Suverent mest forsking i Volda
Av dei tre Høgskulane i Møre og Romsdal blir det forska suverent mest i Volda. Dette går fram av Norsk samfunnsvitskapleg datateneste sine tal for 2004.
Målt etter forskingsinnsats og publisering av forskinga, er det enorme skilnader mellom dei tre høgskule i Møre og Romsdal. Omrekna til såkalla UHR-poeng har Høgskulen i Volda ein forskingsaktivitet tilsvarande 51,8 poeng, medan Høgskolen i Molde får 20,9 poeng og Ålesund berre 3,8 poeng. Av alle dei statlege høgskulane i landet er det berre ved høgskulane i Nord-Trøndelag og i Harstad det blir forska mindre enn i Ålesund.
Nøgd Volda-rektor
Rektor Gunnar Stave ved Høgskulen i Volda er svært godt nøgd med tala.
- Høgskulen i Volda har ein sterkare forskingstradisjon enn mange andre statlege høgskular. Vi representerer DH-tradisjonen der forskinga heile tida har vore høgt prioritert. Dette gjer at vi i dag har eit tungt fagmiljø med høg kompetanse og mykje forsking, seier han.





