EndNote

EndNote er eit verktøy for referansehandtering (kjeldehandtering). Med EndNote kan du finne, lagre og organisere referansar. Deretter kan du bruke EndNote til å sitere kjeldene og lage litteraturliste i det skriftlege arbeidet ditt. Dette kan gjerast medan du skriv i Word.

Alle tilsette og masterstudentar ved HVO kan ta i bruk verktøyet i samband med eige arbeid med forsking, publisering og oppgåveskriving.

For masterstudentar er det enklast å bruke EndNote Online. Dette er ein nettbasert variant av EndNote som ein slepp å laste ned til eigen datamaskin.