, kulturarbeidarar og –administratorar i vid forstand (ABM-sektoren: arkiv, bibliotek, museum), hentar viktig kompetanse gjennom studium i historie. Fullførte 90 studiepoeng i historie kan innanfor ein bachelorgrad kvalifisere for opptak på master i Kulturmøte ved Høgskulen i Volda eller relevante mastergradar ved andre høgskular og universitet.

Kontakt

Faglege spørsmål kan rettast til studieprogramansvarleg Ola Teige, tlf 70075499 eller e-post

Administrative spørsmål i historie kan rettast til studiekoordinator Helene Brustad Eskeland, tlf 70075282 eller e-post. 

 

Oppstart

Vi tek atterhald for endringar i tidspunkt og planar grunna Korona-restriksjonar eller føringar frå styresmaktene.

Les meir om studiestart her 

***

We reserve the right to make any changes in time and plans due to Corona restrictions or rulings by the government.
 
Read more about the semester start here 

 

HI111N, HI112N og HI113N startar på nett i veke 34 og 35 hausten 2020

Alle emna tilbys som nettstudium. 

Undervisningsstad

Studiet nyttar e-læringsverktyet Canvas til informasjon, kommunikasjon, utlegging av fagstoff og arbeidskrav, innlevering av arbeidskrav osv. 

Det er et krav at ein held seg oppdatert i Canvas. Studenten får tilgang til Canvas etter semesterregistrering.

Annan informasjon

Oppbygging av studiet finn du i studieplanen. Her vil du finne lenkje vidare til dei emna som skal og kan inngå i studiet. I emneplanane kan du lese om arbeidskrava, vurderingsforma ol.

Som heiltidsstudent, skal du i 1. semester gjennomføre to av emna som er nemnde nedanfor.

Dersom du har lyst til å starte med pensumlesinga tilrår vi at du startar med desse:

  • HI111N: Bagge, Sverre: Europa tar form (2020) 3. utgåve, s. 11-307.
  • HI112N: Steensgaard N. (Aschehoug verdenshistorie band 9), s. 12-85, 110-119, 148-193 og 212-235. Kan tingast som kompendium frå «Pensumtjenensten».
  • HI113N: Palmer, R. R., Joel Colton og Lloyd Kramer (2014). A History of Europe in the Modern World (Eleventh Edition), s. 569-687, 714-853, 876-1072.

Fullverdige pensumlister finn du her.

Du vil få meir informasjon i Canvas om studiet når du har registrert deg på emna i Studentweb. Registreringen åpner 1.august 2020 og stenger 1.september 2020.

Studieplan

Historie fordjuping, opne emne, studiestart haust

Studieprogram: 
Historie fordjupningsstudium, opne emne
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2020
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Fordjupning (bachelornivå)
Organisering
Heiltid
Deltid
Opptakskrav

Årsstudium i historie eller samfunnsfag

Om studiet

Studiet vil kunne gje innsikt i dei sosioøkonomiske og kulturelle kontrastane og mangfaldet i verda. Hovudvekta ligg på nyare tid med prosessen då Europa og Vesten vart dominerande drivkraft. Gjennom samanliknande studie av moderniseringsprosessar i norske kystsamfunn kjem det fram at kontrastane og mangfaldet også finst mellom ulike regionar innanfor stats- og nasjonsgrenser. (emna HI201 og HI212).

Studiet vil òg kunne gje innsikt i lokalhistoriefeltet, slik det har vakse fram dei siste hundre åra og slik det blir drive i Noreg i dag. Oversynskunnskapar om fagfeltet internasjonalt er også innan synsfeltet (emnet HI204).

Emnet Spania – identitetar, nasjonar, regionar (HI208) er todelt: Hovudfokus ligg på nyare spansk historie, med særleg fokus på spanske nasjonale identitetar eller nasjonsbyggingsprosjekt, slik som den liberale 1800-talsnasjonalismen og Francoregimets nasjonalkatolisisme, og på framveksten og konsolideringa av regionale identitetar som til dømes i Baskerland, Catalonia og Galicia. Forholdet til omverda (Latin-Amerika, EU, NATO) blir analysert. Dei spanske kongedømma i seinmellomalderen og det spanske imperiet utgjer ein sentral del av emnet.

Gjennom arbeid med historiefaget og tilknytte fag får studentane trening i å forstå samanhengar og utvikling over tid og byggje opp ei reflektert haldning til eiga samtid. I ei tid med raske endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida. Historia vil alltid vere eit viktig og nødvendig fundament i notida. Historiestudiet ved HVO skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn, lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt.

Læringsutbytte

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten skal

  • ha gode realhistoriske kunnskapar i tilknyting til fordjupingsemnet / emna, og dessutan kjenne til sentrale teoriar og debattar innan det/ dei valde emna
  • ha grunnleggjande kunnskapar om sentrale teoriar og metodespørsmål i historisk forsking

Dersom studenten har årsstudium i historie frå HVO, skal han/ ho òg:

  • ha brei kunnskap om norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg) og fram til i dag, kunne sjå samanhengar og trekke samanlikningar mellom desse
  • gjennom valfritt grunnemne eller fordjupingsemne, ha utvida kunnskap om og innsikt i eit meir avgrensa område eller tema
  • ha grunnleggjande kunnskapar om historisk metode, teori og historiografi
  • ha innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
  • granske historiske data, kjelder og litteratur, og trekke sjølvstendige slutningar på grunnlag av slikt materiale
  • skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
  • drøfte historiske problemstillingar og kritisk vurdere historiske framstillingar
  • reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Generell kompetanse

Studenten skal

  • ha medvit om samtidige og fortidige hendingar og prosessar
  • kunne arbeide sjølvstendig og definere, strukturere og gjennomføre prosjekt
  • ha evne til å sjå kritisk på omverda og å tenkje systematisk, analytisk og sjølvstendig
  • kunne utøve kritisk og sjølvstendig tenking, og framføre velformulerte resonnement
  • kunne handtere større informasjonsmengder, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • kunne sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • kunne demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon gjennom prosessarbeid
  • kunne dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Organisering og arbeidsmåtar

Med opptak på Historie fordjupningsstudium kan studentane gjennomføre frå eitt til tre emne à 15 studiepoeng. Studenten vel av emna som ligg i studiemodellen. Studiet kan takast på heiltid eller deltid, og det er opptak til studiet både i haust- og vårsemesteret.

Bacheloroppgåva (HI210) skal vere innanfor eitt av teoriemna studenten har valt på fordjupingsnivå. Det må takast før eller same semester som HI210.

Navn: 
Historie fordjupning, opne emne, studiestart haust
Emne2020 Haust2021 Vår
Studenten kan velje inntil tre av fordjupingsemna under. Minimum 15 studiepoeng, maksimalt 45 studiepoeng.
1515
 
15
 
15
 
1515
 
15
 
15
Anna
Ein bør merkje seg at studiet stiller krav om at du kan tilrettelegge di eiga arbeidstid. Dette gjeld særleg for deg som tar studiet som nettstudium, men det gjeld òg for lokale studentar som følgjer undervisinga i Volda. Etter måten få undervisningstimar i veka gjev deg stor fleksibilitet, men stiller samstundes krav om at du kan planlegge di eiga tid. Det er også viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, då ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk.

Dersom du vil nytte studiet til ein fri bachelorgrad, må HI210 inngå som eitt av emna.
Ansvarleg
Ola Teige, telf 70075499, e-post ola.teige@hivolda.no

Last ned studiet som PDF