Studer Estetiske fag, kunst og musikkfag!

   

Studer Estetiske fag, kunst og musikkfag!

Avdeling for kulturfag har eitt av dei breiaste kulturfaglege miljøa på bachelornivå i Noreg. Her kan du gjer alt frå å lage skulpturar til å spele teater eller musikk på scena, og få tett oppfølging frå engasjerte lærarar.

Her er eit utval av utdanningane vi tilbyr:

Design, kunst og handverk (årsstudium)

Design, kunst og handverk (bachelor)

Musikk (årsstudium)

Musikk (bachelor)

Teater og drama (årsstudium)

Teater og drama (bachelorgrad)

Gode grunnar for å studere estetiske fag, kunst og musikkfag i Volda

Lærarar: Lærarane er svært engasjert i di faglege utvikling og hos dei står døra open for studentane. 

Fasilitetar: Vi har godt utstyrte verkstadar og øvingsrom som nyleg er oppussa og i topp stand. Desse har du som student tilgang til døgnet rundt.

Utveksling: Som student ved estetiske fag, kunst og musikkfag kan du ta delar av utdanninga i utlandet. Vi rår mellom anna til utveksling til våre samarbeidsinstitusjonar i Australia, Storbritannia , USA, Irland, Latvia og New Zealand. Sjå kor du kan reise.

Verdas beste studiemiljø: Å vere student i Volda gir deg opplevingar og vener for livet! Les gjerne meir om dette og sjå intervju med noverande og tidlegare studentar under.