Spennande studentopphald i Russland
- Eg har det utroleg fint i St. Petersburg, mykje betre enn eg hadde trudd på førehand, fortel Helene Imislund, som studerer andre året på bachelorgraden sin i journalistikk. No tek ho russisk ved University of St. Petersburg, og opphaldet i ein av Russlands mest spennande byar vert ein integrert del av bachelorgrada hennar i journalistikk.
Dette semesteret er omlag 100 studentar ute i verda på ulike stadar, opplyser internasjonalt kontor ved Høgskulen i Volda.
- Eg har fått veldig mange vener frå heile verda, og sjølv om mange av studentane ved University of St. Petersburg er utlendingar, har eg blitt kjent med mange russarar, fortel Helene.
- Russera ser gjerne alvorsame ut når du ser dei på gata, i alle fall på TV, men eigentleg er dei veldig hyggelege og gjestmilde.
Snakkar endeleg russisk
Ho fortel vidare at ho har lært svært mykje av utanlandsopphaldet, spesielt om det å vere utlending og ikkje skjøne språket så godt.
- Det går betre og betre, og etter ein månad gjekk det opp for meg at eg faktisk forstod kva folk sa. No begynner faktisk mitt eige snakk også å kome seg også.
- Det er mykje lekser ved universitet, og skule kvar dag frå halv ti til tre, men opplegget er godt og Helene vil anbefale alle som har utferdstrong til å vurdere eit halvår i Russland.
Les meir om Center for Russian language and culture ved University of St. Petersburg.
Lyst å vite meir?
Ta kontakt med Internasjonalt kontor ved Cecilie Wilhelmsen, Berte Kanutte-huset, 3. etg.
Helene utanfor Eremitasjen\Vinterpalasset i St. Petersburg.
Nevskji
Petrodvorets