Vil engasjere og provosere med frukostseminar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Hjernefôr er nyskapningen som skal få bygdefolk, studentar og tilsette til å vakne om morgonen med høgaktuelle tema, foredrag og debattar som gir innsikt og temperatur – og ikkje minst eit godt måltid. Gå ikkje glipp av premieren torsdag 12. september.

Namnet på konseptet hintar ganske kraftig til kva ein ønsker å oppnå. Fôr til hjernen i form av ny kunnskap og fôr i form av mat som skal få hjernen til å arbeide. – I tillegg ønsker vi at folk skal møte kvarandre med sine idear, skuleoppgåver, som kan vere ei bachelor- eller masteroppgåve, og forskingsprosjekt. I tillegg til foredragshaldarar og debattantar ønsker vi at studentar, tilsette og andre skal lære av kvarandre, seier Chalak Kaveh, førsteamanuensis i historie.

 

Heite tema

Han har gått i bresjen for å få til frukostseminaret og arbeidd ei stund med å lage ei ramme som skal gjere dette til ein samlingsplass og møtepunkt nokre morgonar i kantina i Berte Kanutte-huset. Høgskulen har løyvd litt pengar til prosjektet og torsdag 12. september sett ein i gang. Med seg i arbeidsgruppa har Kaveh mellom anna bibliotekleiar Mona Iren Auganæs.

– Det er viktig å kunne gi studentar og tilsette ved høgskulen, men også folk i regionen, fagleg påfyll utanom undervisninga. Vi vil vere samfunnsaktuelle og forsøke å treffe med tema som er oppe i dagen. Difor er det viktig at vi også har med oss studentane når vi planlegg hjernefôr og framtidige arrangement, seier Auganæs.

 

Både for fersk student og professor

Med det kastar ho ballen vidare til David Bernatek, velferdsansvarleg i Studentparlamentet i Volda. – Eg trur desse arrangementa vil vere med på å skape enda betre dynamikk på campus, gjere at ein ikkje tenkar så mykje på kva ein sjølv eller andre studerer og gløyme litt om ein er student eller tilsett. Eg håper hjernefôr skal gjere at ein får lyst til å vere enno meir på campus, smiler Bernatek.

Kaveh
Chalak Kaveh

Kvart frukostseminar vil spinne rundt eitt tema med fleire innleiarar som vil snakke. Til det ønskjer ein å nytte seg av all den gode faglege kompetansen ein har ved Høgskulen i Volda, og med jamne mellomrom krydre dette med foredragshaldarar utanfrå. Etter innlegga sett ein av god tid til diskusjon og spørsmål og kommentarar frå salen. I første omgang vert dette leia av Kaveh.

– Eg vil at dette skal vere på eit slikt nivå at både ein fersk student og ein professor skal ha utbytte av det. For å gjere dette mest mogleg lærerikt vil eg stille enkle spørsmål, eller «dumme» om du vil, for at både eg og alle andre skal forstå kva det dreiar seg om. Vi håper at både tematikken og diskusjonane skal gjere at deltakarane kan bli både engasjerte og provoserte, seier Kaveh.

 

Skrekkscenarier

Det første arrangementet startar 12. september kl. 10.00 i kantina i Berte Kanutte-huset og har fått namnet «Går alt til helvete? Dystopier om klima og politikk». Det vil ta for seg framtidige skrekkscenarier og om mennesket kjem til å vinne kampen om å redde miljøet, og kva rolle blant anna politikken og «fake news» vil spele opp i dette. 

Til å samtale om tematikken har ein fått inn Anders Nielsen forskar ved Senter for økologisk og evolusjonær syntese (CEES) ved Universitetet i Oslo og Dag Einar Thorsen, førsteamanuensis i statsvitskap ved Universitetet i Sørøst-Norge, med interesse for samtidshistorie og politisk filosofi.

PS! Det vert servert mat før og undervegs i arrangementet.
 

Del på