Unngå plagiering

Plagiering vil seie å bruke andre sine formuleringar, tekstar, idéar, bilete og liknande, utan å lage presise kjeldetilvisingar. Det er svært viktig at du i skriftlege arbeid alltid viser til dei kjeldene du har brukt. Dersom du ikkje gjer det, kan du bli tatt for plagiat og fusk. Alle studentar som leverer eksamensarbeid og oppgåver, pliktar å setje seg inn i regelverket.