Erfaringsutveksling med kjend skodespelar

På fredag fekk drama- og musikkstudentar på høgskulen besøk av den kjende skodespelaren Svein Tindberg. Han er i desse dagar aktuell med den musikalske forteljinga ”Andvake”, basert på ein roman av Jon Fosse. Det var ein jordnær og imøtekomande Tindberg som fredag delte erfaringar og tips med studentane.

Sist torsdag var studentar frå drama/teater og musikk i Ulsteinvik for å sjå "Andvake", som er ei musikalske forteljing med Svein Tindberg som forteljar og Benedicte Maurseth som hardingfelespelar.  Taran Eide Bergsland studerer drama/teater, og han likte framføringa av stykket svært godt.
– Det var ei god oppleving. Eg har aldri før sett gammal forteljartradisjon der ein forteljar går inn i alle rollene. Svein Tindberg formidla rollene på ein enkel måte, samstundes som det er avansert og ei fantastisk oppleving å vere publikum. Det var berre to personar på scena under heile førestellinga. Benedicte Maurseth med fele og song vart fletta inn som jenta i stykket, utan eigentleg å vere det.

977287c0983990f32209793675df4ddbc65202cd
Skodespelar Svein Tindberg og høgskulelektor Sigrun Meisingset saman med studentane i teatersalen.

d3b5d94af5c14cd5e0dd04c6b4082952b30f471a
Engasjerte og interesserte drama- og musikk studentar møtte for å utveksle erfaringar med Tindberg.


Kjend stemme
Det var ein gjeng spente studentar som venta på skodespelar Svein Tindberg, og han fann tonen med studentane straks han kom inn i teatersalen. Noko av det første han gjorde, var å ta studentane med på ei reise i fortida. 
– Lat att augo dykkar og tenk tilbake til barndommen. Med  mjuk og djup stemme seier han: "Det var sommar i Mummidalen ..."
– Ååå, seier studentane i kor og ler.

Svein Tindberg fortel kvifor han har valt å formidle Andvake som ei musikalsk forteljing.
– Målet mitt var å lage ei sær oppsetjing, og då er ein roman av  Jon Fosse eit godt utgangspunkt. Mange av dykk sit her med ønske om å bli skodespelarar eller ser for dykk ei framtid innan kunst. Det er spennande for meg vere her, og eg vil gjerne svare på spørsmål frå dykk.

Lærevillige studentar
Drama- og musikkstudentane var ikkje vanskelege å engasjere, og ein etter ein stilte dei spørsmål til Tindberg. ­– Korleis klarer du å snakke i ein og ein halv time utan å drikke vatn? Kven er eigentleg forteljaren? Korleis handterer du tekniske nervar?

Svein Tindberg tok seg god tid til å svare.
– Det er ikkje estetisk riktig å drikke vatn undervegs i framføringa av dette stykket, og eg klarer meg utan når eg må. Dette med forteljarrolla er eit viktig spørsmål. Er det Svein Tindberg eller Jon Fosse? I denne forteljinga er det Svein Tindberg som er forteljar, med tydelege brytningar i replikk og forteljing. Det er vanskeleg å formidle Jon Fosse til punkt og prikke slik som det står i manus. Det er ikkje min tekst, men mi forteljing, og eg prøver å fjerne eigen angst ved å tenkje på at eg skal fortelje ei lita historie, og deretter neste historie. Eg kan ikkje tenkje på at eg skal framføre noko i over ein time.

Del på: