Val av studentar til HVO-styret
– Viss du er oppteken av din eigen studiekvardag, er styret for Høgskulen i Volda (HVO) plassen å vere, seier avtroppande studentrepresentant Sunniva Bolseth. Saman med leiar i valstyret, Per Johan Ramsli, skal ho i dag rundt på campus for å motivere studentane til å stille til val til dei to plassane studentane har i det øvste organet ved HVO.
Nominasjon
– No er det viktig å få nominert motiverte studentar til valet. Fristen for å nominere er måndag 26. september. Vi tar med nominasjonssetlar slik at studentane kan nominere når vi kjem til klassane, seier Per Johan Ramsli.

Per Johan Ramsli og Sunniva Bolseth.
Ei verdfull erfaring
For Sunniva Bolseth har arbeidet i styret vore svært gjevande og lærerikt.
– Styrearbeidet har gjeve meg større innsikt i korleis ein stor organisasjon som HVO og samfunnet elles fungerer. I styret er der mange kunnskapsrike folk eg har lært mykje av. Eg føler at eg har vore med på å påverke i saker som er viktig for studentane. Styrearbeid gjer seg også godt på CV’en, seier ho.
Meir info finn du på Valstyret sine sider.





