Studiestart

Det er ikkje felles opning om våren

(Offisiell opning for hausten var tysdag 20. august 2019 klokka 12.00 bak Berte Kanutte-huset)
 

Kva må du gjere som ny student?

1. Registrere deg (då får du også alle tilgangar du treng, pålogging til studentsystem, osb.)

2. Sjekke kvar og når du skal møte opp! Sjå praktisk informasjon for ditt studium 
(Er du allereie student ved høgskulen, sjå etter naudsynt oppstartsinformasjon i Canvas.)

3. Les deg opp! Vi har samla tips og nyttig informasjon om alt frå korleis du får studentkort til bustad og reisemåtar lenger nede på denne sida. Scroll og bli klok!
 

NB! Har du hugsa å søke stipend og lån?

Tips og nyttig informasjon til deg som er ny student

1. Skaff deg studentbevis-appen og studentkort

Studentbevisappen/Semesterkvittering 

 

Etter at du har betalt studentavgifta di, kan du laste ned studentbevis-appen. Denne fungerer som studentbevis mellom anna på Studenthuset Rokken og kollektivtransport, og vil vere gyldig på lik linje med studentkort og papirkvittering for betalt semesteravgift.

Er du student på campus, treng du også studentkortet ditt - dette får du når du møter til studiestart. 


Studentkort 

Studentkortet har fleire funksjonar:  

  • nøkkelkort til dører i lag med PIN-kode. PIN-koden får du som ny student i registreringsprosessen. PIN-koden kan du sjølv endre i Studentweb 

  • tilgang til printer/kopiering 

  • lånekort i biblioteket 

Meir informasjon om semesteravgift, studentbevis-appen og studentkort

2. Viktige informasjonskanalar

Det kan vere lurt å setje seg inn i dei ulike informasjonskanalane du kjem til å bruke som student: Studentweb, læringsplattforma Canvas, e-post for studentar og For studentar på hivolda.no

Du kan også følgje Høgskulen i Volda på Facebook, YouTube, Instagram og Snap: @hivolda. Studentparlamentet ved HVO legg ofte ut spanande arrangement og informasjon på sin Facebook-kanal.

3. Bustad og velferd

Studentsamskipnaden i Volda er ein service- og velferdsorganisasjon for alle studentar i Volda. 

SiVolda tilbyr: 

Private bustadar
Det finst eit godt utval med bustadar på privatmarknaden. Hybel.no er ein god stad å leite. Du finn også mykje på Facebook-sida Til leige i Volda og Ørsta

4. Trygg student, oppfølging og tilrettelegging

Har du utfordringar av ein eller anna art som kan gjere at du treng ekstra oppfølging eller tilrettelegging av eit slag? Det hjelper vi deg med. Ved Høgskulen i Volda har vi dedikerte tilsette som jobbar med å gjere studiekvardagen god og tilgjengeleg for alle. 

Vi tilrår alle studentar og tilsette å ta ein kikk på sikresiden.no. Her finn du informasjon om kva du skal gjere om det oppstår ein uønska situasjon, du lærer enkel førstehjelp og finn lokal kontaktinformasjon til riktige instansar. Vil du vere ekstra budd, lagar du ein snarveg til sikresiden.no på mobilen din! (Sjå korleis her). 

På nettsidene våre har vi ein knapp som heiter SEI FRÅ. Her kan du melde frå om det er noko som ikkje er som det skal. 

Høgskulen i Volda har også gratis helsestasjon for studentar i samarbeid med Volda kommune. 

5. Slik kjem du til Volda

Det er enkelt å komme seg til og frå Volda. Reiser du med fly frå Gardermoen i Oslo, er du på Ørsta-Volda lufthamn etter ein time. Om du vil reise med buss er det daglege avgangar både til Oslo, Bergen og Trondheim. Til Ålesund går det buss omlag ein gong i timen.

Gå til oversikt over transportmåtar

6. Ofte stilte spørsmål

Få svar på spørsmål vi ofte får i samband med studiestart.

Andre spørsmål?

Studentsørvis

Du kan når som helst ta kontakt med Studentsørvis med spørsmål om semesterstart, opptak, utdanningsplan, utveksling, tilrettelegging eller andre studierelaterte spørsmål.

70 07 50 18 | studentsorvis@hivolda.no 

Eller kom innom i opningstida: måndag-fredag kl. 08.00-15.00

Studentsørvis finn du i 1. etasje i Berte Kanutte-huset.

Les meir om opningstider, adgangsrettar m.m. på campus her.

IT-hjelp

Om du har spørsmål knytt til brukarkonto, e-post, utskrift og liknande, ta kontakt med IT-hjelp

70 07 54 00 | 5400@hivolda.no

Ope mandag - fredag kl. 8.00 - 15.30

IT-hjelp finn du i 1. etasje i Berte Kanutte-huset, rett ved kantina.