Inngått kontrakt på 5,3 millionar kroner

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

6cd8648aa99d702b0a3a1515680d4a84
Kjell Sindre Tysse (t.v.), leiar i Skodje sogelag og Harald Endre Tafjord, prosjektleiar og førsteamanuensis i historie ved Høgskulen i Volda signerer kontrakta på 5,3 millionar kroner med presse og toppleiing i Skodje kommune til stades.

Skodje sogelag har arbeidd i to-tre år for å planlegge ei allmennsoge om kommunen. Torsdag landa dei avtalen med Høgskulen i Volda (HVO) som skal resultere i to bind om kommunen innanfor Ålesund.

Tommel opp frå ordførar og rådmann

Til stades under møtet var i tillegg til representantar frå sogelaget, både ordførar, rådmann og kulktursjef i kommunen. Kommunen går inn med vel 2 millionar kroner i prosjektet.

– Når historikarar skal skrive slike bøker åleine er rammene ikkje ofte like stramme med tanke på kvalitet og tidsperspektiv. Professor Atle Døssland ved historisk institutt var med på å utvikle prosjektskissa. Det solide inntrykket som høgskulen ga i planleggingsfasen var utslagsgjevande for at eit samrøystes kommunestyre stemte for å gjennomføre prosjektet. Både ordførar og rådmann uttrykte under pressemøtet at det var avgjerande at høgskulen kunne stille garantiar for kvalitet og framdrift i prosjektet, fortel seniorrådgjevar ved Avdeling for samfunnsfag og historie ved HVO, Bjørn Gunnar Tafjord.

Brei kompetanse

Førsteamanuens Harald Endre Tafjord skal leie prosjektet, medan det er høgskulelektor Harald Krøvel frå HVO og Eldar Høidal frå Sunnmøre Museum som skal skrive verket. Høidal er leigd inn av Høgskulen i Volda i ei treårsperiode. Det er også sett ned ei referansegruppe ved historisk institutt som saman med prosjektleiar skal følgje opp arbeidet og syte for framdrift og kvalitet i nært samarbeid med Skodje sogelag.

– Fordelen vår i eit slikt prosjekt er at vi er eit heilt fagmiljø med brei kompetanse. Det er få miljø som har kompetanse til å skrive ei allmennsoge frå forhistorisk tid og fram til i dag, men vi har fagfolk som har ekspertise frå alle periodane som forfattarane skal dekke. Det vil vere med på å heve kvaliteten på arbeidet, meiner prosjektleiar Tafjord.

Utvida prosjektet

Skodje kommune vil frå seinast 1. januar 2020 slå seg saman med Haram, Sandøy, Ørskog  og Ålesund kommunar. Difor er tidspunktet for å få på plass ei allmennsoge no ideelt. Kåre Beite, prosjektleiar for Skodje sogelag, ser fram i mot at ein kjem i gang med prosjektet i oktober 2017.

– Vi i Skodje sogelag har jobba med å planlegge ei allmennsoge i to-tre år allereie. I starten såg vi for oss to årsverk, men etter ei grundig vurdering frå Høgskulen i Volda, historisk institutt, Sunnmøre og Ålesund museum, har vi kome fram til at det er behov for fire årsverk for å fortelje historia om Skodje, frå istid til notid, seier Beite til Sunnmørsposten.

skodje2_620.jpg
Frå venstre: Kåre Beite prosjektleiar Skodje sogelag, Harald Krøvel forfattar Høgskulen i Volda, Kjell Sinde Tysse leiar i Skodje sogelag, Eldar Høidal forfattar Høgskulen i Volda, Harald Endre Tafjord prosjektleiar Høgskulen i Volda og Magne Fylling kultursjef Skodje kommune. Bente Glomset Vikhagen rådmann i Skodje kommune og Dag Olav Tennfjord ordførar i Skodje kommune var også med på pressemøtet.

Kan bli meir i framtida

Harald Krøvel skal skrive det første bindet som tek for seg førhistorisk tid og fram til 1902 då Skodje vart eigen kommune, medan Eldar Høidal skal skrive om det som har hendt frå 1902 og fram til i dag. Det vil bli lagt mest vekt på dei siste 200 åra.

Prosjektleiar Harald Tafjord er stolt på vegne av historiemiljøet for at dei har fått i hamn eit så stort og prestisjefullt prosjekt. Det er allment kjent at historiemiljøet i Volda har eit godt og solid fagmiljø som kan ta på seg store prosjekt av denne karakter.

– Dette er absolutt veldig gledelig! Vi har fått i hamn ein svært god avtale som vil gje oss mange erfaringar dei næraste åra. Eit slikt prosjekt vil også kunne generere fleire oppdrag i framtida. Ein skal ikkje sjå vekk frå at det også er andre kommunar som ynskjer seg ei allmennsoge, både dei som skal inn i nye storkommunar og dei som skal halde fram åleine.

– Det er mogleg at vi kan vi få til fleire slike prosjekt i framtida. Det håpar vi på, avsluttar Harald Endre Tafjord og Bjørn Gunnar Tafjord.

Manuskriptet skal vere forlaget i hende seinast 1. desember 2020.

Del på