MKH102BS Mat, kosthald og helse 2 (1-7)

Emnekode: 
MHE102
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Home Economics 2 (grades 1-7), food in a learning perspective
Emnenavn på bokmål: 
Mat, kosthold og helse 2 (1-7), mat i et læringsperspektiv
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MKH101BS Mat i eit helseperspektiv
Krav til forkunnskapar

Arbeidskrav og krav til oppmøte i MKH101BS eller tilsvarande.

Om emnet

Emnet består av fire delar

  • Praktisk matlaging 2
  • Ernæring, kosthald og helse 2
  • Aktivitetsfag 2 (lærarstyrt og studentstyrt arbeid/undervisning)
  • Råvarekunnskap 2

Praktisk matlaging 2
Her ligg hovudtyngda av den praktiske komponenten i faget og innhaldet vil vere retta mot grunnleggande kunnskap og ferdigheiter i matlaging. Innhaldet vil vere retta mot råvarer, smak og ulike kosthalsrelaterte sjukdomar. Matlaging og måltidsplanlegging knytt til individuelle behov vert óg handsama. Planlegging og gjennomføring av matlagingsaktivitetar for barn og unge på 1.-7. årssteg er óg ein sentral del av undervisninga. 

Ernæring, kosthald og helse 2
Kosthaldsrelaterte sjukdomar som diabetes, hjarte og karsjukdomar, allergi og ulike intoleransar er aktuelle tema saman med tilsettingsstoff og framandstoff i maten. Samfunnsernæring og ernæringssosiologi er óg ein del av ernæringsperspektivet.

Aktivitetsfag 2
Faget sine teoretiske og praktiske aktivitetar vert her nytta som grunnlag for tilpassa opplæring i fagleg og didaktisk samanheng.

Råvarekunnskap 2
Kunnskap om råvarer og korleis desse er bygd opp er sentralt dersom ein skal forstå matlaging, dvs. å knyte teori og praksis saman i matlaging og eksperimentering.Digital kompetanse er eit sentralt tema i samfunn og skule i dag, og vil vere eit gjennomgåande tema i alle delar av emnet, til dømes gjennom bruk av digitale medier, verktøy og arbeidsformer.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Etter fullført emne skal studenten ha

  • kunnskap om maten og måltidet i sosial samanheng
  • kunnskap om maten sitt innhald og kva som skjer når ein lagar maten
  • kunnskap om mat og helse-faget sitt innhald på 1.-7. årssteg i grunnskulen
  • kunnskap om korleis ein kan arbeide helsefremjande i eit kosthaldsperspektiv
  • kunnskap i å planlegge mat til ulike grupper, t.d. dei med ulike intoleransar og allergiar
  • kunnskap om korleis ein kan nytte faget knytt til grunnleggande ferdigheiter og tverrfaglege samanhengar
Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studenten

  • ha grunnleggande ferdigheiter i matlaging, og korleis oppbevare og handsame mat
  • kunne orientere seg og vurdere innhald av ulike kjelder som t.d. kosthaldsinformasjon
  • kunne setje saman eit fullverdig kosthald til ulike grupper
  • kunne planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning i mat og helse for elevar på 1.-7. årssteg
  • kunne tilrettelegge ei undervisning for elevar med ulike behov
  • ha gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i faget og rettleie elevar i deira utvikling av fagspråk
  • kunne bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar
Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studenten

  • syne eit reflektert forhold til kosthald og kosthaldsplanlegging i høve ulike grupper
  • kunne tenke systematisk kring matlaging og eksperimentering med mat med utgangspunkt i kunnskap om næringsstoff og matvarer
  • kunne reflektere kring undervisning og læring i skulefaget Mat og helse, skulemåltid, og Mat og helse som ramme for tverrfagleg læringsarbeid
  • syne eit kritisk og reflektert forhold til mat og helse slik ein møter det i samfunnet i høve offentlege og private aktørar (t.d. helsevesen, media, handel og marknadsføring)
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsformene vil vere varierte; til dømes demonstrasjon, laboratoriearbeid, stasjonsarbeid og matlaging. Canvas vert nytta som arbeids- og kommunikasjonsreiskap både for lærar og student, og er såleis ein integrert del av undervisninga. Det er obligatorisk frammøte til all undervisning.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §7-3.

 

Arbeidskrav:

  • Studentane skal skrive dokumentasjon/refleksjonsnotat etter kvar av dei omlag 20 praktiske øktene. Omfang 1-2 sider for kvar økt. Dette samlast i ei mappe og leverast som arbeidskrav.
  • Studentane skal gjennomføre eit rettleidd temaarbeid i gruppe som skal resultere i ein digital presentasjon som vert lagt fram i plenum
  • Studentane skal gjennomføre ei skriftleg forprøve på tre timar knytt til pensumlitteraturen. Denne vert gjennomført i samband med undervisninga og må vere godkjent for å få gå opp til eksamen. Dersom ein ikkje får denne godkjent første gongen vert det høve til eit nytt forsøk.
  • Ei rettleidd og vurdert praksisperiode inngår som integrert del av studiet. Studentar som ikkje skal ha praksis skal i staden gjennomføre eit kompensatorisk skriftleg arbeid med omfang ca. 700-1000 ord per student. Dette kan óg innebere noko obligatorisk frammøte.

Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjort i semesterplanen.

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Kari Ryslett
Ammar Eltayeb Ali Hassan
Studieavgift

Ingen.

Materialavgift

Kr. 900,-

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Mat, kosthald og helse 1-7/5-10
  • Matkultur og helse 60 stp.
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individuell
25 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Praktisk-teoretisk eksamen. Eksamen vert gjennomført individuelt og varer i om lag 25 minutt per student.
Godkjent av: 
Anne Øie