Nyttårskonsert med flotte soloinnslag

Tekst:

- Oppdatert

Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda ligg i hardtrening – ikkje til OL, men til den tradisjonsrike Nyttårskonserten som går av stabelen på Berte Kanutte-huset laurdag og søndag 27. og 28. januar. 

Orkesteret fylte i haust 70 år men er langt frå å kjenne seg som pensjonist. I denne konserten er det nettopp dei yngre kreftene som byr på fine musikkopplevingar med soloopptredenar. 

Solveig Kolstad Lien, student på bachelorstudium i musikk ved høgskulen, vil synge den kjende Vilja-arien frå Den glade enkje av Franz Lehár. Eskild Backer Borgan, også musikkstudent, er solist på Leroy Anderson sitt stykke The Typewriter, og brukar som instrument ei Remington skrivemaskin frå 1950-talet. Xylofon står sentralt i Sverddans av Katsjaturian, og her er det student Lars Olav Mauset som tek utfordringa. I tillegg vil Luis Calm Vidal, ein ung musikar som har samarbeidd med orkesteret ved fleire høve, vere solist på det meliodiøse hovudtemaet frå filmen The Mission, Gabriels obo. 

På programmet elles er det flott musikk som høver ein sprudlande start på nyåret, mellom anna av Tsjaikovskij, Sibelius, Elgar og Strauss. Dirigent under konsertane er Elizabeth Oltedal, førstelektor ved musikkseksjonen. 

Konsertane startar kl. 19.00 begge dagar, dørene opnar kl. 18.15.

Les meir om arrangementet på Facebook.
 

Del på