Eksamen
Eksamen ved Høgskulen i Volda er i hovudsak lagt til slutten av haustsemesteret og slutten av vårsemesteret.
Høgskulen i Volda nyttar fleire ulike vurderings- og eksamensformer, enten kvar for seg eller i kombinasjon. Vurderingsforma for det einskilde emnet eller studiet framgår av dei gjeldande emne- og studieplanane.
Datoar for eksamen går fram av eksamensplanen som blir kunngjort i det føregåande semesteret. Det er studenten sitt eige ansvar å sjekke dato og tid på emnet/emna ein er meldt opp til, og passe på at eksamenane ikkje kolliderer. Sjå dine oppmeldingar i Studentweb.
Kontinuasjonseksamen
I påfølgande semester blir det oppretta vurdering i emne der studentar har utløysande rett til kontinuasjon. Sjå Ofte stilte spørsmål nedst på denne sida. Kontinuasjonseksamen vert gjennomført i veke 40 og i veke 10 i studieåret. Det kan førekome unntak. Det vert ikkje oppretta kontinuasjonseksamen i emne som går ordinært i same semester.
For studentar: Du finn meir informasjon om kontinuasjonseksamen ved å logge inn på Studentportalen (HVO).
Oppmelding til ordinær- og kontinuasjonseksamen
Fristen for å melde seg til ordinær- og kontinuasjonseksamen er 1. september for haustsemesteret, og 1. februar for vårsemesteret. Dersom du ikkje får meldt deg til eksamen via Studentweb, kan du bruke dette skjemaet (opent i perioden 12. desember til 1. februar for vårsemesteret og 1. juli til 1. september for haustsemesteret):
Gå til nettskjema for oppmelding til eksamen (nynorsk/engelsk)
Gå til nettskjema for oppmelding til eksamen (bokmål/engelsk)
Alle digitale eksamenar ved Høgskulen i Volda blir gjennomførte i WISEflow.
For spørsmål om eksamen, ta gjerne kontakt på eksamen@hivolda.no eller ring sentralbordet på 70075000.
Tilrettelegging av eksamen
Dersom du har spesielle behov ved eksamen, kan du søkje om tilrettelegging. Dette behovet må dokumenterast av lege eller annan sakkunnig.
Merk at fristen for å sende inn søknad er 1. oktober for haustsemesteret, og 15. februar for vårsemesteret.
Fristen for å ettersende dokumentasjon i samband med søknad om tilrettelegging, er 15. oktober for haustsemesteret, og 1. mars for vårsemesteret. Særskild tilrettelegging er normalt utvida tid eller bruk av hjelpemiddel. Andre tiltak kan vurderast når det er dokumentert særlege behov.
For studentar: Du finn meir utfyllande informasjon om ordninga og korleis du søker ved å logge inn på Studentportalen (HVO).
Meir om eksamen og regelverk
Privatisteksamen
Høgskulen i Volda arrangerer privatisteksamen i emne der det allereie er satt opp eksamen. Privatistar er eksamenskandidatar som ikkje har studierett på det aktuelle studiet. Privatistar kan ikkje vere utestengt frå høgskulen eller ha blitt fråteke retten til å gå opp til eksamen ved institusjonar under universitets- og høgskulelova.
Privatistar må betale semesteravgift og eksamensavgift. Eksamensavgifta er som følgjer:
- Emne opptil 15 studiepoeng: 3000 kr
- Emne mellom 16 og 30 studiepoeng: 4000 kr
- Emne over 30 studiepoeng: 6000 kr
Privatistar må vere kvalifiserte til å ta emnet (forkunnskapskrav og opptakskrav), samt vere kvalifiserte til å gjennomføre eksamen (eventuell obligatorisk aktivitet).
Retningslinjer for privatisteksamen ved Høgskulen i Volda er å finne her: Retningslinjer for privatisteksamen.
Dersom du ønsker å gjennomføre privatisteksamen, kan du kontakte eksamensteamet på e-post for å få informasjon om søknadsprosessen: eksamen@hivolda.no.
Søknadsfristen er 15. august for haustsemesteret og 15. januar for vårsemesteret.
Ofte stilte spørsmål om eksamen
Kor mange eksamensforsøk har eg?
Normalt har du tre eksamensforsøk på kvar eksamen. Ein student som ikkje har bestått ein eksamen etter tre forsøk, kan i særlege tilhøve søke om eit fjerde eksamensforsøk. Studieprogresjon og faglege prestasjonar kan telje med i vurderinga av ein slik søknad.
For studentar: Du kan lese meir om dette ved å logge inn på Studentportalen.
Om du ikkje er aktiv student kan du ta kontakt med eksamen@hivolda.no for å få meir informasjon om søknadsprosessen, dersom dette er aktuelt for deg.
