Praksis i PPU

Praksis krev eit tett og godt samarbeid mellom fleire partar, både mellom HVO, praksisskulane og studentane på PPU. Vi ynskjer derfor at alle skal vere kjende med kva ansvar ein har og kva som vert forventa av dei ulike aktørane. Vi vonar informasjonen på denne sida vil gje denne innsikta. Er det noko du saknar eller lurer på, ta kontakt med oss.

Om praksis

I løpet av PPU-studiet skal studenten til saman ha 60 dagar med praksis. I praksis skal studenten ta over undervisninga i 8-12 undervisningsøkter à 45 minutt (om lag 6-9 klokketimar) per praksisveke. Studenten skal i hovudsak ha praksis i fag som personen har undervisningskompetanse i.

Dei 60 dagane med praksis er fordelt på to praksisemne, Praksis 1 og Praksis 2. Inndelinga av praksis er ulik mellom PPU allmennfag og PPU Yrkesfag. Lenke til emneplanar for praksis ligg under praktisk informasjon lenger nede.

Praksis skal vere rettleia og vurdert. Det betyr at praksislærar skal vere med i timane studenten underviser i, og at studenten får jamnleg rettleiing i forholdet 1:3 opp mot tal praksistimar (2-3 klokketimar per veke). Dersom det er fare for ikkje stått i praksis, les meir under "Fare for ikkje stått i praksis" lenger nede på sida.

Det er 100 % oppmøte i praksis. Dersom det vert fråvær i løpet av perioden må dette takast att. I praksisperioden fylgjer studenten den arbeidstidsordninga som er ved praksisskulen.

Det er lagt til rette for at studenten får høve til å føreslå aktuelle praksisskular til praksiskoordinator. Praksis vert avtalt mellom praksiskontoret ved Høgskulen i Volda og praksisstad.

Skikkavurdering

I lærarutdanninga er det krav om at ein skal vere personleg eigna til å utføre jobben. Det er viktig at ein gjer vurderingar om studenten er skikka for yrket i løpet av praksisperiodane. Les meir om skikkavurdering her. På den sida finn ein lenke til å sende inn tvilsmelding.

PPU Allmennfag

For PPU allmennfag består praksis 1 av to dagar observasjonspraksis og 28 dagar med praksis i anten grunnskulen (5-10 trinn) eller vidaregåande skule. Føremålet med observasjonspraksis er å observere ulike lærarar i undervisningssituasjonar og vere ei øving i observasjon som metode. Deltidsstudentar avtalar direkte med ein skule om gjennomføring av observasjonspraksis.

Praksis 2 består av 30 dagar praksis i anten grunnskulen (5-10 trinn) eller vidaregåande skule. Halvparten av praksis 2 kan gjennomførast i utlandet.

I løpet av praksis skal ein ha hatt praksis i både grunnskulen og i vidaregåande skule. Samla sett kan inntil 50% av praksis vere på kulturskule, vaksenopplæring, folkehøgskule.

PPU Yrkesfag

For PPU yrkesfag er praksis 1 to dagar observasjonspraksis og 28 dagar med praksis i vidaregåande skule. Praksis 2 er 20 dagar praksis i vidaregåande skule og 10 dagar praksis i ungdomsskulen.

Føremålet med ungdomsskulepraksis er å verte kjent med utdanningstrinnet og gi studentane erfaringsbasert kunnskap om overgangen mellom skulenivåa og kjenne til og forstå elevmangfaldet. Det er også ynskjeleg at skulen og andre samarbeidspartnarar skal kunne nytte seg av yrkesfaglæraren sin kompetanse inn mot skulene sine fag, t.d. valfag og utdanningsval.

Praksislærar får ein fast kompensasjon for 10-dagar ungdomskulepraksis, sjå lønsinformasjon. Studenten avtalar sjølv med ein ungdomskule for gjennomføring av 10-dagar ungdomskulepraksis. Sjå «skjema til bruk i praksis» under for avtaleskjema og sluttrapport for ungdomskulepraksis.

