Karaktersystem/vitnemål/grader
Alle resultat frå høgare utdanning ligg i Vitnemålsportalen. Dette gir deg ein rask og trygg måte å dele informasjon om utdanning du har fullført.
Vitnemål - Diploma supplement - duplikat
Vitnemål
Dei som fullfører eit studium til vanleg tid finn vitnemålet i Vitnemålsportalen. Det vert også generert Diploma Supplement som du finn same stad.
Er du aktiv student, kan du bestille karakterutskrift i Studentweb. Vi nyttar heimeadressa som ligg i Studentweb - hugs å registrere rett adresse.
Diploma Supplement
Diploma Supplement er å finne i Vitnemålsportalen - på engelsk - til alle studentar som får vitnemål for fullført grad ved universitet og høgskular i Norge.
Diploma Supplement er ei forklaring på oppbygging av studiet og ei oversikt over det norske utdanningssystemet. Det kan nyttast ved søking til andre institusjonar i utlandet eller ved jobbsøking.
For meir informasjon om Diploma Supplement i Norge, sjå NOKUT sine nettsider.
Skal du studere i utlandet kan du be om papirversjon av vitnemålet dersom den utanlandske institusjonen krev dette - det må dokumenterast. Mange utanlandske institusjonar tek i mot lenke i frå Vitnemålsportalen - du kan velje engelsk språk før du deler.
Duplikatvitnemål
Duplikat av vitnemål kan du søkje om å få. Vi trykker kun vitnemål der det er mogleg å hente fram digital informasjon som skal på vitnemålet. Duplikat vitnemål har ein kostnad på kr. 750,- Avgifta må vere betalt før du får tilsendt vitnemålet.
Digitalt vitnemål og karakterutskrift
Kva er eit digitalt vitnemål?
Eit digitalt vitnemål er eit fullverdig vitnemål, og det same vitnemålet som blir trykt på papir. Det digitale vitnemålet er elektronisk signert av SIKT – kunnskapssektoren sin tenesteleverandør. Det er ei nasjonal og verifisert sektorløysing for deling av vitnemål i høgare utdanning.
Det digitale vitnemålet ligg på Vitnemålsportalen.
Når det det digitale vitnemålet ditt er produsert, vil det ligge i Vitnemålsportalen. Der vil du alltid kunne finne det igjen, og du kan difor ikkje miste vitnemålet ditt.
Gyldig vitnemål – del lenkje, ikkje print
For at vitnemålet ditt skal vere gyldig, må du dele vitnemålet ditt i Vitnemålsportalen. Dette betyr at du delar ei lenkje i Vitnemålsportalen til dei du ønskjer skal sjå vitnemålet ditt.
Karakterutskrift
All fullført utdanning vil ligge i Vitnemålsportalen. Du kan sjølv generere karakterutskrifter frå Vitnemålsportalen. Her kan du også lage eigne samansetningar for kva resultat du ønskjer at skal vise på karakterutskrifta di. Dette gir deg ein rask og trygg måte å dele informasjon om utdanning du har fullført.
Karaktersystem
Nynorsk
Symbol | Nemning | Generell, ikkje fagspesifikk omtale av vurderingskriterium |
A | framifrå | Framifrå prestasjon som skil seg klart ut. Kandidaten syner særs god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende. |
B | mykje god | Mykje god prestasjon. Kandidaten syner mykje god vurderingsevne og sjølvstende. |
C | god | Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten syner god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda. |
D | nokså god | Akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Kandidaten syner ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende. |
E | tilstrekkeleg | Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Kandidaten syner lita vurderingsevne og lite sjølvstende. |
F | ikkje greidd | Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. Kandidaten syner både manglande vurderingsevne og sjølvstende. |
Bokmål
Symbol | Betegnelse | Generell, ikke fagspesifikk beskrivelse av vurderingskriterier |
A | fremragende | Fremragende prestasjon som klart utmerker seg. Kandidaten viser svært god vurderingsevne og stor grad av selvstendighet. |
B | meget god | Meget god prestasjon. Kandidaten viser meget god vurderingsevne og selvstendighet. |
C | god | Jevnt god prestasjon som er tilfredsstillende på de fleste områder. Kandidaten viser god vurderingsevne og selvstendighet på de viktigste områdene. |
D | nokså god | En akseptabel prestasjon med noen vesentlige mangler. Kandidaten viser en viss grad av vurderingsevne og selvstendighet. |
E | tilstrekkelig | Prestasjonen tilfredsstiller minimumskravene, men heller ikke mer. Kandidaten viser liten vurderingsevne og selvstendighet. |
F | ikke bestått | Prestasjon som ikke tilfredsstiller de faglige minimumskravene. Kandidaten viser både manglende vurderingsevne og selvstendighet. |
Stått/ikkje stått:
"Skillet mellom bestått karakter og ikke bestått skal beskrives som absolutte krav. Kriterier for bestått karakter skal gjenspeile faglig mestring i emnet, tilpasset det aktuelle studienivå. Kravene til bestått skal ikke gjøres avhengig av endringer i studentenes forutsetninger for å gjennomføre emnet.
Grensen mellom bestått og ikke bestått kan settes høyere enn grensen mellom E og F der en kun benytter uttrykkene bestått/ikke bestått og ikke den graderte skalaen." (Utdrag av brev frå UFD av 10.05.04.)
