Her er det nye styret i Studentparlamentet

Tekst: Per Straume , Foto: Jonas Közle

- Oppdatert

Studentparlamentet har valt Trym Nikolas Rimmen som leiar for det neste året. Han får med seg Paloma Lorenzale Alonso, Erlend Ausland Rossen, Mathilde Gaalaas-Berg og David Bernatek i styret.   

Studentparlamentet er det øvste organet i studentdemokratiet ved Høgskulen i Volda. Parlamentet er bindeleddet mellom studentane og  leiinga ved Høgskulen.
Vi arbeider for å betre studiekvardagen ved Høgskulen og sikre studentane sine interesser og rettar, både fagleg og sosialt. Studentparlamentet fattar vedtak og tek avgjersler som vedkjem alle studentane ved Høgskulen. Parlamentsmøta er opne for alle studentar. 

Studentparlamentet er også paraplyorganisasjon for alle studentorganisasjonane ved Høgskulen, og har ansvar for dei tillitsvalde. Har du spørsmål eller innspel, er det berre å kontakte arbeidsutvalet (styret i Studentparlamentet) eller stikke innom for ein hyggeleg prat. 

 

 

m   Leiar Trym Nikolas Rimmen er ansvarleg for at det daglege arbeidet i Studentparlamentet vert utført, og skal koordinere arbeidet til arbeidsutvalet.
Han deltek på leiingsmøte saman med nestleiar, leiinga ved HVO og leiinga ved SiVolda der dei drøfter saker som opptek studentane i Studentparlamentet, og saker som elles er relevante for studentane i Volda, som velferd, bustadar, nye stillingar, miljø, inneklima, byggeaktivitet på høgskuleområdet osv.  Han er også hovudansvarleg for at eit nytt studentparlament vert oppretta ved studiestart i august 2019, og tenkjer du på å stille eller vil vite meir om kva det vil seie å sitje i Studentparlamentet må du ikkje nøle med å ta kontakt. 
Mathilde   Fagansvarleg Mathilde Gaalaas-Berg arbeider med studiekvalitet, og sit i strategisk studienemnd ved HVO.
Ho fylgjer opp fagrelaterte saker for Studentparlamentet. Mathilde er også kontaktperson for alle tillitsvalde, og har hovudansvar for studentrådet.
Erlend   Informasjonsansvarleg Erlend Ausland Rossen har ansvaret for alt informasjonsarbeidet og det grafiske arbeidet, og utforming av alt profilerings- og informasjonsmateriell.
Han har hovudansvar for å halde Studentparlamentet si nettside og sosiale medium oppdaterte.
David   Velferdsansvarleg David Bernatek samarbeider med SiVolda for å vidareutvikle velferdstilbodet for studentane. Han  er Studentparlamentet sin kontaktperson for alle studentlag og organisasjonar ved HVO. 
Paloma   Internasjonalt ansvarleg Paloma Lorenzale Alonso skal arbeide for betre integrering og inkludering mellom internasjonale og norske studentar ved HVO. Ho arbeider også saman med internasjonalt utval for å sikre utanlandske studentar sine rettigheiter på HVO, og arbeide for å sikre HVO sine studentar i utlandet.

Organisasjonskonsulent Kristine Langdal tek seg av administrative oppgåver, er møtesekretær og bistår med praktisk og organisatorisk tilrettelegging for at Studentdemokratiet skal få utfalde seg. 

Studentparlamentet har kontor i 1. etasje i Berte Kanute-huset. Kontortida er mandag-torsdag kl 10-15. Velkomen innom!

Del på