Innlevering av eksamenssvar

Generelle reglane for vitskapleg arbeid gjeld for alle eksamensarbeid som skal leverast. Vi viser difor til biblioteket sine nettsider, og du kan også lese meir om sitat- og kjeldebruk her. 

Generell innleveringsfrist
Frist for innlevering av andre eksamensarbeid enn skriftlege skuleeksamenar er kl. 14.00 på eksamensdagen, dersom ikkje anna er opplyst i Studentweb. Fristen er absolutt.

Eksamenssvar på papir

Eksamenssvar som leverast på papir skal vere i to eksemplar til Studentsørvis i 1. etasje i Berte Kanutte-huset. Ved sending av eksamenssvar pr. post skal postfunksjonær kvittere for innleveringstidspunktet på konvolutten. 

Eksamenssvaret skal sendast til:
Høgskulen i Volda
Studentsørvis
Pb. 500
6101 Volda

Eksamensarbeidet skal ha ei standardisert framside:
Framside til eksamensarbeid

Front page



Korleis justere marg i Word og OpenOffice les du meir om her.


Kandidatnummeret ditt finn du ved å logge på Studentweb. Kandidatnummeret er synleg i Studentweb omlag 14 dagar før innleveringsfristen (eksamensdatoen).


Avlevering til biblioteket (gjeld bachelor- og mastergradsoppgåver):
Les meir om publisering av oppgåver i Bravo under Instruks for innlevering av bachelor- og masteroppgåver.

Innlevering av eksamenssvar i Inspera

Innlevering av eksamensarbeid, til dømes oppgåve, mappe- og heimeeksamen, i Inspera skal skje her: https://hivolda.inspera.no/
Du skal ikkje bruke sikker nettlesar (SEB) for innlevering av oppgåve, mappe- og heimeeksamen.

Du loggar på Inspera med Feide-kontoen din, dette er same brukarnamn og passord som du nyttar til Canvas og Studentweb.

Ved mappeeksamen og oppgåve opnar Inspera for innlevering ei veke før innleveringsfristen, sjå dato i Studentweb. Ved eksamen med filopplasting opnar eksamenen i Inspera første eksamensdag (dato for "Uttak" i Studentweb). Eksamenssvaret skriv du i Word. Sett inn topptekst der du skriv inn kandidatnummeret ditt. Når dokumentet er heilt ferdig, så lagrar du det ved å velje filtype Pdf. Dokumentet er no klart til levering og det skal normalt leverast som Pdf-fil, så framt ikkje anna er spesifisert i emneplan eller utsend eksamensinformasjon. Fila du har lasta opp vert automatisk lagra når fristen går ut.

Merk: Inspera genererer framside til eksamenssvaret ved innlevering. Denne framsida er anonym, er merka med kandidatnummer, og er berre synleg for sensorane. Det vert ikkje anonymt dersom du skriv namnet ditt i fil-namnet eller du skriv namnet ditt i dokumentet. Er det krav om tal på ord, så bør du bruke framsidemal som du finn her:

Form og innhald

Informasjon om form og innhald er å finne i studie-/emneplan og Canvas.

Framsida skal lastast ned frå Høgskulen i Volda sine nettsider.
Framsidemal
Front page

Det er normalt berre bachelor- og masteroppgåver som har krav om standard framside ved innlevering i Inspera. NB! Bacheloroppgåver skal ikkje ha namn på framsida. Du må altså fjerne dette feltet frå framsidemalen.

Instruks for korleis du skal laste opp fil i Inspera finn du her: Nynorsk og Bokmål.

Ved innlevering og eksamen i Inspera gjeld same reglar for sitat- og kjeldebruk som ved andre innleveringer og eksamenar ved høgskulen. Les meir om dette i avsnitt om sitat- og kjeldebruk her. Vi nyttar plagiatkontroll på alle digitale innleveringar og eksamenar ved Høgskulen i Volda.

Alle tekniske forhold ved eksamensavviklinga, slik som til dømes svikt i studenten sitt tekniske utstyr eller ustabil/manglande tilgang til Internett, er studenten sitt ansvar. Forhold som har ført til forseinkingar i eksamensavviklinga og som kan dokumenterast, kan gi grunnlag for utsetjing av fristen. Studieadministrasjonen er ansvarleg for handsaminga av slike søknadar.

