Seminar: Utdanningsreformene på 90-talet

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Tid: onsdag 2. desember, kl 10.00 - 14. 30
Stad: seminarrom 158 i Berte Kanutte-huset

Program:

kl 10.00 - 11.00: "90-tallsreformene - et regimeskifte?" ved Alfred Oftedal Telhaug

kl 11.00 - 12.00 Diskusjon

kl.12.00 - 12.30 Pause

kl.12.30 - 13.30 "Ny grunnskule - ny lærarutdanning. Kva, korleis og kvifor?" ved
Sylvi Stenersen Hovdenak

kl 13.30 - 14.30 Diskusjon

Alfred Oftedal Telhaug er førsteamanuensis ved pedagogisk institutt NTNU, Trondheim. Han har
forska på norske, men også internasjonale skulereformer. Og som utdanningsforskar på det
skulehistoriske fagfeltet har Telhaug trekt opp dei historiske linjene og deltatt i debatten om dei
norske skulereformene i ei årrekke. I 1997 gav han ut ei ny bok "Utdanningsreformene - oversikt
og analyse". Telhaugs grep er i mange arbeid at han tar utgangspunkt i skulehistoriske hendingar i
samtida og deretter tar oss med på historiske vandringar. På denne måten bryt han opp vårt
tilvande museumsforhold til fortida og viser nye interessante samanhengar. På dette seminaret vil
han også trekke opp historiske linjer i sitt innlegg. Han stiller spørsmålet "90-tallsreformene - et
regimeskifte?"

Sylvi Stenersen Hovdenak er førsteamanuensis ved Institutt for pedagogikk ved Universitetet i
Tromsø. Ho har nyleg skrive doktorgradsarbeidet "Pedagogisk diskurs i 90-åras
utdanningsreformer" som også er under utgiving som bok. I dette arbeidet får Reform 97 spesiell
merksemd og blir analysert med tanke på både sentrale føresetnader og pedagogiske
grunnlagsspørsmål. Hovdenak har vore forskar på prosjektet "Evaluering av Finnmark som egen
utdanningsregion" og hatt ansvar for forsking både i forhold til grunnskule og vidaregåande skule.
På dette seminaret vil ho ta opp samanhengane mellom grunnskulen etter Reform 97 og
lærarutdanninga. Ho stiller derfor fleire spørsmål i sitt innlegg - "Ny grunnskole - ny
lærerutdanning. Kva, korleis og kvifor?"


Del på