Lønsinformasjon praksislærarar PPU

Slik får du utbetalt godtgjersle for jobben som praksislærar. Merk at utbetaling avheng av om skulen du arbeidar på har avtale om praksissamarbeid med oss eller ikkje.

For praksislærarar

Dersom du har vore praksislærar for ein eller fleire av våre studentar, ber vi om at du fyller ut dette sikre nettskjemaet. Du sender inn eitt skjema per student. Opplysingane i dette skjemaet vert brukt som grunnlag for å rekne ut og utbetale praksislærargodtgjersla di.

Dersom du arbeider på ein avtaleskule (sjå under for oversikt) vil du få dette utbetalt i lag med den vanlege løna di. Merk at lønsutbetalingar ved avtaleskular vert handsama samla for skulen, og det kan dermed ta noko tid. Høgskulen refunderer lønskostnadane til avtaleskulane ein gong i halvåret.

Dersom du ikkje er lærar ved ein avtaleskule vil du få tilsendt ein epost frå no-reply@dfo.no med ei lenke til kontrakten når denne er klar. Alt du treng å gjere er å sjå over kontrakten og om denne stemmer, signere med bruk av Bank-ID.

Takk for at du har vore praksislærar for studentar ved Høgskulen i Volda. 

For lærarar som har hatt PPU-Yrkesfagstudentar på ungdomskulepraksis:

Honoraret etter ti dagar med ungdomskulepraksis for PPU-yrkesfagstudentar er på kr 4000,-.
For å få tilsendt kontrakt for utbetaling av honorar, ta kontakt med studenten for å få url-lenke til rett nettskjema. Du vil få ein epost frå no-reply@dfo.no med ei lenke til kontrakten når denne er klar. Alt du treng å gjere er sjå over kontrakten og om denne stemmer, signere med bruk av Bank-ID. 

Om du treng hjelp til utfylling, kontakt praksisansvarlege Dalana-Michelle Storebø dalana-michelle.storebo@hivolda.no.

Oversikt over avtaleskular

Vidaregåande skular: Borgund vgs, Eid vgs, Hustadvika vgs, Måløy vgs, Romsdal vgs, Spjelkavik vgs, Stranda vgs, Stryn vgs, Ulstein vgs, Ørsta vgs, Ålesund vgs 

Grunnskular: Blindheim ungdomsskule, Frei ungdomsskule, Myklebust skule, Spjelkavik ungdomsskule, Stokksund ungdomskule, Stryn ungdomskule, Sula ungdomskule, Ørsta ungdomsskule, Volda ungdomskule. 

Vi ser gjerne at fleire skular teiknar avtale med oss. Kontakt PPU-praksiskontoret på Høgskulen dersom de er interesserte i ein avtale.

Kor mykje løn får ein praksislærar?

Praksislærere får timebetalt for rettleiing og anna ekstraarbeid (dvs. ikkje for arbeid som ein likevel ville utført, til dømes å vere tilstade i undervisninga). Timelønna er i samsvar med det nasjonale avtaleverket og er på 405 ,- kroner per time. Ein time vert rekna som 45-minutt, dersom skuletimen er i ei anna lengd, reknar ein om til 45-minuttstimar. Praksislærar får betalt for 1 time pr. 2 timer praksisopplæring, medan studenten har rett på rettleiing i forholdet 1 time per 3 praksistimar. Godtgjersla dekker arbeidet med førebuing, rettleiing og vurdering av studenten. Ved deltaking på før-prakismøtet får ein betalt for 2 timar. Praksisstudenten skal ha mellom 8 og 12 timar per veke, dvs at maks timetal for ei praksisperiode er 72 timar per student.

Lønsutrekninga tar utgangspunkt i gjeldande avtaleverk. Klikk HER for full avtaletekst.