Kva gir utløysande rett til kontinuasjonseksamen?
Følgjande gir rett til kontinuasjonseksamen til kontinuasjonseksamen i påfølgande semester:
- Gyldig fråvær
- Resultatet F eller ikkje bestått
- Trekk under ordinær eksamen (at du møter opp på skule-/munnleg eksamen, men vel å trekke deg utan å fullføre, eller at du loggar inn og leverer blankt på heimeeksamen)
Merk at du sjølv må melde deg opp til kontinuasjonseksamen innan 1. februar for vårsemesteret og 1.september for haustsemesteret. Dette gjer du normalt i Studentweb. Dersom du ikkje har tilgang til å gjere det der, må du bruke nettskjemaet for kontinuasjonseksamen som du finn lenger oppe på denne sida.
Trekk frå eksamen før fristen, ikkje møtt eller ikkje levert eksamen gir ikkje utløysande rett.
Kan eg melde meg opp til kontinuasjonseksamen utan å ha utløysande rett?
Ja. Studentar utan utløysande rett kan melde seg til kontinuasjonseksamen innan fristen. Men eksamen blir berre arrangert dersom minst ein student med utløysande rett er meldt opp innan fristen. Dersom du har meldt deg opp til kontinuasjonseksamen, vil du få beskjed om det blir arrangert eksamen eller ikkje etter søknadsfristen.
Kan eg levere ei forbetra semesteroppgåve ved ei ny eksamensgjennomføring?
Ja, men kva du kan levere er avhengig av om du har bestått oppgåva før eller ikkje. Det er alltid fagmiljøet som avgjer kva som krevst:
- Viss du har bestått oppgåva frå før: Hovudregelen er at du må skrive ei heilt ny oppgåve med ny problemstilling.
- Viss du ikkje har bestått: Du kan etter avtale omarbeide den opphavlege oppgåva, eller skrive ei ny.
For at ei omarbeidd oppgåve skal bli godkjend som eit nytt forsøk, må det gjerast vesentlege endringar av den opphavlege oppgåva. Dette kan til dømes innebere at oppgåva:
- inneheld svar på nye problemstillingar
- bruker nytt empirisk materiale (kjelder/data)
- inneheld ei vesentleg endra analyse og tolking av den opphavlege empirien
Merk at du alltid må kontakte emneansvarleg eller rettleiar i god tid for å få ei fagleg avklaring på kva som må endrast for at oppgåva skal kunne reknast som ein forbetra versjon.
Du har sjølv ansvar for å setje deg inn i regelverket for gjenbruk av arbeid (sjå retningslinjer om fusk ved HVO).
Kan eg levere ein forbetra versjon av ein mappeeksamen ved ei ny eksamensgjennomføring?
Ja, men kva du kan levere er avhengig av om du har bestått mappeeksamenen før eller ikkje. Det er alltid fagmiljøet som avgjer kva som krevst:
Viss du har bestått mappeeksamenen frå før: Hovudregelen er at du må levere heilt nye arbeid eller oppgåver i mappa.
Viss du ikkje har bestått: Du kan etter avtale omarbeide delar av den eksisterande mappa, eller løyse heilt nye oppgåver.
Merk at du alltid må kontakte emneansvarleg i god tid for å avklare bruk av allereie innlevert studentarbeid, og for å få ei fagleg avklaring på kva delar som må endrast eller bytast ut for at mappeeksamenen skal kunne reknast som ein forbetra versjon.
Du har sjølv ansvar for å setje deg inn i regelverket for gjenbruk av arbeid (sjå retningslinjer om fusk ved HVO).
Kor mange eksamensforsøk har eg på master- og bacheloroppgåver?
Dersom du har fått karakteren F eller ikkje bestått, kan du levere ei ny eller omarbeidd oppgåve éin gong i løpet av dei to påfølgjande semestera. Det må avklarast med emneansvarleg og/eller rettleiar kva endringar som må gjerast for at oppgåva skal kunne reknast som ny eller omarbeidd.
Dersom du trekk deg frå levering etter trekkfristen, eller ikkje har levert oppgåva innan fristen, bruker du eit eksamensforsøk. Du kan då levere oppgåva til sensur éin gong i løpet av påfølgjande semester.
I begge tilfella må du melde deg opp til kontinuasjonseksamen innan gjeldande frist for semesteret.
Dersom du har fått bestått karakter på master- eller bacheloroppgåve er det normalt ikkje høve til å levere på nytt. I særskilde høve kan ein student etter søknad få lov til å skrive ei ny oppgåve éin gong.
For studentar: Du kan lese meir om dette ved å logge inn på Studentportalen.
Dersom du ikkje er aktiv student kan du ta kontakt med eksamen@hivolda.no for å få informasjon om søknadsprosessen.