PPU forskingsgruppe

Mål for arbeidet: 

•    Auka forskings- og utviklingssamarbeid på tvers av fagmiljøa som bidreg inn til PPU (kan også gjelde praksisfeltet)
•    Koordinering og tilrettelegging for FoU-oppgåvearbeid for PPU-studentar ved HVO
•    Styrking av forsking som rettar seg mot vidaregåande opplæring ved HVO
•    Utarbeiding av fagfellevurdert antologi for PPU, som kan fungere som pensum - inspirasjonsstoff i studiet
•    Synleggjering av PPU som avgjerande lærarutdanning for HVO/regionen
 

Aktivitetar:

Forskingsgruppa vil i 2020–2019 ha fokus på tre hovudaktivitetar:

 

  1. Samlingar der forskings- og utviklingsarbeid med relevans for PPU, og med særleg vekt på vidaregåande opplæring, vert presentert og diskutert i gruppa. På sikt er målet utarbeiding av ein fagfellevurdert antologi bygd på norsk empiri som kan fungere som pensum og inspirasjonsstoff for studentar i fagområdet felles fagdidaktikk i PPU-studiet og for andre studentar i lærarutdanningane nasjonalt. 
  2. Førebu, gjennomføre og evaluere nasjonal PPU-konferanse ved Høgskulen i Volda 8.-10. mars. Her har vi m.a. invitert deltakarar til posterpresentasjon for forskings- og utviklingsprosjekt knytt til lærarutdanning: Innkomne bidrag må programkomiteen/forskingsgruppa lese og godkjenne for deltaking under konferansen. Forskingsgruppa vil kunne støtte eigne bidragsytarar til konferansen med dekking av utgifter til poster-produksjon m.m.
  3. DIKU – direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning – har tildelt PPU-fagmiljøet, ved Stine M. Ekornes, Bjørnar Sæterås, Hilde Gry Leer- Salvesen og Sigrun Ertesvåg, prosjektmidlar til prosjektet ‘Digital praksisrettleiing i PPU’. Prosjektet har mål om å utvikle betre rammer for praksisoppfølging gjennom videorettleiing tufta på rammeverket TTI (Teaching Through Interaction). Prosjektet vil ha fagleg forankring og har stor interesse for vidare utviklingsarbeid i PPU-gruppa, sjølv om berre eit fåtal av medlemmene vil kunne arbeide aktivt i sjølve prosjektet.
     

Leiing:

Kristin Kibsgaard Sjøhelle/Erik Cryus Fooladi deler på leiaransvaret

Koordinator for gruppa:

 

Kari A. Hasle, høgskulelektor historiedidaktikk, emneansvar PPU-samfunnsfagdidaktikk

Medlemmar:

Erik Cyrus Fooladi, førsteamanuensis, emneansvarleg PPU-realfag

Kristin Kibsgaard Sjøhelle, førsteamanuensis, emneansvar PPU-norskdidaktikk

Stine Ekornes, førsteamanuensis, emneansvar pedagogikk PPU-heiltid

Bjørnar Sæterås, studieleiar PPU, høgskulelektor i matematikk, emneansvar PPU-realfag

Torstein Drabløs, praksisansvarleg PPU

Hjalmar Eiksund, høgskulelektor og ph.d.-kandidat, emneansvar PPU-norskdidaktikk

Reidunn Øye Tvergrov, høgskulelektor, emneansvar pedagogikk PPU-deltid

Torbjørg Bakke, høgskulelektor, emneansvar pedagogikk PPU – allmennfag og yrkesfag

Marit Gascogne, høgskulelektor og ph.d.-kandidat, emneansvar PPU-yrkesfag

Kjetil Saanum, høgskulelærar og emneansvar PPU-yrkesfag

Karen Brænne, førsteamanuensis, emneansvar PPU K&H-didaktikk

Hege Holmqvist Synnes, høgskulelektor, emneansvar PPU-dramadidaktikk

Elizabeth Anne Oltedal, førstelektor, emneansvar PPU-musikkdidaktikk

Elisabeth Helen Innselset, høgskulelektor, emneansvar PPU-kroppsøvingdidaktikk

Åsa Sundnes Bruheim, høgskulelektor, emneansvar PPU-framandspråkdidaktikk

Stian Cornelius Fagerlid, høgskulelærar, emneansvar PPU-mediedidaktikk 

Trudi Henrydotter Eikrem, førstelektor i historie, emneansvar PPU-samfunnsfagdidaktikk