Praksis på eigen arbeidsstad

Det er mogleg å ha inntil 50% av praksis ved eigen arbeidsstad. Ta kontakt med praksiskoordinator dersom dette er aktuelt. Praksis på eigen arbeidsstad fylgjer rammene for PPU-praksis, med dei same krava for kvalifisert praksislærar i relevante fag. Praksistimane skal ikkje vere i eiga klasse.

Utanlandspraksis

Det er mogleg å ta delar av praksis 2 i utlandet. PPU har per i dag samarbeid med skular i Frankrike og Austerrike om praksis. Ta kontakt med praksiskoordinator dersom dette er aktuelt.

Rolleforventingar

Vi har visse forventingar både til praksisstudent og praksislærar. Under er det nærare skildra kva som ligg i dei ulike rollene.

Praksisstudent
  • Du er forventa å gjere deg kjend med informasjonen og innleveringsfristane som ligg under praksismodulen i Canvas.
  • Du har eit ansvar for å etablere kontakt mellom deg og praksislærar og at du er ein trygg vaksen i møte med elevane.
  • Alle undervisningsøkter skal planleggast skriftleg og planar skal verte levert til praksislærar før undervisning/rettleiing. Lenke til planleggingsskjema finn du lenger nede på sida under «skjema til bruk i praksis» under praktisk informasjon.
  • Du skal møte presis og godt budd, både til undervisningsøkter, rettleiing og andre møter med skulen.
  • I løpet av praksisperioden skal ein faglærar frå HVO ha praksisbesøk (dette kan vere digitalt). Det er studenten sitt ansvar å ta kontakt med tildelt faglærar og avtale tidspunkt for praksisbesøket. Praksislærar skal delta på delar av møtet.
  • Studenten skal levere sluttvurdering i Canvas etter enda praksisperiode, sjå «skjema til bruk i praksis».
Praksislærar

Praksislæraren er den viktigaste aktøren for å sikre at studenten får ei utbytterik og lærerik praksisperiode.

  • Du skal la studenten observere deg og klassa i dei fyrste timane av kvart fag som studenten skal ha praksis i.
  • Det er forventa at du gir systematisk før- og etterrettleiing. Forholdet mellom rettleiing og undervisning skal vere minst 1:3, det er rettleiinga du får betalt for i samband med praksis.
  • Gjennom rettleiinga skal du hjelpe studenten til å reflektere over eiga rolle. Det er viktig at studenten får tydelege framovermeldingar om korleis hen kan forbetre seg i lærarrolla. Vi ynskjer at du skal oppmuntre, støtte og gje spelerom slik at studenten opplever meistring og glede, sjølv om det ikkje er feilfritt eller perfekt.
  • Det er ynskjeleg at skulen legg til rette for at studenten får høve til å observere anna undervisning enn dei fastsette 8-12 praksistimane. Anten med deg, andre lærarar og/eller medstudentar på praksisskulen.
  • Om lag halvvegs i praksisperioden skal du ha ei midtvegsvurdering med utgangspunkt i sluttrapportskjemaet. Sjå "skjema til bruk i praksis" under praktisk informasjon.
  • Som praksislærar skal du så raskt som råd ta kontakt om det er tvil om stått praksis, sjå "varsel om fare for ikkje stått praksis" under praktisk informasjon lenger nede.
  • Dersom det er tvil om studenten er skikka til læraryrket er det viktig at du tek kontakt med praksiskoordinator eller studieleiar.
  • Lønsinformasjon er her.
Praksisskule
  • Praksisskulen ved rektor eller praksiskoordinator har ansvar for å ta imot studentane ved starten av praksis og avslutte praksisperioden på ein tenleg måte. Det er forventa at rektor/praksiskoordinator forhøyrer seg individuelt med studentane om korleis det går i praksis.
  • Dersom praksislærar ikkje kan gjennomføre praksis, har rektor eller praksiskoordinator ansvar for å informere praksiskoordinator ved HVO.
  • Det skal verte lagt til rette for at praksislæraren får rammevilkår som gjer at dei kan gjennomføre arbeidet sitt på ein god måte.
  • Det er forventa at skulen legg til rette for at studenten får innsikt i skulekultur og organisasjon.
  • Dersom det er tvil om studenten er skikka til læraryrket er det viktig at det verte teke kontakt med praksiskoordinator eller studieleiar.
Praksisoppfylgjar
  • Alle studentar får tildelt ein faglærar ved HVO som skal ha eit ekstra ansvar for studenten i praksisopplæringa, ein praksisoppfølgjar.
  • Praksisoppfylgjar har eit ansvar for at praksisutbyttet vert så godt som mogleg for studenten. Praksisoppfylgjar skal sjekke at studenten får rettleiinga studenten har krav på, bidra med eiga rettleiing og elles vere tilgjengeleg for studenten i praksisperioden.
  • I løpet av praksisperioden skal praksisoppfylgjar besøke studenten på praksisskulen. Praksisoppfylginga kan skje digitalt, men så langt det er mogleg bør det vere eit fysisk møte.
  • I etterkant av praksisbesøket skriv praksisoppfylgjaren ein kort rapport, sjå "skjema til bruk i praksis" under praktisk informasjon. Denne skal lagrast i sikker kanal i Høgskulen sitt Team AHL-PPU. Studentar får innsyn i skrivet etter førespurnad.
  • Dersom det er tvil om studenten er skikka til læraryrket er det viktig at du tek kontakt med praksiskoordinator eller studieleiar.
Praksiskoordinator
  • Praksiskoordinator har ansvar for organisere og avtale praksis.
  • Ho er kontaktperson for praksisskular og praksislærarar og den som inngår avtale om praksis.
  • Praksiskoordinatoren har den primære kontakta med studenten i praksis.
  • Praksiskoordinator skal sikre at alle studentar får ein praksisoppfylgjar.
  • Ved tvil om studenten skal stå i praksis har praksiskoordinator det overordna ansvaret for å samle all relevant informasjon frå praksislærar, praksisoppfylgjar og andre. Praksiskoordinator og studieleiar treff endeleg avgjersle om vurderinga i praksisemnet.

