Digital kompetanse i læring

I fagmiljøet Digital kompetanse er vi no 6 personar som underviser i og forskar på digital kompetanse, mediekompetanse og digital didaktikk. Vi utviklar og driv studietilbod frå overgang barnehage-skule til og med høgare utdanning med særlig fokus på profesjonsfagleg digital kompetanse, fagfornyinga og koding/programmering i skulen. Vi samarbeider tett med fleire kommuner og skular om kursing, etter- og vidareutdanning knytt til digital kompetanse og teknologibruk i skulen og barnehagen, fleire stader etter Ulstein-modellen. Saman med grunnskulelærarutdanninga driv vi også kompetanseheving både av tilsette, studentar og i praksisfeltet innan profesjonsfagleg digital kompetanse i prosjektet DigiGLU