Nye studentrepresentantar i SfS-styret
Studenttinget hadde sitt tredje møte dette studieåret onsdag 01.12. Ei av sakene var val til styret i SfS. Jonas Østvik, Eivind Nævdal-Bolstad og Christina Krogstad vart valde inn som faste representantar i styret til SfS.
Nataniel Kristoffersen, Thomas Kleppe og Stephanie Lund vart valt som vara.
Studentsamskipnaden er service- og velferdsorganisasjonen for studentar i Volda og Ålesund. SfS driv kantinene ved høgskulane, hybelutleige, hytte- og båtutleige, bokhandel, barnehage, kro og helsetenester. SfS deler også ut stønad til ulike andre velferdstiltak i studentmiljøet.
Høgskulane har det strategiske ansvaret for velferdstilbodet, Samskipnaden det operative. Ved å legge dei sosiale, kulturelle og materielle vilkåra til rette for studentane, skal SfS bidra til ein trygg og effektiv studiesituasjon.
Les meir om Studentsamskipnaden for Sunnmøre og følg SfS på Facebook.





