Forskingsgrupper AHL

Forskingsgruppe for profesjonsfag

Fagleg formål

Eit av formåla med gruppa er å utvikle profesjonskunnskap som kan kome til nytte både for lærarutdanningane og praksis. Eit anna formål er kompetanseheving og publisering, og deltaking i aktivitetar som kan støtte opp om desse områda. Gruppa forskar i hovudsak på område innan kvalifisering, profesjonsutøving, kunnskapstypar og kunnskapen sin status, og profesjonsetikk/ skjønn.

Aktivitetar (plan for arbeidet i gruppa)

Plan for arbeidet i gruppa er utvikling av forskingsprosjekt, presentasjon av tekst, publisering av artiklar og bøker, deltaking på nasjonale og internasjonale konferansar, og å arrangere og delta på forskarseminar.

Prosjekt som gruppa (medlemmer i gruppa) er involvert i

Nordic Research Team (Københavns professionshøjskole, Gøteborgs Universitet, Universitetet i SørøstNorge og HVO)

Utdanningskvalitet i høgare utdanning (UiS/HVO)

Nordisk nettverk for kvalitet og styring i daginstitusjonar (Roskilde Universitet, CeDif, Gøteborgs Universitet, Aarhus universitet, Profesjonshøgskolen København, HSN, HVO)

Ekspertgruppe for barnehagelærarrolla (regjeringen.no)

Leiar

Dosent Bente Vatne

Medlemmer

høgskulelærar Kari L Buset,

førsteamanuensis Erik Fooladi.

phd-student Marit Gascogne,

phd-student Torhild Høydalsvik

høgskulelektor Kari P Longva,

høgskulelærar Ruth H Rekdal,

Førsteamanuensis Gerd Sylvi Steinnes,

høgskulelektor Linda Viddal,

 

Forskingsgruppe for litteratur

Fagleg formål

Gruppa skal vere eit forum for litteraturvitskap og tekstlesing i ulike fag. Ho samlar i dag fagfolk frå fire seksjonar/institutt, men er open for fleire tverrfaglege synergiar. Vi arbeider med teksttolking, kontekstuelle analyser, teoretiske og metodiske problemstillingar. Det er eit hovudmål at medlemmane skal få rettleiing og respons på undervegs-arbeid, og få inspirasjon til framtidige prosjekt. Dessutan skal gruppa halde kvarandre informert om aktuelle forskingssamarbeid, prosjektutlysingar, og nyttige nettverk. Der det er ønskeleg vil vi søke interne eller eksterne midlar for meir formaliserte samarbeidsprosjekt. I tillegg er det eit mål å integrere masterstudentar og PhD-stipendiatar i forskingsgruppa. Les meir

Forskargruppe for læringsprosessar og vurderingshandlingar

Om forskargruppa 

Forskargruppa vil arbeide med forskingsstudiar inn mot tema læringsprosessar og vurderingshandlingar i utdanningsforsking. Studiar vil verte gjennomført gjennom eit samarbeid mellom fagtilsette på dei ulike avdelingane innanfor HVO og med varierande grad av involvering av eksterne forskarar. Gruppa vil vere samansett av fagdidaktikkarar i lærarutdanningane. Les meir.

Forskargruppe for språkleg og kulturelt mangfald

Forskargruppa arbeider med problemstillingar knytt til moglegheiter og utfordringar som det språklege og kulturelle mangfaldet gir. Gruppa er tverrfagleg, men har det til felles at vi er opptekne av korleis barnehagar og skular skapar eit oppvekst- og læringsmiljø som gir best mogleg utbytte for alle barn, unge og vaksne. Sentrale forskingsinteresser er: 
•    Inkludering og antirasistisk arbeid
•    Fleirspråklege og fleirkulturelle perspektiv på utvikling og læring hos barn og unge 
•    Norskopplæring i eit andrespråksperspektiv 
Målet for forskargruppa er å utvikle kompetanse på det fleirspråklege og fleirkulturelle feltet, utvikle metodekompetanse på forsking i barnehage- og skule, etablere forskingssamarbeid med nasjonale og internasjonale forskingsmiljø, utvikle felles forskingsprosjekt og involvere studentane i forskinga. 

Aktiviteten i forskargruppa:

Forskargruppa arbeider i team og har faste møter cirka ein gong i månaden der vi diskuterer problemstillingar, metode og teoretiske spørsmål knytt til forskingsprosjekt. Vi legg fram og gir respons på tekstutkast til publikasjonar, held oss oppdatert på forskingsfronten og deltek i den faglege debatten. 

