Skrive og referere

I skriftlege arbeid vert det forventa at du viser til kjelder i teksten din. God kjeldebruk syner at du har oversikt over fagstoffet, og hjelper deg med å underbyggje argumentasjonen på ein overtydande måte. Det gjer det også enkelt for lesaren å finne kjeldene dine og kontrollere fakta. Du skal alltid sitere kjelda når du brukar andre forfattarar sine ord eller idéar. Å ikkje sitere korrekt, er det same som å seie at dette er dine eigne tankar og idéar. Det er plagiat.

Om ikkje faglæraren din fortel deg noko anna, kan du bruke APA referansestil til å sitere kjelder og lage litteraturliste.