Ansvarleg for praksis (grunnskule, vidaregåande skule, kulturskule og folkehøgskule):
Dalana Storebø, e-post: dalana-michelle.storebo@hivolda.no tlf: 70 07 53 75

Studieleiar på Praktisk pedagogisk utdanning (PPU): Kathrine Skarseth, e-post: kathrine.skarseth@hivolda.no tlf: 70 07 51 29

Praktisk informasjon

Skjema til bruk i praksis

Planleggingsskjema til bruk i undervisninga

Sluttrapport for praksis

Rapport frå praksisoppfylgjar

Varsel om fare for ikkje stått praksis

PPU Yrkesfag:

Avtaleskjema for ungdomsskulepraksis for PPU-Y (word)

Sluttrapport for ungdomsskulepraksis for PPU-Y

Emneplanar for praksis

PPU-PRA1 Praksis 1

PPU-PRA2 Praksis 2

PPUD-PRA1 Praksis 1

PPUD-PRA2 Praksis 2

PPUY-PRA1 Praksis 1

PPUY-PRA2 Praksis 2

Lønnsinformasjon

Meir informasjon om løn finn du her (lenke til lønsside)

Fare for ikkje stått praksis

Dersom praksislærar eller praksisoppfølgar er i tvil om studenten vil få karakteren stått i praksisperioden, skal det snarast råd fyllast ut eit varsel om fare for ikkje stått i praksis (word-fil). Dette for at studenten skal få moglegheit til å gjere dei endringane som er naudsynt for å stå i praksis.

Det er viktig at studenten vert gjort godt kjent med grunngjevinga for varselet og kva studenten må gjere i det som er att av praksisperioden. Kopi av varselet skal verte gitt til studenten.

Dersom du har spørsmål, ta gjerne kontakt med praksisansvarleg ved HVO eller den som er praksisansvarleg ved din arbeidsplass.

Melding om varsel vert sent til praksiskontoret ved Høgskulen i Volda via sikkert nettskjema: https://nettskjema.no/a/495057 . Du loggar på med Bank-ID og lastar opp fila i nettskjemaet.

Kontaktinformasjon

Praksiskoordinator: Dalana Storebø, e-post: dalana-michelle.storebo@hivolda.no tlf: 70 07 53 75

Studieleiar: Kathrine Skarseth, e-post: kathrine.skarseth@hivolda.no tlf: 70 07 51 29