Pågåande forskingsprosjekt:

Medlemmane i forskargruppa arbeider med følgjande prosjekt:

  • Munnleg arbeid i det fleirspråklege klasserommet, Randi Myklebust
  • Skule- og barnehagebasert utvikling på det fleirkulturelle feltet, Birgitte Fondevik, Randi Myklebust, Gunnhild Bergset, Kristin Rostad Gangstad
  • Fleirspråklegheit som ressurs i den vidaregåande skule, Sofie Emilie Holmen 
  • Eit leseprosjekt i eit afrikansk klasserom, Birgitte Fondevik 
  • DigiHand – fleirspråklege elevar og skriveopplæring i digitale klasserom, Birgitte Fondevik 
  • Bruk av barnelitteratur i det fleirspråklege og fleirkulturelle klasserommet, Birgitte Fondevik og Randi Myklebust
  • Tospråklege undervisningsmodellar, Randi Myklebust
  • Morsmålsstøtte i norskopplæringa for vaksne innvandrarar, Birgitte Fondevik
  • Innvandrerfamilier i møte med videregående skole, Julia Melnikova

Nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar:

Høgskolen i Innlandet, fakultet for lærerutdanning og pedagogikk. Kontaktperson: Professor Lise Iversen Kulbrandstad 

Internasjonalt forskningsnettverk for språkleg og kulturelt mangfald i utdanninga,
Edilic: Éducation et Diversité Linguistique et Culturelle 
Kontaktperson i Noreg: Sofie Emilie Holmen 

Bethel Pre- and Primary School, Himo, Kilimanjaro, Tanzania 
Kontaktperson i Noreg: Birgitte Fondevik

Tilsette ved HVO eller andre institusjonar som er interessert i å vere med i forskargruppa, eventuelt som ekstern samarbeidspartnar, kan ta kontakt med ein av leiarane. 

Leiarar og kontaktpersonar:

Birgitte Fondevik (førstelektor i norsk som andrespråk), leiar, tlf: 70075039, e-post
Randi Myklebust (førsteamanuensis i fleirkulturell pedagogikk), leiar, tlf:70075378, e-post
 

Medlemmar:

Gunnhild Bergset (høgskulelektor i pedagogikk)
Kristin Rostad Gangstad (høgskulelektor i pedagogikk) 
Sofie Emilie Holmen (doktorgradsstipendiat i norsk) 
Julia Melnikova (doktorgradsstipendiat i pedagogikk) 
Kathrine Tvinnereim (høgskulelektor i pedagogikk)

Forskingsgruppe for spesialpedagogikk og inkludering

Forskingsgruppa har som fagleg formål å generere forskingsbasert kunnskap om barn og unge med behov for særskilt tilrettelegging, og korleis skule og barnehage kan jobbe for å imøtekome desse behova på ein god måte. Les meir her.

Forskergruppen Religion og livssyn

Formål

Forskergruppen Religion og livssyn arrangerer regelmessige forskningssamlinger, der både nye og erfarne forskere har mulighet til å presentere arbeid innenfor de prosjektene som initieres i gruppen. Med i forskergruppen er også forskningsstipendiater og mastergradsstudenter fra Master i kulturmøte. I tillegg arrangerer gruppen mer spesifikke fagseminar, der man inviterer kolleger utenfor gruppen til å bidra. Forskergruppen springer ut av fagmiljøet ved Institutt for religion og livssyn, og har for inneværende periode et faglig fokus på prosjekter innen religion- og livssynsdidaktikk (et prosjekt som del av UH-nett Vest), ett prosjekt om vekkelsesforskning, samt ett om rommets betydning i religion, teologi og filosofi. Forskergruppen har gjennom Institutt for religion og livssyn (IRL) den fagfellevurderte publikasjonsplattformen Kykjefag profil på Cappelen Damm Akademisk.

Workshops og forskningssamlinger høsten 2020

18. august. Høgskulen i Volda: 
Knut-Willy Sæther m.fl.

16. september. Høgskulen i Volda:  
Kristin Hatlebrekke m.fl. 

