Overnaturleg bra omvising

Tekst: , Foto: Daniela Elvebakk Mala

- Oppdatert

Gjennom emnet "Forteljing og formidling" får teater- og drama-studentar ved Høgskulen i Volda ei meir yrkesretta utdanning. Ein viktig del av emnet er museumsformidling, noko studentane fekk øve på med tredje klasse ved Øyra skule som publikum.

– Vi har jobba hardt for å gjere teater- og dramautdanninga meir yrkesretta, og da ser vi på museumsformidling som ein kjempeviktig del av det, seier høgskulelektor ved Høgskulen i Volda, Hege Holmqvist Synnes. 

Faget har som mål å kombinere forteljarkunst og skodespel for å skape gode munnlege formidlarar som kan jobbe blant anna som museumsomvisarar. Men det er noko som krev mykje øving. 

– Utfordringa i dag er at mange ynskjer kjappe løysingar, men dei finst ikkje i forteljing, seier Synnes. 

Skattejakt, eventyr og likestillingshistorie

Studentane var delt i fire grupper som kvar hadde sitt opplegg rundt om på museet. Og i løpet av to og ein halv time var elevane innom dei ulike stadane, der dei fekk oppleve alt frå skattejakt, til eventyrkonkurranse og ein historietime i likestilling. Kvar studentgruppe fekk i oppgåve å skape liv i husa, men dei fekk sjølv velje kva og korleis dei ynskja å formidle sitt bodskap. 

– Det var artig å levere meg sjølv som produkt, og gje ungane eit anna inntrykk av kva museum kan vere, fortel Kristine Lerdahl som går årsstudium teater og drama. 

Bestemor ved eldstaden

Bestemor (student Kristine Lerdahl) sit ved eldstaden og følgjer med.

Lerdahl spelte ei gammal bestemor som satt ved eldstaden og høyrde på korleis resten av familien fortalte om korleis dei levde på 1800- og 1900-talet, men som brått avbraut dei andre og fortalde om den gongen då feite onkel Harald satt fast i likluka. 

"Barnebanet" hennar, Eirik Sætre Hove, studerer òg årsstudium teater og drama. Han syns det var lærerikt å heile tida måtte tilpasse seg publikum.

– Ungane var veldig forskjellige, og dei hadde ofte ulike reaksjonar. Nokre var ivrige medan andre såg ut som om dei sovna! Så når andre fortalte og snakka, prøvde eg å reagere så det skulle verte lettare for elevane å reagere òg. 

Fornøgde deltakarar

Sjølv om elevane var snare å avsløre skrøner og eventyr, var stemninga god. Både skattejakt og eventyrkonkurranse fikk fram engasjementet til ungane. 

Det var veldig gøy og eg lærte mykje.

Håvard Humberset Dypviken (tredje klasse)

Ein annan fornøgd tilskodar var Raymond Corrado Knutsen, høgskulelektor ved Høgskulen i Volda. Han hadde ansvar for gruppa som hadde historietime i likestilling. Han blei overraska da fleire gutar meinte at menn ikkje kunne vere jordmor eller skifte bleier. 

– Det viser kor viktig det framleis er å snakke om dette.

Han blei derimot veldig positivt overraska over jentene sin respons på historietimen. 

– Det var veldig tydeleg at det gjekk opp eit lys for jentene, sjølvsagt kan dei bli akkurat det dei vil! Forhåpentlegvis skapar dette ein heit debatt i skulegarden no, smiler ein veldig fornøgd Knutsen. 

Del på