Lær av ein av verdas ypparste fotografar

Tekst: Per Straume , Foto: Tanja Pfoehler

- Oppdatert

Studiestart januar 2020: Han har teke bilde som har satt spor etter seg i verdshistoria. På Høgskulen i Volda deler Stuart Franklin av sin breie kunnskap i vidareutdanninga Documentary Photography.

Med det tilbyr Høgskulen i Volda ei vidareutdanning som set dokumentarfotoet i fokus, med ein av verdas beste i faget som lærar – engelskmannen Stuart Franklin. Han står mellom anna bak det ikoniske fotoet av den vesle mannen som prøver å stoppe ei lang rekkje med stridsvogner, under massakren på Den himmelske freds plass i Beijing i 1989. Franklin har vunne ei rekkje prisar, skrive ei rekkje bøker, han har jobba i felten under store verdshendingar som sveltkatastrofen i Sudan, borgarkrig i Libanon, han var på Heysel stadium i Brussel og mykje meir. Han har arbeidd for Time Magazine og National Geographic. Franklin er medlem av Magnum Photos – ein høgt rangert bildebyrå for dei beste fotografane i verda.

Documentary Photography er eit emne som tek til i januar 2020, går over eitt semester og tel 30 studiepoeng. Undervisninga er organisert som ein kombinasjon av forelesingar, seminar og rettleiing som vil gå føre seg gjennom fem samlingar á fire dagar.

Les meir om Documentary Photography og søk her.

Grunnleggande og avanserte ferdigheiter

Historiefortellinga står sentralt når Franklin sjølv skal trekke fram kva ferdigheiter studentane skal tileigne seg gjennom vidareutdanninga.

– Studentane skal lære grunnleggande og avanserte ferdigheiter i visuell historiefortelling, inkludert teknikkar for planlegging, utforming og presentasjon av arbeidet for ei rekke forskjellige bruksområder. Studentane skal lære å undersøke kritisk fotografering og visuelle medium slik at dei etterpå er i stand til å utføre mange verdifulle roller i samfunnet. Då startar vi med prosjektleiing, for å øve på leiarroller innan fotografering og breiare visuelle medium. Det teoretiske og praktiske grunnlaget for arbeid i den profesjonelle verda av dokumentarsjangeren er dekt i dette kurset, seier Franklin, som har vore medlem av den anerkjende fotografiske organisasjonen Magnum Photos sidan 1985, der han også var president frå 2006 til 2009.

 

 

Vidareutdanninga er mynta på dei som vil dokumentere hendingar og livet gjennom kameralinsa. Det er eit kurs som er nyttig for pressefotografar spesielt, men også portrettfotografar og dei som elskar å fotografere, men som kanskje manglar formell kompetanse på fotografi. Dette er også ein sjeldan sjanse til å få nye impulsar, utfordre seg sjølv som fotodokumentarist og lære svært mykje.

Beundrar læraren

Kishore Gajendra leverte eksamen i Documentary Photography våren 2019. Han lærte mye av den engelske toppfotografen.

– Å jobbe med Stuart var eit privilegium. Etter få møte behandla han meg som ein ven og gav meg ærlege tilbakemeldingar om fotograferinga og prosjektet mitt. Både kjenslemessig og praktisk var Stuart der for meg når eg trong han. Han har ein måte å undervise på som eg beundrar. Han er ærleg, rett på sak og oppfordrar deg til å bli betre og betre. Han hjelpte meg også med å strukturere den skriftlege masteroppgåva mi, som var til stor hjelp. Når du jobbar med Stuart, får du eit glimt av korleis sinnet til ein dokumentarfotograf fungerer. 

Eksamensprosjekt i India

Gajendra dokumenterte arbeidsforholda til dei tilsette ved store fabrikkar i heimlandet India som produserer klede til europeiske merkevare. – Det eg fann ut sjokkerte meg og kasta lys på korleis aukande forbruk i Europa påverkar arbeidarane i India. Barnearbeid, fysisk mishandling, seksuell trakassering, lang arbeidstid, ekstremt dårleg lønn, ekstremt dårlege levekår og ulovlege kontraktar mellom europeiske merkevare og indiske fabrikkar, brot på miljøpolitikken var nokre av aspekta ved motebransjen som eg oppdaga gjennom prosjektet, fortel Gajendra.

Han lukkast godt med prosjektet sitt og har fått mykje ros for det gode og viktige arbeidet. Indaren, som har slått seg ned i Volda, er glad han tok emnet med Stuart Franklin.

– Eg har fått eit glimt av den kompliserte dokumentaren si verd og innverknaden den kan ha på samfunnet. Eg fekk også utforske kameraet mitt til det fulle og bli ein betre fotograf. Gjennom kurset lærte eg også kva som lager ein dokumentar og korleis eg kan fortelje historier gjennom denne forma for visuell historieforteljing.

Tek erfaringa i bruk

Franklin har premiering frå World Press Photo Award, og har ei lang og innhaldsrik karriere bak seg. Den inneheld alt ifrå tøffe krigssituasjonar til dei meir oppdagande opplevingane i naturen. Det ønsker han at studentane skal nyte godt av.

– For det første, eg vil aldri gi studentane mine ei praktisk oppgåve som eg ikkje har gjort i mitt profesjonelle virke mange gongar sjølv. Mi erfaring vil hjelpe studentane til å tenke gjennom potensielle problem før dei oppstår, og dermed gi dei ein betre sjanse til å lukkast. For det andre, eg er i stand til å bruke mi erfaring til å vise kor vellukka fotografiske essays er gjennomført: rolla det har for innovasjon og eksperimentering, belysning og skaffe tilgang på feltet. Til slutt forklarar eg korleis det ferdige arbeidet er redigert og klargjort for publisering.

Del på