Doktorgrad (Ph.D)
Etter fullført mastergrad er det mogleg å ta ein doktorgrad (Ph.D.-grad). Utdanninga er normert til tre år og går føre seg innanfor rammene av eit organisert program.
Doktorgradsutdanninga består av ei avhandling og ein opplæringsdel. Opplæringsdelen utgjer minst 30 studiepoeng av programmet. Innanfor utdanninga er det høve til utanlandsopphald, tverrfagleg samarbeid og deltaking i forskarskular.
Ved slutten av doktorgradsutdanninga blir ein tildelt Ph.D.-graden på grunnlag av:
- Gjennomført opplæringsdel.
- Vitskapleg avhandling.
- Doktorgradsprøve.
Doktorgradsprøven består av ei prøveførelesing og eit offentleg forsvar av avhandlinga (disputas).
Mastergrad
Mastergraden er ein høgare grad, med normert studietid på to år etter bachelorgraden, totalt 5 år høgare utdanning. Kravet for å kome inn på mastergraden er vanlegvis bachelorgrad eller tilsvarande, innan eit fagfelt som er relevant for mastergraden.
Det finnast også integrerte masterutdanningar som startar på grunnivå og varer 5-6 år.
Bachelorgrad
Bachelorgraden er ein lågare grad og har ei normert studietid på tre år. Bachelorgraden vart innført hausten 2002, og difor må delar av utdanninga vere avslutta etter dette. Det er også krav om at minst 60 studiepoeng må vere frå skulen der du søkjer om graden.
Ein kan få bachelorgrad ved å:
- følgje eit fastlagt 3-årig bachelorprogram
- setje saman ein bachelorgrad sjølv, etter fastsette reglar - ein fri bachelorgrad. Du søkjer om graden etter at du har fullført alle delar, med eige skjema som ligg på skjemasida vår.
Yrkesretta utdanningar
Bachelor i sosialt arbeid – barnevernspedagog og sosionom
Studieprogramma i sosialt arbeid er treårige integrerte profesjonsutdanningar. Arbeidsområdet omfattar både førebyggande- og klientretta arbeid, sakshandsaming og oppfølging.
Barnevernspedagogutdanninga kvalifiserer til arbeid ved barnevernstenesta i kommunesektoren, i kultur- og oppvekstsektoren, i ungdomsklubbar, i skule og skulefritidsordningar og i barne- og ungdomsinstitusjonar.
Sosionomutdanninga kvalifiserer til arbeid i sosial- og barnevernstenesta, i arbeid retta mot funksjonshemma, i skuleverket, ved familierådgivingskontor, i fengsel og kriminalomsorg i fridom og i rusmiddelomsorg.
Barnehagelærar
Utdanninga kvalifiserer til arbeid som pedagogisk leiar og styrar i barnehagar. Andre aktuelle arbeidsplassar er døgninstitusjonar for barn, skulefritidsordningar og offentleg administrasjon. Med 60 studiepoeng vidareutdanning i fag innretta mot undervisning på småskulesteget eller minst 60 studiepoeng spesialpedagogikk er barnehagelærarar kvalifiserte til arbeid i 1. til 4. klasse i grunnskulen.
Grunnskulelærarutdanningane har ei studietid på 5 år og gir deg ei mastergrad etter avslutta studium. Desse er delte inn grunnskulelærarutdanning for 1. - 7.trinn og grunnskulelærarutdanning for 5. - 10. trinn.
Praktisk-pedagogisk utdanning
Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er ei yrkesutdanning på 60 studiepoeng (heiltid/deltid) som primært kvalifiserer for lærararbeid på ungdomssteget i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Utdanninga gir også undervisningskompetanse på andre opplæringsarenaer innanfor fagområdet ditt.
Fri bachelorgrad
Vil du byggje din eigen bachelorgrad med nye eller tidlegare studium? Bachelorgraden vart innført hausten 2002, og difor må delar av utdanninga vere avslutta etter dette. Det er også krav om at minst 60 studiepoeng må vere frå skulen der du søkjer om graden.
Det vi skriv gjeld Høgskulen i Volda, mens andre høgskular og universitet har eigne forskrifter.
Oppbygging av fri bachelorgrad
Dette er regulert av Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
Graden bachelor blir tildelt på grunnlag av eksamen i studieprogram, fag og emne med eit samla omfang på 180 studiepoeng. Sjølvvald/fri bachelorgrad krev følgande samansetjing:
- minst ei eining på minimum 80 studiepoeng i eit fagområde, der minimum 20 studiepoeng er på fordjupingsnivå, eller eit integrert studium på 120 studiepoeng, og
- minst ei eining på minimum 30 studiepoeng i eit anna fagområde, og
- eit sjølvstendig arbeid knytt til fordjupingsnivået på minimum 15 studiepoeng, til dømes ei bacheloroppgåve.
Vidare må ein fylle krav i Forskrift om godskriving og fritak av høgre utdanning
- minst 60 studiepoeng av utdanninga må vere frå Høgskulen i Volda
- dersom delar av grunnlaget for graden tidlegare har vore med i grunnlag i ei grad eller yrkesutdanning, må ein avlegge minst 60 nye studiepoeng ved institusjonen (Høgskulen i Volda)
Når du meiner du fyller alle desse krava, kan du søkje om graden.
Kontakt Studentsørvis:
70 07 50 18 | studentsorvis@hivolda.no
eller kom innom i opningstida:
måndag-fredag kl. 08.00-15.00
Du finn oss i 1. etasje i Berte Kanutte-huset