Fusk
(Godkjent av høgskuledirektør ved Høgskulen i Volda 31.03.2023)
Høgskulen i Volda har i forskrift om opptak, studiar og eksamen ved Høgskulen i Volda § 10-5 regulert kva som er fusk og korleis dette blir handtert ved høgskulen.
Er du tilsett? Her kan du finne Høgskulen i Volda sine rutinar om handsaming av fusk.
Kva er fusk?
HVO har i Forskrift om opptak, studiar og eksamen ved Høgskulen i Volda § 10-5 fastsett kva forhold som reknast som fusk under eksamen eller som ein del av studiet.
Følgjande blir rekna som fusk:
- Studenten har ulovlege hjelpemiddel tilgjengeleg under eksamen. For informasjon om hjelpemiddel og kjeldebruk, sjå retningslinje for hjelpemiddel og kjeldebruk.
- Studenten bruker lovlege hjelpemiddel på ein uriktig måte.
- Studenten presenterer andre sitt arbeid som sitt eige utan tilstrekkeleg kjeldetilvising eller markering av sitat.
- Studenten leverer eit arbeid av praktisk eller kunstnarisk art som er laga av andre enn dei sjølve.
- Studenten leverer eit eksamensarbeid eller ei eksamensoppgåve som er utarbeidd av andre personar eller funksjonar som sitt eige arbeid.
- Studenten har fiktive kjelder, informantar eller data (fabrikkering eller forfalsking av data).
- Studenten bruker sitt eige arbeid som tidlegare har gitt utteljing (bestått eksamen eller godkjent arbeidskrav), utan tilstrekkeleg kjeldetilvising til sitt eige arbeid. Gjenbruk av eigne tidlegare arbeid som har gitt utteljing, kan tillatast dersom dette følgjer av emneplanen eller eksamensoppgåva.
- Studenten har skaffa seg tilgang til eksamensoppgåva før eksamenen startar.
- Studenten skaffar seg tilgang til eksamen ved å fuske med ein obligatorisk aktivitet eller ved å få godkjenning for deltaking i ein obligatorisk aktivitet på uriktig grunnlag.
- Studentane utformar eit eksamensarbeid eller ei eksamensoppgåve til individuell eksamen i fellesskap eller deltar på ein annan måte i eit ulovleg samarbeid under eksamen.
Kva er ulovlege hjelpemiddel?
Kva som vert rekna som ulovleg hjelpemiddel vert bestemt ut frå kva reglar som gjeld ved den aktuelle eksamen, arbeidskravet eller teljande oppgåve.
Dersom det i eit emne er bestemt at ingen hjelpemiddel skal vere lovleg under ein eksamen, inneber dette at eit kvart objekt som tenkeleg kan brukast for å oppnå ein fordel ved eksamen, er forbode.
Følgjande kan til dømes reknast som ulovleg hjelpemiddel:
- kalkulator eller PC som går ut over det lovlege i innhald/programmerbarheit.
- programvare som er installert i samband med eksamen som gjer det mogleg å få tilgang til ulovlege hjelpemiddel.
- mobiltelefon eller andre digitale hjelpemiddel (dette skal oppbevarast på anvist plass under eksamen).
- lausark, lappar, minnepenn med pensumrelevant innhald.
- innskrevet/innlimt tekst av fagleg interesse i lovlege hjelpemiddel som ordbøker, formelsamlingar, eigne kladdeark med allereie "kladda tekst", pensumbøker eller andre relevante fagbøker.
- ulovlege hjelpemiddel tilgjengeleg på område utanfor sjølve eksamenslokalet, t.d. på toalettet.
Du har eit sjølvstendig ansvar for å sette seg inn i kva hjelpemiddel som er lovleg under ein eksamen, arbeidskrav eller anna teljande oppgåve.
Bruk av kunstig intelligens i eksamensoppgåver og andre skriftlege innleveringar
Ved eksamenar og andre skriftlege innleveringar der alle hjelpemiddel er tillatne, kan du bruke KI-verktøy som til dømes ChatGPT, med mindre noko anna er spesifisert i emneplanen eller i oppgåva. Det er viktig å hugse at eksamenssvar skal vere eigne og ikkje kopierte frå andre kjelder, og det blir rekna som fusk (plagiat) å nytte seg av kjelder utan å ha tilstrekkelege kjeldetilvisingar.
Her kan du lese meir om korleis ein skal skrive og referere ved bruk av KI.
Les meir om fallgruver og moglegheiter ved bruk av KI i skriveprosessen.
Kva er ulovleg samarbeid?
Skuleeksamen
Under skuleeksamen gjeld følgjande om samarbeid:
Samarbeid/kommunikasjon med andre i eller utanfor eksamenslokalet under gjennomføring av eksamen er å sjå på som fusk.
Eksamen utan tilsyn
Under eksamen utan tilsyn gjeld følgande om samarbeid:
Eksamen utan tilsyn er individuell og skal leverast som eit sjølvstendig arbeid. Det går fram av eksamensoppgåva om det er høve til å samarbeide og kva ein kan samarbeide om under eksamenen.
Samarbeid som ikkje er gjort i samsvar med eksamensoppgåva, eller at studentar leverer heilt eller delvis identiske svar, vert sett på som fusk.
Kva er plagiat?
