Jobbmentor - mentorordning for flyktningar

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Høgskulen i Volda skal saman med Volda læringssenter og konsulentfirmaet Inclusion samarbeide om ei  mentorordning for flyktningar.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har løyvt 300.000,- kroner til prosjektet Jobbmentor, eit mentorprogram for flyktningar i språkpraksis hos verksemder i Volda og andre kommuner på Søre Sunnmøre.  Prosjektet som skal gjennomførast i løpet av 2018, har som formål å vidareutvikle og teste ut programmet som skal gje mentorar i praksisverksemdene meir tryggheit i rollla som mentorar samtidig som det skal gjere det enklare for flyktningane å lære språk og norske arbeidslivskodeksar.

– I 2016 arbeidde dei fire aktørane i pilotprosjektet med dei grunnleggande sidene ved modellen. Modellen skal no vidareutviklast og kvalitetssikrast, og målsetjinga er at fleire kommunar på Sunnmøre skal prøve ut modellen. I tillegg skal Høgskulen i Volda i årets prosjekt kartlegge og undersøke samarbeidet mellom NAV og kommunane i introduksjonsprogrammet. Vi skal særleg sjå på korleis overgangen mellom introduksjonsprogrammet og tiltak i NAV fungerer for flyktningar som ikkje når målet om arbeid eller utdanning etter avslutta introduksjonsprogram, seier førsteamanuensis Alf Roger Djupvik ved Høgskulen i Volda.

Stipendiat Erlend Walseth og førsteamanuensis Alf Roger Djupvik ved Avdeling for samfunnsfag og historie har prosjektleiaransvaret.

Del på