Nytt mediebygg: Byggestart i november

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv , Foto: Statsbygg/K. Nordang AS/PEAB og Link arkitektur

- Oppdatert

Med regjeringsgodkjenning i lomma, er arbeidet med nytt mediebygg ved HVO over i ei ny fase. No er mellombels parkeringsløysing avklara, byggesøknad sendt kommuna, og alt ligg til rette for byggestart. 

I samband med studiestarten 20. august, fekk Statsbygg og Høgskulen i Volda klarsignalet dei har venta på frå regjeringa til å halde fram med det nye mediebygget. Prosjektet er offisielt over i ei ny fase, og framdriftsplanane er klare. No vert byggesøknad sendt Volda kommune. 

Mellombels parkering vert på Rotevass-tomta (Foto: Jonas Köezle/ill.: HVO)

Mellombels parkering på Rotevasstomta

I byggeperioden forsvinn om lag 80 parkeringsplassar mellom Berte Kanutte-huset og Hans Strøm-huset. For å erstatte desse, har Statsbygg fått på plass ei avtale som sikrar mellombels parkeringsløysing på Rotevasstomta, aust for Ivar Aasen-huset (sjå foto). 

- Dette var førebels siste puslespel-brikka som mangla for å halde fram etter den framdriftsplanen vi har lagt i samarbeid med entreprenør PEAB Nordang og Høgskulen i Volda, seier prosjektleiar Jens Hersløv frå Statsbygg. 


Klargjering til byggjestart

Han stadfester at oppstart vert i byrjinga av november, og at parkeringsløysing og opparbeiding av tomta skal vere klar til då. Aktørane i prosjektet vil kome attende med meir detaljerte framdriftsplanar og datoar når det formelle er på plass. - No skal vi først ta føre oss byggjesøknad og få godkjenning frå Volda Kommune, så sikrar vi at vi kan halde det vi lovar med omsyn til oppstartsdato og det som medfølger, seier Hersløv. 

Joplassvegen vil førebels vere open, og ei eventuell stenging vil bli varsla. Då vil det bli skilta alternativ innkøyring. Dette heng mellom anna saman med det andre byggjeprosjektet på tomta, Volda Campus Arena. 


PS! Hald deg oppdatert på framdrift, finn kontaktinformasjon, teikningar og fakta om mediebygget her! 


 

Del på