Plagiat er at du presenterer andre sitt arbeid/tekstar som ditt eige. Plagiat kan til dømes vere direkte avskrift av nokon andre sin tekst eller lettare omskriving av nokon sin tekst, utan at heile eller delar av teksta vert markert som sitat og med kjeldetilvising.
Dette inneber at du ikkje har lov til å skrive av frå bøker, artiklar etc. eller bruke «klipp og lim» frå Internett utan at du viser til kvar du har henta informasjonen frå, dvs. refererer til kjelda.
Til dømes kan følgjande verte rekna som plagiat:
- utgje som di eiga oppgåve det ein annan person har skrive
- bruke ein annan person sin tekst eller idear i di eiga tekst utan kjeldetilvising
- gje att ein tekst ordrett utan å utheve sitatet, og utan kjeldetilvising
- omskrive (parafrasere) ein tekst utan kjeldetilvising
For å unngå plagiering må du sørge for å referere til kjeldene du har brukt i oppgåva på riktig måte. Sjå sidene til biblioteket om korleis skrive og referere, her får du og tips til verktøy du kan bruke.
Kva er sjølvplagiat?
Dersom du ombrukar tekst du tidlegare har skrive utan å referere til den (sjølvplagiat), kan det verte sett på som fusk.
Sjølvplagiat kan oppstå enten du skriv eit heilt stykke eller berre delar av tidlegare arbeid som nytt. I tillegg kan omskriving (parafrasering) eller feil sitat av ditt eige arbeid også vert rekna som sjølvplagiat.
For å unngå sjølvplagiering må du sørge for å referere til ditt eige arbeid som kjelde dersom du har brukt ein tidlegare innlevert oppgåve ved innlevering av eksamen, arbeidskrav eller anna teljande oppgåve
Gruppeoppgåve
Dersom du saman med andre studentar skriv ei gruppeoppgåve må du vere merksam på at det er oppgåva i si heilheit som vurderast opp mot reglane om fusk. Dette betyr at studentane har eit samla ansvar for at det ikkje vert fuska, og du vil ha same ansvar for den teksten som dei andre studentane har skrive som du har for den teksten du sjølv skreiv.
Fusk under skuleeksamen
Ein kandidat som blir mistenkt for fusk eller forsøk på fusk under eksamen, skal straks gjerast merksam om mistanken og at saka vil bli undersøkt nærmare. Dersom det er mistanke om fusk ved bruk av ulovleg hjelpemiddel, vert det aktuelle hjelpemiddelet inndrege. Kandidaten kan velje å halde fram eller avbryte eksamen.
Kva er skuldkravet?
For at HVO skal kunne sanksjonere handlinga, må det faktiske forholdet kunne reknast som fusk (det objektive vilkåret), og du må ha utført fusket med tilstrekkeleg grad av skuld (det subjektive vilkåret). Dette inneber at handlinga må vere fusk etter gjeldande regelverk, samt at du må ha gjort handlinga med veten og vilje (forsett), eller du må ha handla sterkt klanderverdig (grovt aktlaust).
For at ei handling skal verte rekna som forsøk på fusk, er det eit krav om at studenten bestemte seg for å fullføre fuskehandlinga, men studenten blei oppdaga før fuskehandlinga vart fullbyrda (fullbyrdelsesforsett).
Som student har du eit sjølvstendig ansvar for å sette deg inn i gjeldande reglar, og i eksamen- og prøvesituasjonar stillast det strenge krav til deg som student.
Kva er konsekvensen av fusk?
Dersom fusk eller forsøk på fusk vert oppdaga, kan det få alvorlege konsekvensar. Det kan føre til annullering av eksamen. I tillegg kan det føre til utestenging frå institusjonen for ein periode på inntil 1 år, samt at retten til å gå opp til eksamen ved andre høgskular eller universitet vert fråtatt. Medverknad til fusk eller forsøk på fusk kan føre til utestenging i tilsvarande periode.
Sakshandsaming
Dersom det oppstår mistanke om fusk, blir saka utgreidd. Studenten blir vanlegvis kalla inn til møte med sakshandsamar for fuskesaker. Studenten skal gjerast kjent med mistanken og bakgrunnen for den. Studenten har rett til å gjere seg kjent med dokumenta i saka og gi si forklaring.
Dersom HVO finn at det er grunnlag for å gå vidare med saka vert saka lagt fram for Nemnda for studentsaker for avgjerd.
Nemnda for studentsaker gjer vedtak som førsteinstans i saker om fusk eller forsøk på fusk. Vedtak frå nemnda kan klagast inn til Felles klagenemnd innan tre veker. Felles klagenemnd er ei nasjonal klagenemnd, og dei gjer endeleg vedtak i saka.
Kva er dine rettar?
Medan saka er under vurdering om det er grunn til å røyse sak, har den det gjeld rett til å sjå saksdokumenta, samt å forklare seg. Når sak er røyst, har den det gjeld rett til å bruke advokat eller annan hjelpar på høgskulen si rekning. Advokatbistand vert dekt etter offentleg salærsats og studenten må sjølv kontakte advokat.
Studenten kan klage på vedtak frå Nemnda for studentsaker. Det er Felles klagenemnd som er klageinstans. Vedtak om utestenging kan fremmast inn for tingretten etter Lov om universiteter og høyskoler § 12-10. Slikt søksmål må fremmast innan 3 månadar etter at endeleg vedtak er gjort av Felles klagenemnd.