Zotero

Zotero er eit gratis program som kan nyttast til referansehandtering. Zotero samlar inn, administrerer og siterer kjelder på liknande måte som EndNote. Du kan lagre referansar i eit bibliotek, og deretter bruke dei til å sitere i teksten og lage litteraturliste når du skriv. Zotero er lett tilgjengeleg på alle plattformer, og kan i utgangspunktet brukast over alt. Om du lastar ned programmet til ein datamaskin og samtidig opprettar ein konto på nettet, vil du få tilgang til biblioteket ditt frå kva som helst slags datamaskin. Zotero kan brukast saman med Word.