Dramastudentar har eksamensforestillingar frå H. C. Andersen
- Det er viktig at folk møter oss, for studentane treng publikum å bryne seg på. Torsdag og fredag er det nemleg eksamen i forteljing og retorikk, så kvar time får ein sjå og høyre tre studentar fortelje.
Tid:
Torsdag 3. juni kl 13.00 og kl 14.00.
Fredag 4. juni kl 9.00, 10.00, 11.00, 12.00 og 13.00.
Stad:
Teatersalen i Henrik Kaarstad-huset
Gratis inngang. Artig oppleving.
Dramastudentane har no eksamen i emnet Forteljing og retorikk. Dei framfører tre og tre forteljingar, historier og eventyr frå H. C. Andersen.
Les meir om drama på nettsidene www.hivolda.no/drama






