Sitat og kjeldebruk

Alle studentar som leverer skriftlege eksamensarbeid eller elektronisk innleverte oppgåver pliktar å setje seg inn i regelverket om kjelde- og sitatbruk. Lovlege hjelpemiddel og rett kjeldebruk er omtala i § 5-8 i Forskrift om opptak, studium og eksamen.

Ved eksamen utan tilsyn skal arbeidet

  • ikkje ha vore brukt ved ein annan eksamen ved Høgskulen i Volda
  • ikkje ha vore brukt til eksamen ved andre institusjonar innanlands eller utanlands
  • ikkje referere til eller vere basert på andre sitt arbeid utan at det vert oppgjeve
  • ikkje referere til eller vere basert på eige tidlegare arbeid utan at det vert oppgjeve

Kopiering, tekstnær parafrasering eller avskriving utan kjeldetilvising vert rekna som fusk. Fusk, forsøk på fusk eller medverknad til fusk ved eksamen, arbeidskrav eller andre vilkår som er sette for å gå opp til eksamen, kan føre til reaksjonar, jf. UH-lova § 4-7 og § 4-8, 3. ledd.

Ved mistanke om fusk skal studiedirektøren varslast og studenten/-ane vil verte kalla inn til samtale. Studiedirektøren er ansvarleg for sakshandsaminga i saker om fusk. Klagenemda  ved Høgskulen i Volda avgjer saker om fusk. Jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-10. Fusk og forsøk på fusk.

For meir informasjon om regelverk knytt til sitat- og kjeldebruk, hjelpemiddel og forsøk på fusk, sjå §5-8 og §5-10 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

 

For informasjon om korleis du skal skrive og referere, klikk på boksa under. 

Finn du ikkje informasjonen du treng?

Kontakt Studentsørvis:
 70 07 50 18 | studentsorvis@hivolda.no 
eller kom innom i opningstida: 
måndag-fredag kl. 08.00-15.00

Du finn oss i 1. etasje i Berte Kanutte-huset