Om du ønskjer å teste Inspera før du skal ha eksamen, kan du ta Demo hjemmeeksamen her: https://hivolda.inspera.no/

Har du spørsmål, eller skulle du få problem under eksamen, ta kontakt med Studentsørvis på telefon: 70075018 eller e-post: studentsorvis@hivolda.no

Etter klokka 15:00 - ring sentralbordet på telefon: 70075000.

Instruks for innlevering av bachelor- og masteroppgåver

Samtykke til publisering

Ved innlevering av bachelor- og masteroppgåver må du velje om du vil gjere oppgåva tilgjengeleg for publisering i BRAVO, slik at oppgåva då vert søkbar og tilgjengeleg på internett. Som forfattar må du sette deg inn i dei følgjer ei tilgjengeliggjering via internett fører til. Blant anna vil andre nettstadar kunne lenkje til dokumentet. Om du som forfattar har planar om å publisere dokumentet ved forlag eller i tidsskrift må du vite at dette kan ha konsekvensar når dokumentet også vert tilgjengeleg i BRAVO.

Oppgåver med karakterane A, B og C vert publiserte i Høgskulen sitt opne elektroniske arkiv Bravo.

Om dokumentet eller deler av dokumentet inneheld fotografi, teikningar eller anna opphavsrettsleg beskytta materiale, må du som forfattar garantere at du har henta inn dei nødvendige løyve frå tredjemann på førehand. Du må garanterer at dokumentet ikkje inneheld materiell som kan stride mot gjeldande norsk rett eller inneheld lenkjer eller koplingar til slikt materiale.

Inneheld oppgåva di opplysningar som er dekkja av av lovbestemt teieplikt skal du avslå publisering. Reglane om teieplikt er nedfelt i forvaltningsloven § 13.

Du melder frå om samtykke for publisering ved å sende e-post til samtykke@hivolda.no med følgjande informasjon: namn, e-postadresse, emnekode og emnenamn for masteroppgåveemnet, kandidatnummer, studentnummer, samtykke til publisering (Ja/Nei)

 

Form og innhald

Informasjon om form og innhald er å finne i studie-/emneplan og Canvas.

Framsida skal lastast ned frå Høgskulen i Volda sine nettsider.
Framsidemal
Front page

 

Samandrag (berre for masteroppgåver)

Masteroppgåva skal inkludere eit samandrag på om lag 200-400 ord. Samandraget skal vere både på engelsk og norsk, og skal plasserast først i oppgåva (bak framsida).

 

Tittel på oppgåva

Tittel skal du skrive inn i Studentweb før fristen for innlevering går ut. Når du loggar på studentweb får du opp Komande hendelsar med opplista emnekode/-er. Registrer tittel ved å trykke på "blyanten" som kjem fram til høyre for emnekoda. Tittel må skrivast inn både på engelsk og norsk. Tittel kjem på karakterutskrift, vitnemål og i biblioteket sitt BRAVO system.
Korleis registrere tittel på masteroppgåva i Studentweb

 

Start leveringa

Last ned framsidemalen. Det er mest lettvint å legge denne som første side i oppgåva før ein tek til å skrive. På side 2 i dokumentet må du sjekke at marg er etter standard. 

Når oppgåva er ferdig skriven, lagrar du den som Pdf-fil (velg "Lagre som" i Word/Open Office). Gjer deg viss på kor på datamaskina du har lagra fila/filene du skal levere. Vi tilrår at du skriv ut ein kopi (vel einsidig kopi) av Pdf-fila før du leverer oppgåva i Inspera for å sikre at lay-out'en er som du ønskjer. Etter at du har lasta opp fila må du sjekke at storleiken på fila er lik storleiken på fila du har lagra på din eigen PC.

Start leveringa i god tid før fristen. Oppgåva skal leverast elektronisk som Pdf-fil i Inspera den aktuelle datoen, innan kl. 14:00.

Gruppeoppgåve? Alle som har skrive oppgåva saman med nokre andre, må levere oppgåva kvar for seg i Inspera.

Trykking av masteroppgåver: Studieadministrasjonen sender Pdf-versjonen av masteroppgåva til hustrykkeriet og trykker kun til eige bruk.
Ekstra kopiar til privat bruk, må studenten sjølv bestille ein annan stad.

 

Finn du ikkje informasjonen du treng?

Kontakt Studentsørvis:
 70 07 50 18 | studentsorvis@hivolda.no 
eller kom innom i opningstida: 
måndag-fredag kl. 08.00-15.00

Du finn oss i 1. etasje i Berte Kanutte-huset