Nye kalkylar for mediebygget

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Gjennom eit brev og i eit møte måndag 30. oktober presenterte Statsbygg nye kalkylar for det nye mediebygget for Høgskulen i Volda (HVO) og Volda kommune.

Etter at dei nye kalkylane er klare, tilrår Statsbygg at arealet for kulturbygget (kultursal og visningssal) ikkje lenger bør inngå i prosjektet.

– Vi har hatt eit godt samarbeid med Volda kommune i dette prosjektet. Vi ser at kostnadane for kulturbygget er høgare enn det kommunen har signalisert som si øvre grense, og at ordføraren meiner det ikkje er realistisk å vere med i prosjektet lenger. Vi synes det er leit dersom det ikkje blir noko av, men har forståing for kommunens syn på saka. Men vi skal framleis vente på handsaminga i Kommunestyret i slutten av november, seier Karen Lomeland Jacobsen, direktør ved HVO.

Dei nye kalkylane tek inn i seg eit nytt rom- og funksjonsprogram som vart utarbeidd i første halvår 2017, i tett og godt samarbeid med HVO og Volda kommune. Kalkulasjonsrenta – renta som Statsbygg må legge til grunn i prosjektet er bestemt av regjeringa og gjeld for alle hus Statsbygg skal føre opp – er på 7,4 prosent og dermed relativt høg.

– Kultursalar er forholdsvis kostbare å bygge mellom anna på grunn av takhøgd og omsyn til akustikk. Det er først no Statsbygg har fått full oversikt over kva som skulle reknast inn i prosjektet og dermed fått full oversikt over kostnadane, seier Lomeland Jacobsen.

Tala i kalkylen frå Statsbygg bygger på det største alternativet for kulturbygget, men dei skriv at det er lite å spare på å gå ned i storleik.

HVO har tidlegare i prosjektfasen gått gjennom sitt behov for kulturdelen i bygget og konkludert med at det ikkje er veldig stort. HVO er villig til å dekke 1 million kroner årleg av husleiga til denne delen av bygget.

Høgskulen held fram med arbeidet med det nye mediebygget, og vil realisere det sjølv om det skulle vise seg at kulturdelen vert tatt ut av prosjektet.

Del på