Idrett og friluftsliv

Høgskulen i Volda har eit fagmiljø med høg kompetanse og lang erfaring innanfor idrett og friluftsliv. Som student ved desse faga får du delta i- og lære gjennom varierte aktivitetar i eit stimulerande fagleg og sosialt miljø. Du får tilgang til gode fasilitetar som idrettshall, treningsbaner, treningsrom, testlaboratorium og den praktfulle sunnmørsnaturen.

Våre studietilbod:

Hos oss møter du ulike fagområde

  • Ernæring og fysisk aktivitet
  • Friluftsliv i ulike naturområde til ulike årstider
  • Helsefremjande arbeid
  • Idrett og samfunn
  • Motivasjonspsykologi
  • Motorisk læring
  • Naturguiding i fjordlandskap
  • Naturguiding i vinterlandskap
  • Prestasjonsutvikling
  • Undervisningslære
  • Ski
  • Treningslære
  • Vitskapleg metode

Ved Idrett og Friluftsliv møter du eit aktivt studentmiljø med gode fasilitetar for idrett og trening. I Sunnmørsnaturen har vi gode forhold for friluftsliv frå fjøre til fjell.

Bachelor i Friluftsliv og naturguide utdannar deg til å jobbe som naturguide og leiar innan friluftsliv.
Bachelor i Idrett og kroppsøving utdannar deg til å jobbe med undervisning i kroppsøving og idrettsfag.
I tillegg kvalifiserer utdanninga deg til å jobbe innanfor idrett og andre frivillige organisasjonar samt innanfor den kommersielle treningsbransjen. 

Vi tilbyr også enkeltkurs. 

Følg oss på Facebook, Idrett & Friluftsliv og møt våre studentar og korleis dei har hatt det i Volda.

 

Har du spørsmål?

Seksjonsleiar Idrett og Friluftsliv Kjetil Laurits Høydal
Studieprogramleiar Idrett og kroppsøving Elisabeth Helen Innselset
Studieprogramleiar Friluftsliv og naturguide Stig Løland

Tilsette ved Idrett og Friluftsliv