Kontinuasjonseksamen
(Godkjent av høgskuledirektør ved Høgskulen i Volda 31.03.2023)
Kontinuasjonseksamen (konteeksamen) ved HVO gjennomførast i påfølgjande semester - veke 10 og veke 40. Det kan førekome unntak. Det vert ikkje oppretta kontinuasjonseksamen i emne som går ordinært i same semester.
Kontinuasjonseksamen gjennomførast hovudsakleg med den same vurderingsforma som siste ordinære eksamen. Det kan gjerast unntak av omsyn til praktiske eller faglege grunnar.
Ta kontakt med studentsorvis@hivolda.no ved spørsmål knytt til kontinuasjonseksamen.
For å ha rett til kontinuasjonseksamen må du under ordinær eksamen ha:
- ein dokumentert medisinsk grunn/velferdsgrunn som hindra deg i frå å gå opp til ordinær eksamen
- ikkje bestått/karakter F på ordinær eksamen
- avbrudd under ordinær eksamen
Studentar utan utløysande rett kan melde seg til kontinuasjonseksamen innan fristen. Men eksamen blir berre arrangert dersom minst ein student med utløysande rett er meldt opp innan fristen.
Korleis og når melder eg meg til kontinuasjonseksamen?
Oppmeldingsfristen for kontinuasjonseksamen er den same som ved ordinær eksamen:
- 1. september for haustsemesteret
- 1. februar for vårsemesteret
Du som student må sjølv hugse å melde deg opp til kontinuasjonseksamen innan fristen. Er du aktiv student på studiet og har rett til kontinuasjonseksamen, kan du melde deg opp i Studentweb i etterkant av at resultatet til ordinær eksamen er kunngjort. Du kan også melde deg opp ved å fylle ut skjema for oppmelding til kontinuasjon.
Det er studenten sjølv sitt ansvar å kontrollere kva emneplan og pensum/litteratur som gjeld.
Du har ikkje rett til kontinuasjonseksamen dersom du:
- ikkje har møtt til eksamen (trekk etter frist)
- ikkje er meldt opp til ein ordinær eksamen (trekk før avmeldingsfrist)
- har fått annullert eksamen pga. fusk
- ønskjer å forbetre ein stått karakter (her er det eigne retningslinjer)
Kva skal til for at kontinuasjonseksamen vert gjennomført?
For at det skal arrangerast kontinuasjonseksamen, må minst ein student med rett til kontinuasjonseksamen vere meldt opp til eksamen innan fristen. Studentar som ønskjer å forbetre karakter kan melde seg til kontinuasjonseksamen. Oppmeldinga vert trekt frå eksamen, om det ikkje vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar som har rett til ein slik eksamen.
I emne som utgår, vert det arrangert kontinuasjonseksamenar i dei to påfølgande semestera for kvalifiserte studentar som ynskjer det og søkjer innan fristen.