21. oktober. Høgskulen i Volda:
Program kunngjøres senere

22.-23. oktober: Forskningskonferanse, Ørsta / Rekkedal
Deltakere fra Institutt for religion og livssyn samt inviterte forskere fra Høgskolen i Innlandet, Universitetet i Stavanger og Det teologiske menighetsfakultetet

11. november. Høgskulen i Volda
Program kunngjøres senere

9. desember Høgskulen i Volda
Program kunngjøres senere

Medlemmer

Knut-Willy Sæther (leder)
Bente Afset
Anders Aschim
Guro Bjørnevik
Ragnhild Fauske
Per Halse
Kristin Hatlebrekke
Randi Hagerup Kjærstad
Hildegunn Valen Kleive
Kjartan Leer-Salvesen
Jonas Gamborg Lillebø
Birger Løvlie
Rebekka H. Maude
Ralph Meier
Jostein Garcia de Presno
Arne Kjell Redse
Andreas Tjomsland
Nina Tomasgard
Jan Ove Ulstein

Forskingsgruppe for matematikkdidaktikk

Fagleg formål:

Formålet er å generere forskingsbasert kunnskap om barn og unge si forståing og læring av matematikk og korleis skule og barnehage kan arbeide for å legge til rette for slik læring.


Aktivitetar (plan for arbeidet i gruppa):

Gruppa har ein fast møteplan i året. På møta tek vi opp tema og saker som er aktuelle for gruppa og som er eigna for å utvikle gruppa. Vi har faglege innslag der ein av medlemmane presenterer eige arbeid og får respons frå dei andre. Presentasjonen kan vere av arbeid i alle stadier, frå idé via datainnsamling og til tekstproduksjon. Det er også aktuelt å invitere eksterne forskarar/fagpersonar frå andre institusjonar og avdelingar som kan halde innlegg om ulike tema.

Medlemmer (pr. d.d): 

Dosent Arne Kåre Topphol, gruppeleiar
Førsteamanuensis Hilde Opsal, nestleiar
Førstelektor Frode Opsvik
Førstelektor Leif Bjørn Skorpen
Høgskulelektor Antje Meier
Høgskulelektor Odd Helge Tonheim
Høgskulelektor Arve Fiskerstrand, planlegg Ph.d
Høgskulelektor Kim André Refvik, stipendiat og Ph.d-student frå haust 2019
Høgskulelektor Ingeborg Berget, Ph.d-student


Eksterne samarbeidspartar: 

Professor Markku Hannula, University of Helsinki, professor II ved HVO
Dosent Bjørn Smestad, OsloMet, dosent II ved HVO
 

Kulturmøter

Om forskergruppen for kulturmøter:

Med utgangspunkt i fagene historie og religion, er forskergruppen opptatt av kulturmøter i regionale, nasjonale og internasjonale sammenhenger. Utfra ulike faglige perspektiver studerer vi tema som nasjonsdanning, kunnskapsoverføring, religionsmøter, migrasjon og ulike former for sameksistens. Vår forskning har som mål å studere kulturmøter empirisk så vel som kritisk å undersøke betingelser, det være seg sekularisme, stat og transnasjonale forhold, for kulturmøter i historie og samtid.

Les meir

Litteratur og musikk

Mange har ei intuitiv kjensle av at det finst eit slektskap mellom musikk og litteratur. Men kva er musikk? Og kva er litteratur? I løpet av dei siste 20 åra har det vakse fram eit nytt forskingsfelt basert på ei erkjenning av at den beste måten å svare på dei to spørsmåla på er å sjå dei i samanheng. Les meir her.

 

Nynorsk skriftkultur

Forskargruppe for nynorsk skriftkultur

Om forskargruppa for nynorsk skriftkultur:

Forskargruppa for nynorsk skriftkultur skal vere open og inkluderande for alle vitskapleg tilsette innanfor UH-sektoren som er interesserte i forsking på det nynorske feltet, og som vil delta aktivt i aktuelle prosjekt eller samarbeidstiltak. Det er ønskjeleg at forskargruppa har disiplinmessig breidde og femner om mediefag, samfunnsfag og humanistiske fag, samstundes som det er ønskjeleg at nynorsk skriftkultur står i sentrum – både direkte og indirekte, til dømes gjennom ulike former for komparasjon. Forskargruppa skal ha ein inviterande profil, vere open for kontakt med nærskylde tiltak og ha eit særleg auge for tverrfaglege tilnærmingsmåtar.

Les meir

PPU forskingsgruppe

Forskingsgruppe for fagmiljøet i praktisk pedagogisk utdanning (PPU). Les meir. 

Profesjonsetikk

Forskningsgruppen i profesjonsetikk er en tverrfaglig forskningsgruppe som er åpen for ansatte ved Høgskulen i Volda, Høgskulen i Molde og ansatte i Helse Møre og Romsdal. Vi er knyttet til doktorgradsprogrammet i helse- og sosialfag. Forskningsgruppen vil perspektivere etiske problemstillinger både relasjonelt og kontekstuelt (strukturvilkår), og bearbeider problemstillinger i kjernen av profesjonelt arbeid. Les meir

Shakespeare network

The Bergen-Volda Shakespeare Network

Fagleg formål: Formålet med nettverket er å dele, diskutere og utvikle idear om og innsikt i tematikk rundt Shakespeare og interdisplinære fagfelt, som til dømes adaptasjon, biletkunst, omsetjing og bokhistorie.

Aktivitetar: medlemmer frå nettverket møtes ein gong i året og presenterer papers om eit bestemt tema; ved fleire tilfelle har dette kulminert i utgjevingar av antologiar og spesialutgåver av tidsskrift

Prosjekt: mange individuelle prosjekt

Leiar: Svenn-Arve Myklebost (HVO)

Medlemmer: om lag 40-45 personar frå England, USA, Italia, Kroatia, Ungarn, Canada, Frankrike, Danmark, Finland, m.fl. Frå Noreg: Svenn-Arve Myklebost (HVO), Timothy Saunders (HVO), Delilah Bermudez Brataas (NTNU), Stuart Sillars (emeritus UiB), Roy Eriksen (UiA), Perry McPartland (UiA), Siri Vevle (UiB/HVO).

 

Meir informasjon på nettverket si heimeside: https://bvshakespearenet.wordpress.com/

Språk og læring

Fagleg formål: Forskargruppa samlar forskarar som på ulike måtar har interesse for forsking på språk og læring, både frå engelsk- og norskmiljøet ved Høgskulen i Volda. Gruppa er eit forum for diskusjon av eiga og andres forsking, og eit forum ein kan vende seg til for utprøving av nye idear.

Aktivitetar: 3-4 møte kvart semester.

Prosjekt som gruppa (medlemmer i gruppa) er involverte i:

· Brain power and language learning

· Teaching morphological awareness in L2 English vocabulary acquisition

· Nynorsk språkdidaktikk i sjetteklasse

· Sosio-kognitiv funksjonell grammatikk i skulen

 

Leiar: Tor Arne Haugen

 

Medlemmer:

Jeannique Anne Darby

Hjalmar Eiksund

Pernille Fiskerstrand

Stig Jarle Helset

Jorunn Hetland

Vibeke Jensen

Gudrun Kløve Juuhl

Katrin Lunde 

Kjetil Arve Myskja

Maren Østrem Nesse

Kristin Kibsgaard Sjøhelle

Eivor Finset Spilling

Tidleg litterasitet/literacy i barnehage og skule

Forskargruppa for tidleg litterasitet/literacy i barnehage og skule

Om forskargruppa for tidleg litterasitet/literacy i barnehage og skule

Forskargruppa for tidleg litterasitet/literacy i barnehagen er opptatt av å styrke barnehagelærarutdanninga (BLU) i å ruste studentar til å skape språkstimulerande miljø i barnehagen. Andre føremål er å undersøkja barns og barnehagars praksisar knytt til literacy, og  å prøve ut og implementere språklege tiltak i praksisfeltet. Forskargruppa er tverrfagleg, og det medlemene har felles er at dei er tilknytta barnehagelærarutdanninga og har ei interesse for arbeid med språk i barnehagen. Til no er fag som norsk, pedagogikk, drama, mat og helse, naturfag og matematikk representerte.

Les meir

Volda medvitsforum

Fagleg formål: Forstå medvitet

Aktivitetar: Tverrfaglege diskusjonar, artikkelgjennomgang, og foredrag med inviterte gjestar

Leiar: Eirik Søvik

 

Medlemmar:

Professor Tor-Johan Ekeland

Professor Tor Arne Haugen

Professor Jorunn Hetland

Professor Jan Inge Sørbø

Professor Knut-Willy Sæther

Professor Magnar Åm

Førsteamanuensis Jonas Lillebø

Førsteamanuensis Katrin Lunde

Førsteamanuensis Helga Synnevåg Løvoll

Førsteamanuensis Anemari Neple

Førsteamanuensis Timothy Saunders